Dette er å gå langt tilbake i tid, meiner nokon, som samanliknar avdelinga med då ein hadde ei jentehylle og ei gutehylle på barneavdelinga.
"Mest for menn" - open for alle
Per Ola Stavseth.
Foto: Aina Rødal / NRKBibliotekgjengar Per Ola Stavseth meiner det må vere greit å ha ei slik avdeling.
- Det høyrest bra ut, vi må ha litt vi mannfolk også, seier han.
"Mest for menn" betyr ikkje at bokkroken er forbode for kvinnene, seier Stavseth.
Les også:
Og det er avdelingsleiar for Ålesund bibliotek Signe Thoresen einig i. Ho fortel at dei har diskutert korleis dei skulle utvikle denne avdelinga. Thoresen forstår at nokre kan meine at dette er eit steg tilbake i kjønnskampen.
- Det som er intensjonen vår er at vi skal dele opp samlinga litt. No heiter den "Mest for menn", den er ikkje berre for menn - den er open for alle, seier ho.
- Må vere attraktiv også for menn
Biblioteksjef Mariann Schjeide seier avdelinga med fotball-, bil- og fiskebøker vil bli ståande ei stund, sjølv om dei har motteke klager.
- Biblioteket er nok femininisert som det er. Det ser vi på utlånstala våre og det vi har lettast for å stille ut.
Schjeide meiner at det er ein grunn til at det er flest kvinner som er brukarar og lånarar. Ho trur at menn ikkje har følt seg så velkomne, og at dette er noko ein må ta på alvor.
- Vi må tenkje at ting må vere attraktivt også for mennene som tek turen, seier ho.
Vil nå fleire
Schjeide seier at når først menn kjem på biblioteket, så låner dei fleire bøker. Det ser også ut til at faglitteratur er meir populert en skjønnlitteratur hos mennene.
- Vi meiner ikkje at dette skal vere ei macho-hylle. Det er berre eit enkelt ynskje om å trekkje til oss fleire brukargrupper.
NRK måtte stenge kommentarfeltet grunna upassande kommentarar.