Hopp til innhold

– Cyberangrep mot Vard

Mykje tyder på at skipsbyggingskonsernet Vard kan vere utsett for eit dataangrep som har sett ei rekkje datatenarar ut av drift.

Det er avisa Nordre som skriv dette og hevdar at angrepet er stadfesta av fleire sikre kjelder med tilknytning til Vard. Vard har så langt ikkje stadfesta angrepet sjølv.

Angrepet skal ha skjedd natt til måndag.

Også Vestnesavisa omtalar saka, og skriv at angrepet har fått følgjer for drifta ved Vard. NRK har så langt ikkje lukkast med å få meldinga stadfesta av Vard.

Vard Søviknes
Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL