Hopp til innhold

Avgjer Øvrelidsaka tysdag

Formannskapet i Ulstein skal tysdag avgjere om Øvrelidsaka skal ankast.

Det stadfestar ordførar Stian Scheide Skorgen (H).

Frostating lagmannsrett dømde nyleg kommunen til å betale dei tre eldste i ein syskenflokk på fem totalt 6,6 millionar etter ein årelang rettsprosess.

Lagmannsretten sa først nei, men snudde. Tidlegare har dei to yngste søskena fått erstatning.

Søskena blei utsette for grov fysisk og psykisk vald av far sin då dei var små, og skuldar heimkommunen der dei budde for å ikkje ha gripe inn. Mishandlinga pågjekk over fleire tiår.

Margareth Øvrelid vert rørt under Øvrelid-saka sin siste dag i lagmannsretten. Ho sit ved sidan av bror sin Egil med papir og mikrofonar framfor seg. Ho har på seg ei raud skjorte og har blondt, kort og krølla hår. Ho gøymer andletet i eine handa, og det kan sjå ut til at ho gret. I bakgrunnen ser vi systera Linda Vikene Strand reagere likt.

Tre sysken får 6,6 millionar etter mishandling i barndommen

Ein syskenflokk på tre får millionerstatning etter at dei blei grovt mishandla i barndommen. Lagmannsretten sa først nei, men har no snudd.