Hopp til innhold

– Betydeleg trekk ved Haramsøya

Alv Ottar Folkestad i Norsk Ornitologisk Forening er i gang med si vitneforklaring i rettssaka om vindkraftverket på Haramsøya. Han seier deira undersøkingar viser at det er eit betydeleg trekk av fuglar i dette området.– Ein av hovudtrekkvegane over Noreg og Skandinavia går langs ytste kysten av Noreg, spesielt frå Midt-Noreg og vidare sørover, sa han. Han sa også at den viktigaste måten å unngå konfliktar på, er å unngå samlokalisering av vindkraftverk og viktige område for sårbare artar. Folkestad meiner også at dei har spelt inn viktig informasjon i høyringane som det ikkje er tatt omsyn til i konsekvensutgreiinga av vindkraftverket.

Alv Ottar Folkestad
Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Helge Storøy står framom det gule huset sitt på Remøyholmen, i bakgrunnen ser ein dagens remøybru.

Helge har budd her i 87 år – no må folk og hus vike for ny bru