– Det er ein fortvilande situasjon. Utruleg fortvilande, seier Fagerhol.
- KJELL MAGNE BONDEVIK:
Fleire ulykker
Lensmann, Guttorm Hagen, informerer på møtet i Østa. - Vi håpa at vi ikkje skulle vere direkte råka, men no ser det likevel slik ut, sa han.
Foto: Frode Berg / NRKØrsta kommune har vore hardt råka siste åra. Dei har mista ungdommar i fleire ulykker.
– Dette er nok ein svart dag for Ørsta, seier ordføraren.
Den største er ulykka i
i 2009, då 5 ungdommar miste livet.– Når ein har vore med på store ulykker før, så er det mange ting som kjem att. Men dette er eit perspektiv vi ikkje klarer å ta inn over oss.
– Kva tenkte du i dagtidleg då du vakna og såg det var minst 80 døde?
– Eg forsto i går kveld at det kanskje vart meir enn 10. Det eg er forundra over er korleis ein person klarer å ta så mange liv, på så kort tid.
Tung dag
Leiaren i Møre og Romsdal Arbeidarparti var også i Ørsta i dag. - Vi må stå samla og vise omsorg for dei som er råka, seier Bjørn Inge Ruset.
Foto: Frode Berg / NRKFagerhol seier dette er ein svært tung dag, og at ho har vanskar med å finne ord.
– Eg tenkjer på framtida vår. Dei som var på Utøya var framtida vår.
Ordføraren er no opptatt av at folk må ta vare på kvarandre.
– Vi i kommunen skal sørge for å ta vare på dei pårørande og andre som treng det.
– Håper i det lengste
Ordførar, Ronny Blomvik, i Sula seier kommunens kriseleiing er klare for å ta vare på folk.
Foto: Trond Vestre / NRKOgså i Sula er det sorg i dag. Ordførar Ronny Blomvik (Frp) stadfestar at han har fått melding om at ein av deira, ein mann i midten av 20-åra, er sakna.
– Det er uverkeleg og alle er prega. Vi har høyrt at det framleis er uidentifiserte på sjukehus, så vi håper han er ein av dei. Vi er likevel budde på det meste, seier Blomvik til NRK.
Marit Veddegjerde er leiar i Sula Arbeidarparti og har hatt det travelt siste døgnet.
– Veldig mange har tatt kontakt. Den sakna har fleire tillitsverv, og er ein respektert person med stor integritet, seier Veddegjerde til NRK.
– Hendingane i Oslo og på Utøya har vore ei sjokkarta oppleving, slår ho fast.