Etter at du har skrive ut maska, blir du like kjekk og scenevant som sjølvaste Haldor Lægreid – Noregs håp i Eurosong-finalen i København.
![Dette er knappen du skal trykke på Dette er knappen du skal trykke på](http://img.nrk.no/img/85000.gif)
Dette er knappen du skal trykke på
No kan du kan leike Eurosong heime, på jobben, på gata – og uansett kvar du er: Folk vil sjå opp til deg, leggje seg ned og kysse føtene dine og be om autografar.
Slik gjer du det
![Eller trykk på "Fil" og "Skriv ut" Eller trykk på "Fil" og "Skriv ut"](http://img.nrk.no/img/85001.gif)
Eller trykk på "Fil" og "Skriv ut"
Last ned maska – lenka finn du nedanfor. Etter at maska er lasta ned, trykkjer du på "skriv ut"-ikonet i nettlesaren din. Maska blir best med fargeskrivar, men svart-kvitt går òg an (finn fram feittstiftane frå barnehagen viss du likevel vil ha maska i fargar).
Klypp så ut maska med ei vanleg saks, og fest strikk til hola på kvar side av hovudet.
Og når maska er ferdig – ta eit bilete og send til oss! eurosong@nrk.no eller til Erik Bolstad, NRK.no – BBF1, 0340 Oslo. Premie til beste bilete!