Hopp til innhold

– Det er ei enorm mental belastning at rettssaker blir utsett

Norske rettssalar har stått tomme i ein månad, og straffesakene hopar seg opp. Bistandsadvokat Gerd Cathrine Haagensen seier dette får alvorlege konsekvensar.

Gerd Cathrine Haagensen

ALVORLEG: Bistandsadvokat Gerd Chatrine Haagensen seier utsette rettssaker er alvorleg for dei involverte.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Bistandsadvokaten i Ålesund skulle i gang med ei 14 dagar lang familievaldssak måndag 16. mars. Fredagen før kom beskjeden om at saka måtte utsettast på grunn av smittefare.

– Det er klart at dette ikkje er ein god situasjon. Dei var førebudde på å møte i retten i ei tung sak. Då blir det ei enorm mental belastning når saka blir utsett, seier ho.

Fare for rettstryggleiken

Haagensen seier utsetting av rettssaker mellom anna kan påverke konfliktar om samvær, og at det vil ta lenger tid enn vanleg for barn å få den kontakta dei skulle hatt med ein av foreldra sine.

– Dette er menneske med alvorlege problem som har venta lenge på å få ei avklaring. Mitt inntrykk er at dei har forståing for situasjonen, men alle har eit sterkt ønske om å komme i gang med saka si, seier ho.

GERD CATHRINE HAAGENSEN

Gerd Cathrine Haagensen held kontakt med klientane sine digitalt i ei vanskeleg tid.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Og bistandsadvokaten er ikkje åleine om å vere uroa. Domstoladministrasjonen meiner det er ein fare for rettstryggleiken at rettssaker blir utsette.

– Ein vesentleg del av rettstryggleiken er at ein får behandla saka si innan rimeleg tid. Dersom saker blir forseinka, svekker det rettstryggleiken, det er det ikkje tvil om, seier kommunikasjonssjef Yngve Brox.

– Svært dramatisk

Domstoladministrasjonen understrekar at sakene framleis vil bli behandla godt, men meiner likevel at det er eit stort problem at dei blir utsett.

Yngve Brox

Yngve Brox

Foto: Stein Lorentzen / NRK

– Situasjonen vil ikkje bli bra igjen før koronaepidemien er over, og då skal vi ta igjen alle sakene som er blitt liggande. Så det er vanskeleg å seie når vi er tilbake til normal drift av domstolane i Noreg, seier Yngve Brox.

For å gjere situasjonen lettare, vedtok regjeringa 27. mars ei midlertidig forskrift som skal gjere det mogleg å gjennomføre fleire saker digitalt. Domstoladministrasjonen ønsker no i tillegg å få løyve til å redusere talet på meddommarar i ein del saker.

Brox seier at dei med dette løyvet vil klare å behandle halvparten av alle sakene dei skulle ha behandla, men at det også betyr at halvparten blir utsette.

– Det blir enorme mengder saker som då hopar seg opp og må bli behandla seinare, og det er klart at det er svært dramatisk. Alvorlege straffesaker ligg og ventar på å bli ferdigbehandla. Det er krevjande både for offera og tiltalte som ikkje kjem seg vidare i livet sitt, seier han.

Kan kome fleire endringar

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Lars Jacob Hiim, seier at dei vurderer fleire endringar for å auke behandlinga av saker.

Vil de opne norske rettssalar igjen no når de opnar barnehagar?

– Dette er eit spørsmål som den enkelte domstol og Domstoladministrasjonen må vurdere, på grunnlag av råd og rettleiing frå smittevernstyresmaktene, seier Hiim.

Har aldri opplevd liknande

Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset i Sunnmøre tingrett er ei av dei som prøver å få gjennomført flest mogleg rettssaker på uvanleg vis no.

Ho er klar på at det er ein krevjande situasjon, og dei har no utsett alle hovudforhandlingar ut april

– Det blei ein brutal endring då vi stengde ned lokala 13. mars og installerte alle tilsette på heimekontor, seier ho.

Kirsti Høegh Bjørneset

Kirsti Høegh Bjørneset

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Alle sakene dei har behandla etter dette har skjedd digitalt eller skriftleg. Sorenskrivaren seier dei førebels klarer å ta unna dei sivile sakene, men at straffesakene hopar seg opp.

– Dette er ein situasjon ingen av oss var forberedt på, men dei tilsette har takla det på ein svært god måte. Vi har fortløpande behandla sterkt prioriterte saker som fengslingar, barnevernssaker og psykisk helsevern, seier ho.

Høegh Bjørneset seier det likevel heilt klart er grunn til å vere uroa for rettstryggleiken i denne situasjonen.

– Samtidig vil eg understreke at vi i alle fall gjer det vi kan for å redusere skadeverknadene koronasituasjonen har påført samfunnet. Det må alle vi som er involverte i rettssystemet ha fokus på, seier ho.