Hopp til innhold

Sjokkert ordførar ber Listhaug snu

Sunndalsordførar Ståle Refstie (Ap) er skuffa over at asylmottaket vert lagt ned. Han meiner regjeringa må gjere om på vedtaket. Uaktuelt, er svaret frå regjeringa.

Sunndal asylsøkermottak

UDI har sagt opp avtalen med asylmottaket i Sunndal. Mottaket blir lagt ned ved årsskiftet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Asylmottaket i Sunndal er eit av dei største i landet og vart starta for første gong i 1988. Torsdag vart det kjent at UDI legg ned mottaket, saman med fem andre fordi det ikkje lengre er behov for mottaksplassane. Sunndal kommune har blitt rekna som ein av landets beste på integrering.

– Eg blir ganske sjokkert og også deprimert. Vi har fått beskjed om at mottaket for einslege mindreårige vart lagt ned. Vi venta ikkje at heile mottaket skulle leggast ned, seier ordførar Ståle Refstie.

UDI har sagt opp avtalen med Sunndal kommune med verknad frå årsskiftet. Til saman forsvinn det 640 mottaksplassar då og UDI står att med ca. 6600 plassar. På det meste hadde Noreg om lag 39 000 mottak og akuttplassar vinteren 2015/2016, ifylgje UDI.

Får skryt for integrering

Ståle Refstie

Ordførar Ståle Refstie (Ap) meiner regjeringa må gjere om nedleggingsvedtaket.

Foto: Roar Halten / NRK

Refstie forstår at UDI må legge ned mottak som ein naturleg konsekvens av at asylstraumen har blitt mindre, men meiner det er viktig å ta vare på den kompetansen som er bygt opp kring integrering og flyktningmottak. Han viser til at kommunen har 30 års erfaring med asyldrift og at dei driv bra. Frå regjeringa har dei fått skryt av korleis flyktningane har blitt integrerte.

– Det er litt uforståeleg at UDI slår ein strek over innsatsen vår. Ikkje minst fordi vi har vore fleksible når det gjeld beredskapen. Vi har hive oss rundt når dei har trengt fleire plassar og redusert når dei trengde mindre, seier Refstie. Han trudde at Sunndal kom til å bli skjerma mot nedlegging, fordi han har forstått at dei som er gode på asylmottak, skulle få halde fram.

Må flytte

Dagleg leiar ved asylmottaket, Tore Vaagen, seier at blant dei tilsette er reaksjonane blanda. Nokre har venta på at det skulle skje, fordi mange andre asylmottak har blitt lagt ned. Andre er sjokkerte. Mottaket har 35 tilsette.

– Vi reknar med at det vert færre og færre bebuarar dei nestre tre månadane. Vi har ikkje rukke å informere dei som bur her, seier Vaagen.

Bente Mosbakk er leiar for innvandrartenesta i Sunndal. Ho synest det var ein tung beskjed å få.

– Mange tilsette blei triste på eigne vegne, men dei er også uroa for dei som bur ved mottaket. No blir mange barnefamiliar flytta rundt igjen. Dei tilsette er opptatt av at overgangen skal bli så smidig som mogleg for barnehage- og skulebarna, seier ho.

Bente Mosbakk og Tore Vaagen ved Sunndal asylsøkermottak

Bente Mosbakk og Tore Vaagen ved Sunndal asylsøkermottak seier at det var ein tung beskjed å få at mottaket skal leggast ned.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vil gjere om vedtaket

Ordførar Ståle Refstie har bedt om eit møte med Innvandings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) for å få vedtaket omgjort. Han har også kontakta politikarane på Mørebenken.

– Det er alvorleg for Sunndalsamfunnet at mottaket blir lagt ned, men med handa på hjartet meiner eg at kompetansen innanfor flyktninghjelp og integrering bør takast vare på, seier ordføraren.

Uaktuelt å snu

Vidar Brein-Karlsen, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) seier det ikkje er aktuelt å gjere om på vedtaket.

Foto: Simon Solheim / NRK / NRK

Statssekretær i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen (Frp), seier at det ikkje er aktuelt å gjere om på vedtaket.

– Vi opplever eit lågare behov for asylmottak og difor blir det lagt ned mange mottak i heile landet. Det skuldast at vi har fått god kontroll på tilstrøyminga av asylsøkjarar. Sånn sett er det av det gode at vi no kan legge ned, seier Brein-Karlsen.

Han forstår at det er leit med arbeidsplassane som vert ramma, men meiner at det er til det gode for heile samfunnet.

Refstie sitt argument om at sunndalsmottaket har 30 års kompetanse og er god på integrering, påverkar ikkje avgjerda.

– Det er mange gode mottak igjen og då må vi også velje blant dei beste når UDI bygg ned kapasiteten, seier statssekretæren.