Hopp til innhold

37 land er klare for ESC

Slovenia fekk utsatt fristen for å melde seg på, men har no sagt ja til å vere med i ESC 2014.

Emmelie de Forest vinner Eurovision 2013

Årets vertsland er Danmark, etter at Emmelie de Forrest vann med låta «Only teardrops».

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Heile 37 land er påmeldt til årets Eurovision Song Contest, som skal arrangeres i København andre helga i mai. Det var usikkert om Slovenia skulle delta, men etter ti dagar med utsatt frist kunne den Slovenske kringkastaren (RTVSLO) fortelje at dei er med i årets ESC.

Polen og Portugal er tilbake

I fjor var det 39 land som deltok på ESC-finalen, det at det er færre land som deltek i år har ei naturleg forklaring, i følge Jon Ola Sand, leiar for Eurovision i Den europeiske kringkasingsunionen (EBU).

– Vi ser at Polen og Portugal kjem tilbake til konkurransen etter at dei har vore borte frå konkurransa på grunn av finanskrisa. Medan nokre land har alvorlege budskjettkutt som resulterer i å ikkje kunne delta, seier Jon Ola Sand til eurovision.tv.

Dei landa som har meldt seg på, og som vi får sjå i København er; Albania, Armenia, Austerike, Aserbaijan, Kviterussland, Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Georgia, Hellas, Ungarn, Island, Irland, Israel, Italia, Latvia, Lithauen, Makedonia, Malta, Moldova, Montenegro, Nederland, Norge, Polen, Portugal, Romania, Russland, San Marino, Slovenia, Storbritannia, Spania, Sverige, Sveits, Tyskland, Ukraina.

Målet er å kome tilbake til neste år

Eurovision.tv melder at EBU arbeidar for å finne løsningar for dei økonomiske og organisatoriske utfordringane som ein står ovanfor, som gjer at land som Bulgaria, Kypros og Serbia må trekke seg frå årets konkurranse. Kroatia deltek ikkje på grunn av organisatoriske årsaker, medan Bosnia & Herzegovina trakk seg fyrst etter at dei hadde registrert seg med i konkurransen.

Fleire kringkastarar har meldt til EBU at målet er å kome tilbake til neste år, då det er 60 års-jubileum for Eurovision Song Contest.

Norge deltek i den andre semifinalen

Det er allereie klart at Norge vil delta i den andre semifinalen, torsdag 8. mai medan Sverige deltek i den fyrste, tirsdag 6. mai. Dette er bestemt for å trekke flest mogleg skandinavisk publikum til konkurransen. Kva semifinale dei resterande landa skal delta i, vil bli avgjort med loddtrekning den 20. januar i år.

Frankrike, Tyskland, Italia, Spania, Storbritania og vertslandet Danmark er automatisk med direkte i finalen.