Hopp til innhold

– Eg har ein stor klump i magen

Det er kaotisk etter storskredet i Longyearbyen på Svalbard. Ein sunnmørsfamilie opplever dramaet på nært hald.

Slik er det i Longyearbyen nå

Videoen er frå fredag. – Vi har det bra, seier Birgitte Fjørtoft frå Haram som bur like ved staden der ti hus er tatt av skred.

Det blir meldt om ein svært utfordrande situasjon. Fleire personar er sendt til sjukehus med skadar.

Det er fleire personar som det ikkje er gjort greie for etter skredet, opplyser Sysselmannen klokka 12.30.

– Det er fullt av blålys, men vi i har det bra. Det er første melding frå Birgitte Fjørtoft frå Fjørtofta i Haram. Familien på tre har sidan april budd i Longyearbyen på Svalbard.

I dag skal familien etter planen heim til Sunnmøre og julefeiring.

Storskredet gjekk like ved

– Huset vårt er berre 500 meter unna rasstaden, seier Birgitte Fjørtoft. Fleire personar er sendt til sjukehus.

Mannen hennar, Øivind Kjerstad frå Lepsøya, har dratt til staden for å sjå om han skal hjelpe til.

Skred i Longyearbyen

Ti hus er tatt av skredet i Longyearbyen. Sunnmørsfamilien bur berre 500 meter unna.

Foto: Christopher Engås / Svalbardposten

Ser ut vindauget

– Eg står og ser ut av vindauget no. Det er blålys og mykje bilar, seier haramskvinna til NRK Møre og Romsdal. Ho høyrde ikkje skredet då det kom:

– Akkurat no har eg ein stor klump i magen. Det er vondt å ikkje vite heilt kva som har skjedd. Vi har vore i kontakt med dei fleste vi kjenner, og dei har det bra.

Meteorolog John Smits forklarer hvordan snøskredet i Svalbard kan ha gått.

Meteorolog John Smits om skredet.

Politiet går frå hus til hus

Fleire hus er treft av snøskredet i Longyearbyen.

Politiet går frå hus til hus for å leite etter eventuelle folk i området.

Sysselmannen har oppretta krisestab. Situasjonen på rasstaden blir omtalt som kaotisk.

Sjukehuset på Svalbard har bede om forsterkingar frå Tromsø.

– Dette er verkeleg vondt og usikkert. Eg har aldri opplevd noko slikt før, seier Birgitte Fjørtoft, som saman med familien har budd på Svalbard sidan april.

Les meir om utviklinga i saka på NRK sine nettsider.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL