Hopp til innhold

Streik avverga på overtid

Partane i lønsoppgjeret i staten har i føremiddag blitt samde om ein avtale. Dermed er streiken avvgerga i statsoppgjeret.

Riksmeklingsmann Kari Gjesteby

TRUR PÅ LØYSING: Riksmeklingsmann Kari Gjesteby trur partane kjem til semje. Meklinga er no langt på overtid.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Nesten 11 timar på overtid kom partane til semje: Lønstillegget er på 3,3 prosent og 300 millionar kroner i kvinnetillegg.

Meklingsfristen gjekk opphavleg ut ved midnatt.

Avventa resultatet i meklinga

Over 600.000 offentleg tilsette ville ha blitt råka dersom meklinga i statsoppgjeret hadde brote saman, og i første omgang 30.000 førebudde på å streike.

No er det likevel fare for streik etter kommuneoppgjeret, som har avventa resultatet i meklinga for dei statstilsette.

Løysinga her kan nemleg vere lenger unna, og streikefaren er desto større.

- Vil helst unngå streik

I Sogn og Fjordane kan det bety at kommunetilsette i Førde, Florø, Årdal og Vågsøy blir tekne ut i streik. På landsplan kan 17.000 tilsette bli tekne ut i streik, dersom kommuneoppgjeret bryt saman.

- Hovudkrava våre er likeløn, løn for kompetanse og meir løn for fagarbeidarar med tilleggsutdanning. Vi er klare for streik, sjølv om vi helst vil unngå det, seier Marit Solheim.

- Ikkje i boks enno

Ho er streikeleiar i Delta i Førde kommune, og ventar spent på nyhende om meklinga, som no er langt på overtid. Blir det streik vil folk i kommunen merke mindre aktivitet i nokre einingar. Det vil gå utover servicetorget, og skattepengane kjem seinare enn vanleg.

– Kommunane har venta på rammene i staten fordi kommunane må vite nokolunde kva dei har å halde seg til. Men der har jo avstanden frå før av vore endå større enn i staten, så det blir krevjande, seier NRKs politiske kommentator Magnus Takvam.

- Vi har ikkje det i boks på langt nær enno, seier han.