Hopp til innhold

- Det er behov for ei skulder å gråte på

Eit medlem av Ørsta Arbeidarparti, og ein mann i 20-åra frå Sula er sakna etter tragedien på Utøya. – Det er behov for å treffas til samtale og omsorg, seier leiaren i Ørsta Arbeidarparti, Petter Bjørdal.

Petter Bjørdal, leder Ørsta Arbeiderparti

Leiaren i Ørsta Arbeidarparti Petter Bjørdal vil informere sine medlemmer i ettermiddag.

Foto: Frode Berg / NRK

Han har difor invitert alle medlemmene til å møtast i Ørsta i dag. Dit kjem også fylkesleiar Bjørn Ruset i Arbeidarpartiet.

Det er ikkje klart om fleire frå fylket er sakna, men NRK har informasjon om at minst ein AUF-ar frå Møre og Romsdal er skadd: Ungdommer fra Møre og Romsdal er savnet og såret

Samtale

Petter Bjørdal seier til NRK at når slike ting skjer, må ein prate saman.

– Av erfaring veit eg at det er viktig med informasjon, omsorg og ei skulder å gråte på når slike ting skjer, seier han.

– Kva konkret vil skje på møtet?

– Vi vil gi den informasjonen vi har om AUF-arar frå Ørsta. Eg og partileiaren i Møre og Romsdal Bjørn Inge Ruset vil informere. Det same vil politiet, seier Bjørdal.

Mange tekstmeldingar

Bjørdal seier han har fått svært mange tekstmeldingar og telefonar i går og i dag.

– Folk reagerer med sinne, vantru. Dei blir oppgitt over at noko som dette kan hende i eit så fredeleg land som Noreg trass alt er, seier Bjørdal.

Les:

Tar seg av familien

Ein mann i midten av 20-åra frå Sula er også sakna. Det stadfestar Torunn Veddeng som er leiar i kriseteamet i kommunen.

– Førebels kan vi ikkje gjere anna enn å ta vare på familien, og vente. Vi veit ikkje noko anna enn at han er sakna, seier Veddeng til NRK.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL