Hopp til innhold

– Kast deg ut i det! Elsk MGP!

Her er lyttegruppa sine råd for korleis dei 15 artistane skal gjere det best mogleg på den store MGP-scena.

Lyttegruppa beståande av Tarjei Strøm, Marie Komissar, Vivi Stenberg, Gisle G. Stokland og Kathrine Synnes Finnskog gir råd til artistane.

Lyttegruppa består av Gisle G. Stokland, Marie Komissar, Vivi Stenberg, Tarjei Strøm og Kathrine Synnes Finnskog.

15 artistar skal i mars opptre i MGP, men korleis skal dei vinne? Vi spurte lyttegruppa om deiras beste råd.

Datarock

Tarjei Strøm, deltok i fjor i MGP med bandet Datarock.

Foto: Joakim Mangen/Vinjerock

Tarjei Strøm er trommeslagar i Datarock og stod sjølv på scena i fjor . Han veit korleis det er å vere artist på eit slikt stort show.

– Ta fatt i ditt forhold til MGP, nyt å vere ein del av det, seier han.

– Mitt råd er at artistane må kaste seg ut i det. Elsk MGP, og det vil skinne gjennom.

– Forten plassen din

Musikkansvarleg for MGP, Vivi Stenberg, meiner det er viktig å skape engasjement ovanfor seg sjølv som artist. Ho lovar at støtteapparatet rundt artistane vil gjere sitt for at kvar enkelt vil bli promotert på best mogleg måte. Restan er opp til artistane.

Stenberg får støtte fra musikkprodusent Marie Komissar.

– Gå «all in», Ikkje gjer det halvvegs.

– Dette er ein viktig platform for å vise kven du er som artist for heile Norge. Vis at du fortener plassen du har fått, avsluttar Komissar.

Alle tre semifinalene vil foregå andre helga i mars. 7, 8. og 9. mars. Kvar kveld vil tre artistar gå vidare til finalen 15. mars.