Hopp til innhold

Formannskapet i Ulstein skal ta stilling til Øvrelidsaka

Kommunestyret i Ulstein vedtok torsdag kveld å delegere til formannskapet å ta stilling til kva som skal skje vidare i Øvrelidsaka.

Det vil gjere det mogleg å behandle saka i løpet av ferien. Spørsmålet er om kommunen skal anke. Ordførar Stian Scheide Skorgen (H) ønskjer ikkje å kommentere saka no.

Dei tre eldste i ein søskenflokk på fem fekk i lagmannsretten nyleg tilkjend ei erstatning frå kommunen på til saman kring 6,6 millionar kroner etter ein årelang rettsprosess.

Lagmannsretten sa først nei, men snudde. Retten var delt i eit fleirtal og eit mindretal. Tidlegare har dei to yngste søskena fått erstatning.

Søskena blei utsette for grov fysisk og psykisk vald av far sin då dei var små, og skuldar heimkommunen der dei budde for å ikkje ha gripe inn. Mishandlinga pågjekk over fleire tiår.

Ulstein rådhus. Eit skilt med kommunevåpenet heng på ein grå murbygning i Ulsteinvik.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK