Jobbar for å flytte stoppestad
Torvik er ein av dei faste stoppestadane for Hurtigruten og Havila Kystruten langs kysten, men no kan dette snart bli endra, skriv Sunnmørsposten. Saka er igjen på den politiske agendaen i Herøy kommune. Dei vil jobbe for å flytte stoppestaden frå Torvik til Mjølstadneset.