Hopp til innhold

- Vi sit her som spørsmålsteikn

Politiet på Sunnmøre har ikkje anna å gjere enn å avvente situasjonen etter at over 84 ungdomar vart myrda på Utøya i går.

Ole Bjørn Harang

Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang kan ikkje seie om nokon frå distriktet er blant dei omkomne på Utøya.

Foto: Remi Sagen / NRK

- Vi har ei liste over dei 24 ungdomane som var påmelde til landsleiren på Utøya, men det var truleg 19 eller 20 av dei som var til stades, fortel operasjonsleiar Ole Bjørn Harang.

- Ein ny og ukjend situasjon

Etterforskinga vert leia av Norde Buskerud- og Oslo politidistrikt, og Sunnmøre politidistrikt stiller seg avventande til situasjonen.

- Vi sit her eigentleg som spørsmålsteikn og lurer på korleis vi kan hjelpe til. Mange pårørande har teke kontakt med pårørandetelefonen og reist ned for å møte ungdommane. Dei må få den tida dei treng, så vi er avventande, seier Harang.

- Dette er ein ny og ukjend situasjon for heile landet. Saka har eit utruleg stort omfang.

Til saman er no minst 91 personar drepne i åtaka på regjeringskvartalet og på Utøya. Eit ukjent tal personar er skadde, og politiet leitar etter mange sakna med redningshundar.

- Politiet er veldig nøyne på at omkomne skal identifiserast før pårørande vert varsla. Når pårørande er varsla, vert namna på dei omkomne frigitt. Når det vil skje, er ikkje godt å seie.

Les:

Høgreekstremt miljø

Det er 32 år gamle Anders Behring Breivik som er sikta både for eksplosjonen i Oslo og skytedramaet på Utøya. Han skal tilhøyre eit høgreekstremt miljø og ha registrert to våpen i sitt namn.

Fleire av ungdommane frå Møre og Romsdal som var på øya då massakren skjedde, er på veg heim.

- Eg reknar med at dei vil få oppfølgjing frå kommunane dei høyrer heime i. Eg trur dei fleste kommunane er i beredskap, og eg er rimeleg sikker på at alle har gode rutinar når det gjeld krisgrupper og bistand, seier Harang.

Nordmøre og Romsdal politidistrikt vil ikkje kommentere saka, og viser til at det er Norde Buskerud- og Oslo politidistrikt som har ansvaret for etterforskinga.

PÅRØRENDENUMMER POLITIET: 815 02 800

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no