Hopp til innhold

OL-roar Thea Helseth er gravid

OL-roar Thea Helseth er gravid, det fortel ho på Instagram måndag kveld.

– No er det fint å få fokus over på noko anna, seier ho, og legg til at ho framleis drøymer om å delta på nytt i OL.

Thea Helseth (28) frå Ålesund blei nummer seks i dobbeltsculler samen med Inger Kavlie under OL.

Thea Helseth melder på Instagram at ho er gravid
Foto: Skjermdump Instagram