Hege
Foto: Javier Auris / NRK

Hege høyrer noko nesten ingen andre kan høyre

Ein mystisk lyd plagar menneske over heile verda. No har «The Hum» nådd Oslofjorden.

I starten trudde Hege (35) at det berre var ei anleggsmaskin som stod på tomgang i nabolaget. Men då ho i fjor sommar sat oppe midt på natta, med terrassedøra open, tenkte ho: «Er det verkeleg nokon som driv og grev no?»

Ho gjekk ut for å sjekke, men det var ingen maskiner utanfor huset hennar i skogen nord for Drøbak. Likevel høyrde ho ein djup pulserande basslyd. Inne igjen spurde ho sambuaren om han kunne høyre lyden, men han høyrde ingenting.

Hege hadde aldri opplevd noko liknande.

Først trudde ho at det var noko alvorleg gale med hovudet hennar. Men så kom ho på ein film ho hadde sett for mange år sidan, om eit mystisk lydfenomen.

Kunne dette vere det same?

Tynn, grønn linje som bølger seg opp og ned med ulike bølgelengder.

«The Hum»

Over fleire tiår har folk frå heile verda rapportert om ubehageleg brummande støy, kjent under namnet «The Hum».

Lydfenomenet har fått mange ulike forklaringar, og kan kome frå fleire ulike typar kjelder, men har likevel nokre felles kjenneteikn:

  • Nesten ingen høyrer han, ofte er det snakk om rundt 2 til 4 prosent i byar der fenomenet er undersøkt nærmare.
  • Lyden kan ofte vere mogleg å høyre i eit stort geografisk område.
  • Det er nesten umogleg å høyre kvar lyden kjem frå.
"The Hum" - verdskart

VERDSKART: Canadiaren Glen MacPherson har samla saman fleire tusen ulike tilfelle av «The Hum» på nettstaden www.thehum.info. Ifølge kartet har også fleire rapportert om lyden i Noreg.

Foto: Google Maps

Med slike eigenskapar er «The Hum» ofte knytt til konspirasjonsteoriar, som til dømes ufoar, russarar og 5G-tårn. Lyden har også vore eit populært tema i TV-seriar som «X-Files» og «Criminal Minds», og aller sist i det flunkande nye operaen «The Listeners» ved Den Norske Opera & Ballett.

I operaen møter vi ein lærar som blir plaga av «The Hum» midt på natta, utan at verken mannen eller dottera høyrer noko som helst.

Så finn ho plutseleg ut at ein av elevane hennar høyrer den same lyden. Dei to «lyttarane» bestemmer seg for å bli med i ei sekt, der berre folk som høyrer «The Hum» får bli med.

Fra premieren på «The Listeners» ved Den Norske Opera og Ballett.

PLAGSAM LYD: Operaen «The Listeners» har fått gode kritikkar etter verdspremieren på Den Norske Opera & Ballett 24. september i år.

Foto: Erik Berg / DNOB

Hege har ikkje starta noka sekt (foreløpig), men då ho begynte å høyre lyden, fekk ho eit sterkt behov for å finne andre som høyrde det same. Ho starta difor Facebook-gruppa «The Oslofjord Hum», og stilte opp til intervju i lokalavisa Amta.

Så begynte andre «lyttarar» å ta kontakt.

Tynn, grønn linje som bølger seg opp og ned med ulike bølgelengder.

Den første ho snakka med var ei kvinne som budde nokre få hundre meter unna Hege. Naboen begynte å høyre lyden omtrent samtidig.

Hege vart også kontakta av ei kvinne frå Alværn på Nesodden, ca. 10 km unna. Ho kunne også fortelje at ho i same tidsrom begynte å høyre noko som likna ein lastebil på tomgang.

Facebook-gruppa fekk nærmare 40 medlemar, hovudsakleg med folk frå Nesodden og Drøbak-området, som kunne melde om liknande erfaringar.

Hege vart overtydd om at lyden faktisk eksisterte, og at det difor måtte vere mogleg å finne ei eller fleire lydkjelder.

Det var på tide å starte jakta på den mystiske brumminga.

Jakta på lyden

Klokka er 04:00 når vi møter Hege for første gong utanfor huset hennar i skogen. Ho jobbar som avisbod på natta, og er nyss ferdig med ruta si. No sit ho i bilen og lyttar med eit konsentrert blikk.

– Eg høyrer lyden no, seier ho roleg.

Det er ofte på denne tida av døgnet at den pulserande bassen brukar å kome, så blir han som regel berre sterkare og sterkare utover morgontimane.

Hege

KONSENTRERT LYTTING: Hege har ein høyrselsskade på det venstre øyret, og høyrer difor berre brumminga på det høgre. Dei to andre «lyttarane» NRK har snakka med i arbeidet med denne saka, har ingen dokumenterte skadar på høyrselen.

Foto: Javier Auris / NRK

Eg og fotograf Javier spissar øyra. Den einaste lyden vi høyrer, er to revar som slost inne i skogen; lyden kan minne om to barn som skrik, og kan vere skakande nok i seg sjølv. Men nokon djup basslyd høyrer vi ikkje.

Det kan vere så jævla bråkete. Eg skjønar ikkje korleis folk ikkje kan høyre lyden. Det er heilt ubegripeleg for meg, seier ho.

Vi køyrer rundt på Nesodden i mørkeret, på jakt etter lyden. Det siste året har Hege køyrt milevis på kryss og tvers for å prøve å finne kjelda til den irriterande støyen som held ho vaken om natta.

Nesodden om natta

LYDEN I NATTA: «The Hum» skil seg ut frå tinnitus på den måten at det går an å rømme frå lyden. Om Hege køyrer langt nok vekk, som til dømes Oslo sentrum eller Vestby, forsvinn brumminga heilt. På Nesodden derimot kan ho høyre lyden nesten overalt.

Foto: Javier Auris / NRK

Hege verkar som ein grundig og metodisk type. Ho har mellom anna målt vind, temperaturar og nedbør ved Oscarsborg vêrstasjon utanfor Drøbak kvar dag dei siste ti åra. Berre fordi ho synest det er interessant, og fordi ho irriterer seg over folk som lirer av seg ting om vêret, utan at det nødvendigvis stemmer.

For å kartleggje kvar folk høyrer «The Hum», har Hege laga eit innrapporteringssystem gjennom Facebook-gruppa, der folk kan skrive kvar, når og korleis dei høyrer lyden.

The Oslofjord Hum-kart

«THE OSLOFJORD HUM»: Når folk melder frå at dei høyrer lyden, reiser Hege til den same staden for å kontrollsjekke at ho også høyrer det same. Frå nordlegaste til sørlegaste plass med registrert lyd er det over 20 km i luftlinje.

Foto: Google Maps

Hege synest det verkar som om lyden ofte er sterkare på vestsida av Nesodden. Noko som kan tyde på at kjelda kan vere på andre sida av Oslofjorden. I så fall dekkjer lyden eit enormt stort område, på fleire hundre kvadratkilometer.

Kan det vere mogleg?

Hege

OSLOFJORDEN: Hege har mistenkt at det kunne vere Oslofjordtunnelen, eller skip på fjorden, som var kjelda til lyden. Men ho har klart å utelukke begge deler.

Foto: Javier Auris / NRK

Lydmålaren

For å skjøne meir av korleis lydbølgjer fungerer, tar vi med oss lydteknolog Bjørn Aarseth den andre gongen vi besøker Hege.

Han forklarer at lågfrekvent lyd har lange bølgjer, som lett kan flytte seg over svært store avstandar. Lyden kan også gå rett gjennom tjukke veggar, noko du til dømes kan erfare når naboen har fest, og det einaste du høyrer er bassen frå anlegget.

Når kjelda kan vere fleire kilometer vekke, blir lyden naturlegvis svært vanskeleg å lokalisere. Det er også store individuelle skilnadar på kor følsame øyra våre er.

Menneskeøyra er mest var lyden av barneskrik, som har ein grunnfrekvens på rundt 500 Hz. Når lyden begynner å nærme seg 20 Hz, blir han mykje vanskelegare å høyre.

Test deg sjølv: Kor låg lyd klarer du å høyre?
(Gode høgtalarar eller eit godt headset anbefalast.)

I natt har Bjørn tatt med seg ein lydmålar, for å prøve å fange opp lyden Hege høyrer. Men typisk nok, akkurat denne natta er det så godt som stilt.

Eg høyrer noko, men ikkje veldig godt, seier Hege.

På lydmålaren dukkar det opp eit svakt pulserande signal på rundt 8 Hz.

Det er ein veldig lågfrekvent lyd her, men han er så låg at han eigentleg ikkje skal vere høyrbar, seier Bjørn.

Lydar under 20 Hz blir kalla infralyd, dei skal vanlegvis ikkje vere mogleg å høyre for oss menneske, med mindre lyden er veldig sterk (minst 80 desibel). Lyden Bjørn registrerer i bilen, ligg på rundt 50 desibel. Men sjølv om vi ikkje kan høyre lyden i klassisk forstand, kan vi ofte oppfatte infralyd som vibrasjonar eller buldring mot øyra.

Tvilen kjem likevel sigande. Kan vi vere sikre på at det faktisk finst eit «Oslofjord Hum», eller er det berre noko som skjer inne i hovudet?

Hege er i alle fall sikker i si sak.

Eg er heilt overtydd om at det er ein konkret, ekstern lyd. Spesielt sidan eg berre høyrer han i eit spesifikt geografisk område, seier Hege.

Utanfor og misforstått

Vi tar med oss Hege og sambuaren til operaen i Oslo, for å sjå ei av sceneprøvene til «The Listeners» operaen om «The Hum». Mykje av første akt handlar om korleis det er å føle seg utanfor og misforstått av folk som ikkje høyrer lyden.

«For Christ’s sake mum. It’s 2 o'clock in the morning. Come back to bed!» syng dottera i opningsscena når mora svinsar rundt huset på natta.

Den anerkjende amerikanske komponisten Missy Mazzoli har aldri sjølv høyrt «The Hum», men har lenge vore djupt fascinert av lågfrekvente lydar. Ho ville bruke den mystiske lyden til å utforske det mellommenneskelege i operaen.

Missy Mazzoli

Når du møter nokon som endeleg ser deg, og som ikkje trur du er gal, så kan det oppstå eit veldig sterkt band, forklarer ho.

Hege opplever at ho ofte blir trudd når ho snakkar om «The Hum». Det hjelper også at fleire andre i området har liknande opplevingar.

Men folk som ikkje høyrer, kan ikkje relatere seg til det. For det er ikkje berre ein vanleg lyd, det er vibrasjonar i øyret, forklarar ho.

Hege og Jonatan

I OPERAEN: Hege og sambuaren Jonatan får ein smakebit av operaen «The Listeners» eit par veker før premieren.

Foto: Javier Auris / NRK

I operaen er Hege mest nysgjerrig på korleis dei har tenkt å attskape lyden av «The Hum». For korleis er det mogleg å spele ein lyd som nesten ingen kan høyre?

Komponist Mazzoli har saman med den tyske lyddesignaren Daniel Neumann brukt mykje tid på akkurat dette. Dei har tatt utgangspunkt i ein annan lågfrekvent lyd, som dei har skrudd opp fleire hakk, slik at han skal vere mogleg å høyre for alle.

I tillegg brukar dei eit kvadrofonisk høgtalarsystem, med lyd frå fire ulike hjørne. Slik blir det vanskeleg for lyttarane å høyre kvar lyden kjem frå, og ein får ei kjensle av å sitje inne i lyden.

Mot slutten av første akt får vi høyre ein testversjon av lyden for første gong – over høgtalarsystemet samtidig som orkesteret spelar.

Det likna, det gjorde det. Men eg fekk ikkje den trykkande følelsen av at lyden gjekk ordentleg inn i hovudet, forklarer Hege.

Lyden operaen har brukt som utgangspunkt, er uansett ein heilt annan enn den Hege høyrer. Det er ein kjent lågfrekvent lyd frå byen Windsor i Canada, kjent som «The Windsor Hum».

Sidan 2011 var fleire av innbyggjarane i den canadiske byen plaga av uforklarleg støy på natta. Det var fleire teoriar om kvar lyden kunne kome frå, utan at nokon klarte å finne heilt ut av det. Så kom koronapandemien i 2020, og eit smelteverk i Detroit, på andre side av grensa, måtte stenge dørene. Og vips, så var «The Windsor Hum» historie. Lyden har ikkje kome tilbake sidan.

Zug Island

HOVUDMISTENKT: Eit smelteverk på øya Zug Island mellom Detroit og Windsor var truleg grunnen til at tusenvis av canadiarar sleit med nattesøvnen i ni år.

Foto: Carlos Osorio / AP

Historia om «The Windsor Hum» gir håp, for der klarte ein faktisk (med hjelp av litt pandemi) å finne ut kvar lyden kom frå.

Det er den draumen Hege ber på, at den ekstremt irriterande lyden som plagar ho skal forsvinne, slik at ho ein dag skal kunne oppleve fred og ro i sin eigen heim.

Siste forsøk

Eit siste besøk hos Hege kl. 04:00 om natta. Lydmålar og lydopptakar er med, men nok ein gong høyrer ho nesten ingen ting. Den einaste høyrbare lyden for oss andre er det kraftige regnvêret som plaskar mot bilruta.

Vi blir sitjande i bilen og vente. Klokka blir 04:30 – ingen lyd. 05:00 – ingen lyd. Så, klokka 05:30:

No begynner eg å høyre noko. Lyden er kraftigare enn sist gong, seier ho.

Hege

Lydopptakaren blir starta. Vi tek opp fleire minutt, både i og utanfor bilen. Ifølge Hege er ikkje brumminga ein konstant dur – han kjem og går, og aukar og minkar i styrke. Vi vender tilbake til kontoret, usikker på kva vi har med oss.

Bjørn analyserer dei ulike klippa. Opptaka som er gjort utandørs, har plukka opp ein lågfrekvent dur, mest truleg frå klimaanlegget i huset til Hege. Ho kjenner i alle fall ikkje igjen lyden som «The Hum». Opptaka inne i bilen er derimot meir interessante.

Under lyden av regnet mot bilruta dukkar det opp ein låg pulserande bassdur.

Høyr lyden her:
(Både den filtrerte og ufiltrert versjonen er skrudd kraftig opp i volum, slik at det skal vere mogleg å høyre brumminga for
«vanlege» folk. I den filtrerte versjonen er alle lydar over 150 Hz tatt vekk.)

Vel lydkjelde

Så langt har vi ingen gode forklaringar på kvar denne lyden kjem frå; han kan høyrest litt ut som ein dieselmotor, men det var ingen maskiner eller bilar i nærområdet under opptaket.

Det høyrest veldig ut som den lyden eg høyrer, han har den same karakteren, seier Hege.

Ho synest likevel det er vanskeleg å seie hundre prosent sikkert om det er den same lyden, for han er ikkje heilt lik. Lågfrekvent lyd vil også vere annleis i eit opptak enn i røynda.

Enn så lenge lever mystikken vidare. Hege har i alle fall ingen planar om å gi opp forsøket på å finne ut kvar lyden ho høyrer kjem frå.

Tynn, grønn linje som bølger seg opp og ned med ulike bølgelengder.

PS: Om du som les dette bur rundt indre Oslofjord, og har begynt å høyre ein uforklarleg pulserande basslyd dei siste par åra, som nesten ingen andre rundt deg høyrer, så er det altså ikkje heilt sikkert at det er noko gale med deg.

Norsk forening mot støy jobbar med å hjelpe folk som er plaga av lågfrekvent støy over heile landet. I tillegg kan du følgje Hege si eiga jakt etter lyden i Facebook-gruppa «The Oslofjord Hum».

NB: Etternamnet til hovudkjelda i denne saka har blitt fjerna av omsyn til privatlivets fred.

Anbefalt vidare lesing og lytting:

NRKs operamelding om «The Listeners» «Hele operaverdens øyne er rettet mot Oslo»

Fra premieren på «The Listeners» ved Den Norske Opera og Ballett.

Ta kontakt!

Hei! Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Om du er meir nysgjerrig på korleis lyd påverkar oss, kan du lese saka eg skreiv om musikk og følelsar