Hopp til innhold

- Har valgt rett toppkandidat

Ragnhild Aarflot Kalland er den beste kandidaten, meiner nominasjonskomiteen i Senterpartiet.

Ragnhild Aarflot Kalland(Sp)
Foto: Anita Vingen/Møre og Romsdal Fylke

- Nominasjon er ikkje berre mattematikk, seier leiaren i komiteen , Jan Ove Tryggestad.

Han avviser kritikken frå tidlegare sunndalsordførar Knut Reinset om at dei har valgt feil toppkandidat for stortingsvalet neste år.

- Har valgt den sterkaste

Nominasjonskomiteen har sett Ragnhild Aarflot Kalland frå Volda på topp, trass i at Jenny Klinge frå Surnadal fekk flest stemmer frå lokallaga.

Tidlegare ordførar i Sunndal, Knut Reinset, synest dette vitnar om slett arbeid.

Les: Feil person på topp i Sp

Men leiar i komiteen, Jan Ove Tryggestad, seier at nominasjon handlar om mykje meir enn mattematikk, og understreker at Ragnhild Aarflot Kalland var den beste kandidaten.

-Vi har hatt alle toppkandidatane på intervju. Topplassen handlar om kompetanse og erfaring og statusen som dei ulike personane har i partiet, seier Tryggestad. - Valet av Aarflot Kalland er basert på ei totalvurdering, seier han.

-Vi har lagt fram ei innstilling som vi håpar heile fylket sluttar seg til, seier han. I motsett fall er det nominasjonsmøtet 29.november som vel toppkandidaten.