Hopp til innhold

Sjøfolk rasar mot Kystverket

Sjøfolk langs heile kysten er i harnisk over at Kystverket vil droppe bygginga av Stad skipstunnel.

Jarl Magne Silden

RASANDE: Fiskarlagsleiar i Sogn og Fjordane, Jarl Magne Silden meiner konklusjonen frå Kystverket er tragisk.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Det er utruleg tragisk, seier fiskarlagsleiar Jarl Magne Silden i Sogn og Fjordane.

Rasande sjøfolk

I over 20 år har han og mange med han kjempa for å få ein skipstunnel forbi det vêrharde Stadhavet. Men i ein ny rapport tinga av Kystverket etter oppdrag frå regjeringa vert det no konkludert med at det likevel ikkje er behov for ein tunnel.

Kystverket har snudd

Det har vore gjort 17 utgreiingar om den 1700 meter lange skipstunnelen som er tenkt bygd mellom Moldefjorden og Kjødepollen på nordaustsida av Stadhalvøya.

Tunnelen skal vere stor nok til Hurtigruteskip og sikre trygg seilas forbi Stad.

Etter den 16. utgreiinga gjekk Kystverket i 2007 inn for bygging av tunnel, men i fjor vår vart det sett i verk endå ei utgreiing fordi Fiskeri- og kystdepartementet meinte dei trengte fleire tal. Og no har altså Kystverket ombestemt seg.

- Det viser seg at risikoen med å segle rundt Stad er vesentleg nedjustert, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik.

- Har vêret rundt Stad endra seg?

- Det har det vel ikkje, men båtane har endra seg, seier Slotsvik.

Fiskeri- og Kystdepartementet skal no starte arbeidet sitt med kvalitetssikringa, men kystdirektøren veit ikkje kor lang tid dei brukar på dette arbeidet.

- Innan nokre månader bør vi få den endelege konklusjonen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video nsps_upload_2009_2_4_15_21_50_1015.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Svært skuffa

Blant sjøfolk vert konklusjonen møtt med vantru. Kaptein Arne Ernsten på hurtigruta Trollfjord er sjokkert.

- Det er heilt forferdeleg å tenkje på at dei kan klare å kome fram til eit slikt resultat. Det er landesorg langs heile kysten no, seier Ernsten.

Han håpar no at sjøfolk og andre kan klare å mobilisere krefter for å klare å snu saka.

- Vi passerer Stad to gonger i døgnet. Eg håpar vi kan klare å få på plass ein stabil seglas rundt Stad. Slik det er no er folk som reiser med oss engstelege når vi seglar rundt Stad i dårleg vêr, seier Ernsten.