Hopp til innhold

Prostituert arrestert saman med sexkunde i Ålesund

Ei prostituert kvinne i tjueåra vart i går kveld arrestert av politiet då ho var saman med ein kunde. Kvinna vart tatt med til politistasjonen på grunn av ulovleg sexhandel.

Illustrasjonsfoto prostitusjon

Den norske lov opplyser at det er forbode gjennom offentleg kunngjering å tilby, formidle eller spørje etter prostitusjon. Dette er eit illustrasjonsbilete.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Då klokka nærma seg halv ti laurdag kveld vart ei russisk kvinne arrestert av politiet på grunn av ulovleg sexhandel. Den prostituerte kvinna vart oppdaga på eit hotell i utkanten av Ålesund saman med ein mannleg kunde.

Annonserte på nett

Arnt Erik Oust

Politiadvokat, Arnt Erik Oust, trur at det finst svært mange prostituerte som annonserer om seksuelle tenester som ikkje vert arresterte.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Kvinna, som er frå Russland, vart arrestert fordi ho annonserte for sex på nettet. Ifølgje det norske lovverket er det lov å selje seksuelle tenester, men det er ikkje lov å annonsere om det. Det er heller ikkje lovleg å kjøpe sex.

– I Noreg er det ulovleg å kjøpe seksuelle tenester. Det er lov å selje dette, men forbode å tilby, i form av annonsering og liknande, seier politiadvokat ved Sunnmøre politidistrikt, Arnt Erik Oust.

Byprega prostitusjon

Politiadvokaten fortel at det finst mange slike tilfelle.

– Mange prostituerte flyttar frå stad til stad, og har derfor ikkje ein fast bustad. I dette tilfellet vart kvinna tatt med til stasjonen fordi vi var usikre på identiteten hennar, seier Oust.

Oust opplyser at kvinna hadde fått betalt for tenestene då dei kom til staden. Eit stort beløp vart inndratt av politiet.

– Ein må enten drive med diamantar eller stoff for å tene så mykje pengar på kort tid, seier politiadvokaten.

Bøtelagt for sal

Einar Rostad, operasjonsleder Sunnmøre politidistrikt

– Den prostituerte kvinna vart bøtelagt for sexannonsering på nettet, opplyser Einar Rostad ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Einar Rostad, opplyser at kvinna vart bøtelagt.

– Den prostituerte kvinna vart bøtelagt for sexannonsering på nettet. I tillegg fekk den mannlege kunden i trettiåra bot for sexkjøp, seier Rostad.

Politiadvokaten trur at det finst svært mange prostituerte som annonserer om seksuelle tenester som ikkje vert arresterte.

– Det finst nok mange som ikkje vert tatt. Dei aller fleste flyttar frå by til by, og er derfor vanskelegare å få tak på, fortel Oust.

Fleire vert arresterte

Sexannonser på internett

Mange prostituerte annonserer for seksuelle tenester gjennom slike nettstader.

Foto: Skjermdump

Det finst mange slike tilfelle i Ålesund. I juli vart ei tysk, prostituert kvinne arrestert ved Sjømannsveien i Ålesund.

– Kvinna blir meldt for annonsering av seksuelle tenester, og ho må betale eit førelegg på 12.000 kroner, sa operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Johan Arnt Overøye, til NRK den 20. juli.

Dette seier den norske lov om prostitusjon

Den norske lov opplyser at det er forbode gjennom offentleg kunngjering å tilby, formidle eller spørje etter prostitusjon. Dette straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader. Loven forklarar at offentleg kunngjering betyr at alle former for annonsering på internett, i aviser og blad, plakatar og liknande er ulovleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL