Hilma Nikolaisen
Foto: Javier Auris / NRK

Hilma høgt i monitor

OSLO (NRK): Tvilen gnog, åra gjekk, livet skjedde. Så begynte ho.

Innanfor bunkersdøra som held bomber ute og rockemusikk inne, står eit band med karakter.

Ein høg bassist i pologenser. Ein energisk perkusjonist som nesten hoppar i taket. To koristar. Ein stødig trommeslagar, og ein gitarist som er adoptert frå eit metalband.

I front står ei 1,87 meter høg kvinne med tung pannelugg. Ho har nettopp gitt ut det nokon meiner er eit av 2018s beste norske album. Hilma Nikolaisen (36) blir kalla ein av norsk rocks førstegitaristar.

Ho ser så trygg ut, der ho står med gitaren. Har full kontroll på lydbiletet og bandet. Låtane signaliserer «dette er meg, lik det eller ikkje», det er ein fullverdig rockemusikar som står der.

Det var ikkje alltid slik. Ho hadde sitt første møte med rocken som femåring. Det skulle likevel ta nesten 30 år før ho debuterte som artist under eige namn.

Hilma Nikolaisen var usikker på om musikken hennar fortente dagens lys. Lenge måtte ho ofre alt for eit anna menneske.

Kva skjedde?

Rockens urkraft

Hilma har alltid hatt musikken i kroppen.

Ho vaks opp i ein søskenflokk på sju med usedvanlege musikalske talent.

Systera hennar, Elvira, har hatt stor kommersiell suksess med solokarriere. Broren Emil er mannen bak det internasjonalt kjente rockebandet Serena Maneesh. Storebror nummer to, Ivar, er ny vokalist i Kvelertak og tidlegare kjent frå Silver og The Good The Bad And The Zugly.

Hilma var i midten, hadde tre eldre og tre yngre søsken, og var litt sjenert.

Mange ungar i huset betydde oppsamling av energi og bråk. Eit naturleg utløp for dette? Rockens urkraft vaska inn over husstanden i den vesle tettstaden Moi, der Vestlandet treff Sørlandet. Søskena var velsigna med foreldre som tolte bråk.

– Det var alltid mogleg å øve heime hos oss, fortel Hilma.

Eit gammalt foto viser henne og broren Ivar, dei poserer breibeint og spelar heftig gitar på kvar sin tennisracket. Han er fire år eldre, men startar band med veslesøstera. Namnet på bandet er ei sjarmerande feilstaving: «Mjusic».

Hilma og Ivar Nikolaisen som barn

Her øver to av norsk rocks store personlegdommar: Hilma Nikolaisen og den nye vokalisten i Kvelertak, Ivar Nikolaisen.

Foto: Privat

Søskena sette opp gryter på kjøkkenet, merka dei slik at det blei orden i kaoset og dei rette klangane kom fram. Ein gitar hadde dei også. Så kom eit ekte trommesett i hus.

– For ein kapasitet vi var for kvarandre! Vi kunne lage og trykkje opp kassettar, utan at våre foreldre merka det. Vi tenkte aldri på at namnet var stava feil, mimrar Hilma.

Etter kvart utvikla bandet seg til eit meir skikkeleg ungdomsband.

Musikken var livet. Livet var musikken.

Og slik er det framleis.

Men det er ikkje dermed sjølvsagt at Hilma Nikolaisen skulle stå her med to soloplater i handa, likevel.

Hilma Nikolaisen

Hilma Nikolaisen, desember 2018.

Foto: Javier Auris / NRK

Bassisten

Det kan ha sett ut som rockedraumen. 23 år ung varma Hilma Nikolaisen opp for nokre av verdas største rockeband: Nine Inch Nails, Oasis og The Dandy Warhols.

Ho var bassist i Serena Maneesh, rockebandet leia av storebroren Emil. Der ho stod, såg det ut som om det alltid hadde vore dette ho skulle drive med. Ho blei lagt merke til.

Bandet blei nominert til Spellemannpris og vann Alarmprisen, men møtte også noko motstand. Påfallande ofte fekk dei spørsmål om kvifor dei spelte så høgt. Og kvifor skulle det vere så bråkete og sært? I mangel på noko betre ord blei bandet plassert i båsen shoegaze (indiesjanger kjent for band som tittar ned i bakken) av musikkpressa.

Dei stod fram som mystiske, nesten litt farlege, og totalt kompromisslause, og nådde eit internasjonalt publikum.

I ein reportasje i NRKs musikkprogram «Lydverket», 2006, held Hilma seg litt i bakgrunnen i den musikalske søskenflokken:

Reportasje om familien Nikolaisen i Lydverket, 2006.

Reportasje om familien Nikolaisen i Lydverket, 2006.

– Eigentleg ikkje ein rockedraum

Bak den tunge panneluggen låg også ei anna historie.

Tre år tidlegare hadde Hilma blitt gravid, 20 år gammal, med tidlegare Mayhem-vokalist Sven Erik Kristiansen.

Livet blei snudd på hovudet, og musikken måtte vente.

Til broren bad henne vere med i Serena Maneesh.

Eigentleg skulle ho berre vere med på éin konsert på Øyafestivalen. Debutplata til bandet var ute til strålande kritikkar. Storebroren mangla bassist, og tenkte kjapt på den kule søstera si.

Hilma kjente på spelegleda etter å ha hatt pause frå musikken i nokre år.

– Eg synest jo det var heilt fantastisk å berre vere med, for eg hadde ikkje spelt offentleg på mange år, seier ho.

Serena Maneesh på Roskilde

Serena Maneesh spelte på Roskilde-festivalen i 2006.

Foto: Johannessen / SCANPIX

Éin konsert blei til fleire.

Bandet blei hylla av musikkpressa, og på utsida såg alt fantastisk ut. Snart var det forventa at ho var ein del av bandet. Det innebar ansvar. Men det var heilt tydeleg brorens prosjekt.

– For meg var det eigentleg ikkje ein rockedraum. Det kom veldig brått på, fortel Hilma.

Samtidig hadde ho byrja å forstå at sonen hadde spesielle behov. Han blei diagnostisert med autisme og epilepsi.

– Både med sonen min og musikken har eg fått erfare at dei etablerte systema kan vere utfordrande å navigere i, når ein fell litt utanfor normalen.

Som mor vart det viktig å lage ein føreseieleg timeplan. Var det i det heile tatt mogleg i ein uføreseieleg bransje som rocken?

Når ho var heime, kunne ho drive litt med musikk medan barnet var i barnehagen. Elles handla det om å skaffe barnevakt for stadig nye turnédatoar som dukka opp, og forsøkje å planleggje kvart minutt av barnets liv, utan at ho visste korleis framtida såg ut. Serena Maneesh spelte store konsertar, turnerte i utlandet, men tente dårleg med pengar.

Dagane var utfordrande, men også veldig innhaldsrike. Unge Hilma sat på turnébussen på landevegen i USA, kjente at det var godt å vere litt borte frå livet sitt, men visste samtidig at det var nokon heime som trengde henne, meir og meir.

– Det blei fort eit puslespel som vart veldig vanskeleg å leggje opp. Når eg ser tilbake på det, så tenkjer eg at fyttikatta, så slitsamt det var til tider, seier ho.

Hilma Nikolaisen

Hilma Nikolaisen på øving i desember, 2018. Inne i bomberommet øver ho inn dei nye låtane med bandet sitt.

Foto: Javier Auris / NRK

Ingen rutinemusikar

Hilma heldt det gåande slik i nesten seks år. Fordi musikken gav henne mykje – trass alt.

Kva lærte du?

– Eg lærte at du må verkeleg ville noko, viss du skal gjere det. Eg blir aldri ein rutinemusikar. Kvar konsert vi spelte, betydde veldig mykje, fordi eg visste kor mykje det kosta meg å vere der, og kva det betydde for bror min.

Ho innsåg at det var mange måtar å vere rockemusikar på.

– Eg lærte veldig mykje av å sjå andre sin måte å gjere det på. Eg kunne aldri tenkje meg å dra på ein fire veker lang fest, seier ho bestemt.

– Å dra på rocketurné kan høyrest veldig banalt ut, men det kan vere så eksistensielt også. Det kan vere livet på ein veldig sterk måte.

Etter Serena Maneesh

Forsterkarane var skrudd av. Skinnjakka hang i skapet. Huset var fylt med skulebøker. Dagane gjekk med til å gjere unna ei fornuftig sosionom-utdanning og å følgje opp sonen.

Serena Maneesh var i bakspegelen og Hilma plasserte alt fokus utanfor seg sjølv. Det var stilt frå henne, men musikken låg i hjartet.

Samtidig var det større klarleik i sonens diagnose, noko som betydde at livet var meir føreseieleg. Ho byrja å spele bass i bandet til Anne Grete Preus.

Musikken tvinga seg fram. Kva om ho gjorde noko solo? Korleis ville det høyrest ut?

Fem år hadde gått. Då ingen forventa noko, og det var som stillast rundt Hilma Nikolaisen, kom musikken til overflata igjen.

– Eg sakna å spele saman med andre. Eg sakna å lage noko, seier ho.

Hilma Nikolaisen

Vi er ganske få i dag, seier Hilma på øvinga. Vel, sju bandmedlemar møtte opp, mot ti vanlegvis. Ganske bra! Andreas Frøland på bass. Hilma viser trommeslagaren korleis rytma skal vere.

Foto: Javier Auris / NRK

Ho ville ta det heilt ned, finne ut kva låtskrivar ho var, kva stemme ho hadde. Låtane til den første soloplata, «Puzzler», blei til på kassegitar i givande einsemd.

Hilma dvelte lenge ved om musikken hennar fortente dagens lys. Ho synest det var for mange som gav ut musikk.

Det var viktig at dette blei noko ho kunne stå for.

I 2016 kom «Puzzler» ut. Kritikarane var positive. «Nikolaisen gjør rock’n’roll med den nesten arrogante selvsikkerheten som fører til at den treffer midt i blinken,» skreiv Dagsavisen. Ho blei nominert til Spellemannpris.

Det var ein plass for hennar musikk der ute. Vegen låg open.

Hilma Nikolaisen

Hilma er positivt overraska over at gitarist Eirik Opheim har øvd inn ein av dei nye låtane, fleire veker før sleppkonserten.

Foto: Javier Auris / NRK

– Eg har lov til å vere det eg er no

Den nye plata, som kom ut rett før slutten av 2018, har blitt kalla opp etter det som var hennar aller første bandprosjekt: «Mjusic». Det er lyden av speleglede. Fiffige gitarriff med røter frå The Beatles og Rolling Stones snor seg rundt ei androgyn stemme.

Ho er tilbake der ho poserte saman med broren, med beina breitt planta i rocken.

– Heile mi tilnærming til å vere i eit band kjem veldig tydeleg frå det som eg gjorde saman med søskena mine, seier ho.

Det handlar om å sleppe seg laus, stole på intuisjonen. Leve musikken, som ho gjorde som liten. Uttrykkje noko spontant og ukritisk.

– Vi var så vidt menneske, og dette kjem derifrå. Det synest eg er heilt rått.

Hilma Nikolaisen veit korleis ho vil ha ting, heilt ned til korleis den enkelte trommepedalen skal slå. Ho set eigenart høgt.

– No står eg i ein posisjon der eg ikkje treng beklage meg, vere slik eg har vore eller slik eg veit at eg vil vere seinare. Eg har lov til å vere det eg er no, og eg veit at det er bra nok. Eg veit at det naturleg ligg i meg å skulle prøve å lage noko fint for fellesskapet, seier ho bestemt.

Ho bur ute i skogen, nesten oppe i marka, der skiløparane hastar forbi. Ho har to fokus: Sonen sin. Og musikken.

Gjennom musikken oppnår ho sjølvrealisering. Kontrasten på den andre sida er fullstendig sjølvoppofring for eit anna menneske.

– Det er to fine, men ulike, sider av meg som blir foreina på ein veldig kul måte. Begge tinga dreier seg 100 prosent om livet.

Dagane ser ganske like ut. Slik må det vere, og ho likar det ganske godt.

– I staden for å sjå tilbake på alt ein ikkje ynskja, så vil eg sjå om eg kan bruke det til noko. Eg har ikkje gjort noko feil. Livet har blitt som det har blitt. Og no samlar eg all den gode energien som kjem ut.

Hilma Nikolaisen og Miika

Hilma og sonen Miika. Han har no blitt 15 år, og var med og song på den siste plata til mora: «Mjusic».

Foto: Birgitte Mandelid

Inn i musikken

– Gav du nokon gong opp musikken?

– Nei, for eg føler kanskje at eg ikkje heilt fekk begynt.

No har Hilma Nikolaisen begynt.

I øvingsrommet er det raude lyset på forsterkaren på. Dei øver til sleppfest for den nye plata. Musikken skal feirast.

Det litt alvorlege ansiktet lyser opp. Ho ristar på hovudet og ler når ho spelar feil. Vi får eit smil. Og eit til.

– Det er viktig at den slutten der er improvisert, og ikkje for innøvd. Elles blir det kristendom utan Jesus, instruerer Hilma, noko som utløyser latter hos bandet.

Bandet høgg inn i låten «Into the music». Hilma grip mikrofonen. Hadde du stått utanfor bunkersen, kunne du kanskje høyrt det svakt:

«Into the music

Out of the misery

Out of my mind

I disappear

Come with me out of here.»

Anbefalt vidare lesing: