Hopp til innhold

Denne barnehagen må klippe vaske- klutane i to grunna dårleg økonomi

No trugar Molde kommune med ytterlegare kutt i barnehagesektoren. Det får foreldre og barnehagetilsette til å sjå raudt.

Sinte og fustrerte foreldre i barnehagane i Molde starta i dag eit barnehage-opprør. Bakgrunnen er rådmannen sitt forslag til kutt i tilbodet for dei minste. Foreldra meiner nok er nok...

Sinte og frustrerte foreldre i barnehagane i Molde starta i dag eit barnehageopprør. Bakgrunnen er rådmannen sitt forslag til kutt i tilbodet for dei minste. Foreldra meiner nok er nok ...

Vanlege vaskeklutar må klippast i to. For St. Sunniva barnehage i Molde må spare pengar, som éin av mange barnehagar i Molde kommune.

– Dette gjer vi kvar dag. Vi må dele klutane, for vi har ikkje råda til å bruke ein heil klut når vi tørkar ungane.

Lena Røvik er fagarbeidar i barnehagen. Med fleire kutt på barnehagesida blir det ikkje mykje vaskeklut att på kvar unge.

Bratteberg og Danielsen

Kennet Bratteberg og Irene Danielsen er forbanna på Molde kommune. Dei meiner der ikkje er rom for fleire kutt i barnehagane.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Kuttforslaget sett sinnet i kok

I dag starta sinte og frustrerte foreldre i Molde eit barnehageopprør.

Bakgrunnen er rådmannen sitt forslag til kutt i tilbodet for dei minste.

Molde kommune er allereie éin av dei kommunane i landet som brukar minst per unge. No har rådmannen foreslått å kutte ytterlegare 3,2 millionar kroner.

Det har fått foreldrerepresentantane i byen sine barnehagar til å sjå raudt.

– Vi er uroa for framtida til borna våre. Dette går mykje ut på kva politikarane har vedteke før. Alt som har blitt sagt før er tomme løfter, meiner Irene Danielsen, FAU-leiar i Molde-barnehagane.

Saka held fram under bildet.

Barnehageopprør i Molde

Foreldre i Molde-barnehagane var tydelege på kva dei meinte om Molde kommune sine budsjettforslag.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det blir aksjon

Danielsen er klar på at kutta ikkje blir godtekne. Den 4. desember, på siste formannsskapsmøtet før budsjettet blir vedteke, skal foreldre møte opp.

– Då blir det aksjon på rådhusplassen. Vi skal samle saman flest mogleg foreldre og ytre vår meining om forslaget til budsjettkutt.

For konsekvensen av mindre pengar til barnehagane kan bli kortare opningstid, sommarstengte barnehagar og færre vikarar.

– Arbeidsgjevarar vil få foreldre som må kome 15–20 minutt for seint på jobb, og som tilsvarande går for tidleg på ettermiddagen, meiner Kennet Bratteberg, representant i foreldreutvalet for Kvam barnehage.

Tore Hagset

Tore Hagset meiner Molde kommune må ta tak og satse meir på barnehage.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Allereie marginal bemanning

For kutta vil råke mange. Utan vikarar vil det gå utover dei tilsette.

– Vi vil ikkje kutte. Det går ikkje. Vi har allereie marginal bemanning, og vi har fått mange nye småborn i barnehagane dei siste åra. Utan at bemanninga har auka.

Det seier Mari Lund Johannessen, einingsleiar for Kvam og St. Sunniva barnehage.

For Tore Hagset, FAU-leiar i Lillekolle barnehage, er meldinga til Molde kommune tydeleg.

– Dersom vi har eit mål om å nå 30.000 menneske, så må barnehage satsast hardt på!