Hopp til innhold

Trur ikkje det blir turistskatt i Geiranger

Ordførar Einar Arve Nordang (H) i Stranda er skuffa over forslaget til turistskatt som blei kjent tysdag ettermiddag.

Nordang meiner forslaget treffer dårleg, og viser til at dei aller fleste som besøkjer turistbygda Geiranger ikkje overnattar.

Han seier at Stranda kommune truleg ikkje kjem til å søkje om å få innføre turistskatt for Geiranger.

Kommunar med høgt turistpress kan krevje inn pengar frå cruiseskipturistar og dei som overnattar, medan campingvogner, bubilar og fritidsbåtar skal skjermast.

Einar Arve Nordang, ordfører i Stranda kommune.
Foto: Stranda kommune