Hopp til innhold

– Bra at ein har fått eit punktum

Høgsterett vil ikkje behandle ankesaka etter at tre sysken blei mishandla i heimen sin då dei var barn. Dermed må Ulstein kommune ut med millionar.

Ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide (H), seier det er bra at saka no har fått ein endeleg slutt etter fleire rundar i retten.

– Det tenker eg er bra etter åtte år. Eg registrerer det Høgsterett no har sagt og det respekterer vi fullt ut, seier han.

– Det viktigaste er at det har vore ein lang og vanskeleg prosess. Spesielt for søskena som har stått i dette i åtte år. Det er bra at ein no har fått eit punktum, legg han til.

 Stian Skorgen Scheide
Foto: Synnøve Hole / NRK