solarium
Foto: Greg Wood / AFP

Solnedgang

Nordmenn har trakta etter brun hudfarge i over 60 år. No kan den dominerande trenden vere i ferd med å bleikne.

Det er ein kald og grå januardag i 2017. Bleike og mutte bergensarar vandrar ned Torgallmenningen i Bergen på veg heim frå jobb i skumringstimen. Men midt i mengda er det ein som skil seg ut.

Aleksander Sæterstøl (20) kjenner seg bra og osar av energi og ungdommeleg vitalitet. Huda hans er gyllenbrun. Det ser ut som han nyleg har kome heim frå ferie i Syden.

Sanninga er at han berre har vore ein tur i solarium.

Det har han vore kvar dag dei siste to vekene. Om eit par dagar skal han til Mexico og delta i reality-programmet «Paradise Hotel». I eit brev anbefaler produksjonen deltakarane å få litt farge før dei reiser, for ikkje å bli solbrent.

Så er det jo også greitt å vere litt brun før ein skal på TV, tenkjer Aleksander.

Aleksander Sæterstøl

BRUN: Aleksander Sæterstøl hadde allereie ein mørk brunfarge lenge før han landa i Mexico.

Foto: Viafree

Trass i åtvaringar om kreft og dårleg hud, finst det framleis mange som jaktar den gyllenbrune hudfargen.

Slik har det langt ifrå alltid vore.

Solbrent

I mange hundre år var bleik det rådande idealet i den vestlege verda. Dei brune var fattige som måtte slite og arbeide utandørs. Dei bleike var rike og hadde moglegheit til å halde seg innandørs dagen lang.

Folk gjekk med heildekkande klede, verna seg med store hattar og parasollar og heldt seg til skuggen så mykje som mogleg. Nokre gjekk faktisk så langt som å bruke giftige bleikjemiddel som til dømes arsenikk for å gjere huda kvitare.

Med den industrielle revolusjonen på 1800-talet begynte dette å endre seg. Dei fattige jobba ikkje lenger utandørs på markane, men innandørs i fabrikkar. Plutseleg hadde både fattige og rike same hudfarge!

I 1923 var motedesignaren Coco Chanel på cruise med hertugen av Westminster. Kva som gjekk føre seg på yachten ute i Middelhavet, er uvisst. Men ein ting er sikkert: Coco vart solbrent.

Då ho gjekk i land i Cannes stod fotografane i kø for å fotografere eit av verdas største stilikon. Då ho seks år seinare i motemagasinet Vogue proklamerte at «the 1929 girl must be tanned ... a golden tan is the index of a chic», var det ikkje lenger nokon tvil.

Ein ny trend var fødd.

No var det kult og fasjonabelt med brun hud.

Den solbrune trenden kom også etter kvart til Noreg. På 30- og 40-talet begynte bilde av lettkledde kvinner som sola seg på badestranda å dukke opp i Norsk Dameblad og Norsk Ukeblad.

På 50-talet begynte den brune hudfargen også å dominere framsidene. (Sjå forandringa frå 1933 til 1960 i bildeserien.)

Norsk ukeblad 1933

Framside av Norsk ukeblad 1933.

Norsk dameblad 1939

Framside av Norsk dameblad 1939.

Norsk ukeblad 1942

Framside av Norsk ukeblad 1942.

Norsk ukeblad 1947

Framside av Norsk ukeblad 1947.

Norsk dameblad 1954

Framside av Norsk dameblad 1954.

Norsk ukeblad 1957

Framside av Norsk ukeblad 1957.

Norsk dameblad 1960

Framside av Norsk dameblad 1960.

Det var også andre faktorar som verka inn på den solbrune trenden: studium viste at sol var sunt, kvinnene vart meir frigjorde og kunne gå med mindre klede, idretten vart profesjonalisert og brune fotball- og polospelarar vart dei nye stjernene.

På første halvdel av 1900-talet dukka det også opp to nye ord i nordmenn sitt ordforråd: Fritid og ferie.

Halvnakne kroppar i Mexico

Vinteren 2017 følgde over 250.000 nordmenn Aleksander sin ferie på «Paradise Hotel» i Mexico gjennom 38 episodar. Dei fleste av sjåarane var mellom 20 og 29 år.

Aleksander stod fram som ein roleg og bedageleg type. Han likte best å sove, slappe av og slikke sol ved bassengkanten, og gjorde ikkje så mykje ut av seg.

Likevel klarte han å kapre hjartet til kvinna som kom inn som «femme fatale» i andre veke av programmet. Ho var ikkje like brun som Aleksander, men dei forelska seg likevel.

Bergensaren måtte likevel gi litt venskapeleg refs til den komande kjærasten sin, fordi ho ikkje hadde prioritert å setje av tid til solarium før Mexico.

Aleksander: Tok ikkje du sol før du sjekka inn?
Martine: Nei.
Aleksander: Kvifor ikkje?
Martine: Fordi eg hadde ikkje tid til det.
Aleksander: Du veit du skal på TV?
Martine: Ja, men eg hadde litt andre ting å gjere.
Aleksander: Du kan ta 20 minuttar! Det er berre 20 minuttar kvar dag i ei veke. Det er ikkje noko problem det.
Martine: Ja, men eg hadde litt andre ting å gjere før eg reiste.
Aleksander: Ja, eg også hadde mykje å gjere, men eg rakk å ta sol i 20 minuttar.

Solarium og brunfarge er ofte tema i TV-seriar for ungdom som til dømes «Paradise Hotel», «Ex on the Beach» og «Love Island». Felles for alle er at dei viser halvnakne kroppar på ferie.

TV-produsentane veit nemleg at nordmenn lenge har hatt ei dragning mot varmare strøk.

Alkoholikarar med gratis sprit

Den første charterturen frå Noreg til Mallorca gjekk føre seg i 1959.

Då sette 35 svært velståande turistar seg på eit Convair 240 på Fornebu. Flyreisa tok sju og ein halv time og kosta 1200 kroner. Det svarar til nesten 16.000 kroner med dagens verdi.

Det var status å reise til Syden – då var det sjølvsagt også viktig å vise fram kvar ein hadde vore. I boka «Syden» frå 2002 skildrar Are Kalvø nordmenns fanatiske forhold til solbrun hud.

«Når nordmenn kjem til ein plass der det er sol heile tida, blir vi som kroniske alkoholikarar på ein stad med uavgrensa tilgang på gratis sprit. Det er få som dyrkar sol så vilkårslaust som skandinavar, og spesielt nordmenn av ein eller annan grunn.»

Syden

SYDEN: Nordmenn har valfarta til sørlegare strøk for sol og varme i over 60 år.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

For at fargen skulle bli ekstra tydeleg, var skiljet mellom den brune og kvite huda svært viktig då ein kom heim til Noreg.

«Skiljet var barometer på kor vellykka ferien var. Skiljet viste kor mange dagar i sola du hadde bak deg. Skiljet var dagbok og kalender. Skiljet var alt.»

På 80-talet skulle det derimot kome ei revolusjonerande oppfinning som forandra alt. Plutseleg trong ein ikkje lenger lange flyreiser for å oppleve sterk sol og varme.

Syden kom til Noreg – i ei seng med blått lys.

Første gong

Aleksander Sæterstøl mimrar tilbake til barndomen og alle gongane han måtte stå og vente på foreldra utanfor solariet på kjøpesenteret i Bergen. Noko han syntest var «jævla keisamt». Det var difor stor glede då han for første gong skulle få prøve sjølv.

– Eg trur eg var 14 eller 15 år då eg også fekk ta litt sol. Eg måtte betale sjølv da. Det måtte eg jo også lære meg, seier Aleksander.

Før solstudioa kom til Noreg hadde den svært helsefarlege «høgfjellssola» (lampa produserte ein heil del kreftfarlege UVB- og UVC-strålar) vore på marknaden ei god stund allereie. No kom eit betre alternativ, som gav ein jamn brunfarge over (nesten) heile kroppen.

Då Aleksander vaks opp på 90- og 00-talet opplevde solstudioa ein enorm vekst over heile landet, og det fanst knapt ei bygd i Noreg som ikkje hadde solarium.

Det vart også meir og meir vanleg for gutar å sole seg, heilt utan skam.

– Når eg ser meg sjølv i spegelen, så skjønar eg ikkje heilt kvifor eg ikkje føler meg så bra, men så skjønar eg at eg begynner å bli kvit, så då tar eg solarium, seier Aleksander.

A74I7787.JPG

FØLER SEG BRA: Hausten 2018 deltok Aleksander i TV2-programmet «Skal vi danse». I ein av dansane nytta han høve til å kaste skjorta og vise fram den solbrune kroppen sin.

Foto: Thomas Reisæter/ Tv2 / TV 2

Kvifor føler du deg betre etter solarium?

– Eg føler berre at eg blir meir komfortabel med meg sjølv. Eg får betre sjølvtillit og klarar å by meir på meg sjølv. Då blir eg eit betre menneske.

Evolusjon

Kanskje evolusjonsteorien kan vere med på å forklare kvifor nordmenn er så glade i soling?

Det meiner fysikkprofessor Johan Moan. Han forklarar at dei første menneska i Afrika var mørke i huda for ikkje å ta skade av sola. Men etter folkevandringane mot nord fekk menneska for lite sol til å lage nok D-vitamin. Dette problemet løyste naturen med å gjere huda lysare.

Lys hud treng seks gongar mindre sol enn mørk hud for å lage nok D-vitamin.

Dette kan kanskje vere med på å forklare kvifor vi nordmenn vender oss som ei kompassnål mot sola kvar vår. Det forklarar kanskje også kvifor solarium har vore så populært.

Men så snudde trenden. På ti år er bruken over halvert i aldersgruppa 15 - 24 år.

Solarium
Foto: Kantar TNS for Kreftforeningen

Kva skjedde?

Er ikkje solbrun hud like hipt lenger?

Status med solkrem?

– Det å vere brun, i tyding av å sjå frisk og rask ut, kjem aldri til gå av moten.

Det seier kunst- og motekulturhistorikar Ragnhild Brochmann. Ho meiner likevel ein ser ei klar endring frå «sjokksolinga» som var vanleg på 80- og 90-talet.

– Då skulle ein vere superbrun, ha masse sminke og utruleg høge skjeringar på turndraktene. Mykje volum alle vegane, med andre ord.

Sjølv om brunfarge framleis er viktig for mange, meiner ho at ein no ser eit større mangfald. Og eit større medvit.

– Det er ei større interesse i moteverda for å representere eit kroppsmangfald. Både når det kjem til storleik og hudfarge. Vi har også blitt meir bevisste på å vere sunne og naturlege. Hovudrådet frå hudspesialistane er solkrem, solkrem, solkrem. Å bruke solkrem har blitt ein statusmarkør. Det viser at vi passar på kroppane våre, forklarar Brochmann

Det helsemessige aspektet rundt soling er vanskeleg å sjå vekk ifrå.

I 2012 innførte Statens strålevern 18-års aldersgrense på solarium. I Brasil og Australia er apparata heilt forbodne.

Noreg ligg på verdstoppen for føflekkreft. Ifølgje Statens strålevern har 90 til 95 prosent av alle tilfella direkte samanheng med UV-stråling frå sol eller solarium.

Denne kunnskapen bør kanskje vere meir enn nok grunn til å halde seg langt vekke frå både sol og solarium, eller?

Professor Johan Moan er ueinig. Han meiner det faktisk er ein langt større risiko for dårleg helse å unngå sola.

Han viser til eit svensk forskingsprosjekt der 29.500 kvinner deltok. Etter nokre år kunne ein sjå at kvinnene som sola seg minst hadde langt høgare dødelegheit enn dei som sola seg mest.

Det er altså fleire gode enn vonde ved moderat soling, skal vi tru Moan.

Aleksander Sæterstøl har uansett ingen planar om å slutte å sole seg med det første. Statistikken viser også at det er menneske på hans alder som i dag er dei største brukarane av solarium.

Tenkjer du ikkje over helserisikoen med soling?

– Jo, det gjer eg jo. Men nokre seier det er bra for kroppen, andre seier det er dårleg for kroppen. Eg tenkjer at vi lever berre ein gong. Eg føler meg i alle fall betre når eg er brunare, konkluderer Aleksander.

Kjelder:

  • Syden / Are Kalvø (2002)
  • Sol, liv og helse / Johan Moan (2018)
  • Det kultiverte mennesket / Jonas Frykman og Orvar Löfgren (1994)
  • Shedding light on indoor tanning / Carolyn J. Heckman og Sharon L. Manne (2012)
  • Charter – 50 år til Syden / Frøy Lode Wiig (2009)

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Tidlegare har eg mellom anna skrive om Totos «Africa», Villa Stenersen og verdas sterkaste mann

Anbefalt vidare lesing: