Hopp til innhold

Ankesaka til Øvrelidsøskena er i gang

Tysdag starta ei ny rettsrunde i Øvrelidsaka der fem søsken krev erstatning frå Hareid og Ulstein kommunar fordi dei meiner barnevernet ikkje gjorde nok då dei vaks opp i ein valdeleg heim på 60-, 70-, og 80-talet. Dei to yngste søskena fekk erstatning frå kommunane i førre runde i Frostating lagmannsrett, men ikkje dei tre eldste. Høgsterett oppheva seinare dommen som gjaldt dei tre eldste søskena. Dermed blir dette erstatningskravet tatt opp i lagmannsretten på nytt i åtte dagar før og etter påske. Retten skal også ta stilling til erstatningskravet frå alle fem for brot på Den Europeiske menneskerettskonvensjonen, EMK.

Øvrelidsaka i Frostating lagmannsrett 19. mars 2023
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga