Rasmus Sørnes klokke 1
Foto: Nima Taheri / NRK
Foto: Nima Taheri / NRK

Tidenes revansj

Rasmus Sørnes blei nekta urmakarutdanning. Så lagde han nokre av verdas mest kompliserte klokker.

I 2002 går ei heilt spesiell klokke under hammaren på det renommerte auksjonshuset Sotheby’s i New York. Ho er forgylt og kan måle riktig tid i over 25.000 år.

Sørnes-ur nummer fire
Foto: Tor Sørnes

Klokka er laga berre ved hjelp av to hender og eitt intellekt. Ifølgje seljaren, The Time Museum, er dette ei av verdas mest kompliserte klokker.

På toppen sit ei stor urskive med stjerneteikn. Under er mange små urskiver som viser rørslene til sol og måne, klokkeslett, låg- og høgvatn. Nedst har klokkemakaren funne plass til to små globusar.

Kven er det som byggjer noko slikt? Ein norsk bondeson utan urmakarutdanning.

Ur nummer fire Sørnes
Foto: Ukjent opphav.

Då auksjonarius løftar hammaren og slår han tre gongar i bordet, er summen på 295.000 dollar. Prisen svarar til 2,3 millionar kroner i dag.

Eit Noreg med fleire tidssoner

Rasmus Sørnes er Noregs ukjente Petter Smart. Han lagde fire astronomiske klokker. To av dei er rekna blant verdas mest kompliserte. I tillegg til klokka som blir selt i New York, står ei nesten maken på Borgarsyssel Museum i Sarpsborg.

Rasmus Sørnes med klokke på armen

OPPFINNAR: Rasmus Sørnes fekk ikkje tittelen urmakar, men lærte seg faget likevel.

Foto: Privat

Korleis kjem ein bondeson på tanken om at han skal bli klokkemakar?

At Rasmus Sørnes fatta særskilt interesse for klokker, har kanskje noko å gjere med at tid stadig blei ein meir sentral faktor i hans levetid.

Han blei i 1893 fødd inn i eit Noreg utan felles tid, der landsdelane opererte med ulike tidssoner. Tida blei nemleg fastsett etter når sola stod i sør, noko som førte til at det for eksempel var 22 minutt tidsforskjell mellom Oslo og Bergen. Ein person som reiste mellom byane ville måtte stille klokka.

Detalj på Sørnes-klokka
Foto: Nima Taheri / NRK

Då Sørnes var to år gamal, retta Noreg seg etter felles tid, basert på Jordas rotasjonstid rundt sin eigen akse. Jorda blei delt inn i 24 tidssoner og Noreg blei ein del av den mellomeuropeiske tidssona.

Samtidig som Sørnes vaks til, blei klokker meir og meir vanleg i Noreg. Med den industrielle revolusjonen fekk menneska i større grad behov for å vite tida, slik at dei kunne møte opp presis til arbeid.

Skapartalentet hans kom først til uttrykk i oppfinningar på garden Sørnes i Sola.

Som gutunge lagde han ei automatisk vasspumpe som letta gardsarbeidet. Blant oppfinningane var også eit lite kraftverk for nokre bønder i området. Slik fekk to gardar som låg avsidesliggande til elektrisitet og vatn. Med desse oppfinningane bak seg blei han i ungdomen kjent som «Trollmannen frå Sola».

16 år gamal bestemte han seg for at han ville bruke sine mekaniske evner til å lage klokker.

Ung Rasmus Sørnes med familie

FAMILIEN SØRNES, 1916: Rasmus (heilt til høgre, nærmast kameraet) ser bestemt ut. Han vil mot elektrisiteten, det nye, heller enn jorda. Og han vil skape framtida.

Foto: Privat

Nederlaget

Sjølv om Sørnes fekk skryt i Sola, heldt det ikkje i Stavanger.

I 1910 var Rasmus Sørnes på jakt etter lærlingplass hos urmakarane i byen. Han hadde nok tatt på seg sitt finaste tøy og viste til tidlegare bragder. Likevel var svaret nei, kvar hen han kom. Dei sa hendene hans var for store. At han ikkje passa til finmekanikk.

Den eigentlege forklaringa var kanskje heller at han var bondeson?

Når Sørnes søkte om å få gå i lære som urmakar, strakk han seg utanfor rammene som samfunnet hadde lagt opp for han. Han skulle helst kike ned i jorda og halde seg til si eiga klasse. Ikkje frekventere med urmakarar, som var høgre oppe på rangstigen.

Mange ville kanskje reist tilbake til garden, tatt til takke med arbeidet med jorda, men det gjekk ein faen i Sørnes. Om han ikkje kunne jobbe med klokker, ville han jobbe med elektrisitet. Han blei elektrikarlærling. Samtidig tok han elementærteknisk dagskule på eitt år, og skaffa seg slik kunnskap om teknisk teikning, matematikk og teknikk.

Teikning av Rasmus Sørnes

TEIKNETALENT: Ei av mange skisser som Rasmus Sørnes teikna til klokkene sine.

Foto: Nima Taheri / NRK

Sørnes gifta seg, fekk barn og jobb som radioteknikar. Han var eit arbeidsjarn som sjeldan hadde tid til pause, på fritida starta han og kona eigen radiostasjon, kan hende var det den første i landet. Sørnes las opp nyheiter og vêrmeldingar medan kona las dikt.

Han gjekk vidare med livet utan tittelen «urmakar».

Rasmus Sørnes med familie

MED FAMILIE: Rasmus Sørnes med kone og barn i 1926.

Foto: Privat

Mannen på fyret

Korleis blei han likevel klokkemakar?

I 1931 fekk Sørnes jobb på Jeløy Radio i Moss. Han bygde seg hus, tok med familien og flytta til øya.

På radiostasjonen var jobben hans å passe på alt det tekniske, men han fekk også ansvaret for lykta på eit fyr som låg utanfor Jeløy. Der lagde han mellom anna ei solcelle som lada opp batteriet på fyrlykta.

Han hadde mange nattevakter. Innimellom oppgåvene låg han kanskje og såg opp på stjernehimmelen. Var det her ideen om livsverket kom til han? Vi tenkjer sjeldan på det, men klokkene vi heile tida rettar oss etter, hentar tida si frå rørsler i verdsrommet.

Astronomisk klokke av Rasmus Sørnes

DETALJANE: Sol- og månevisarane beveger seg over dei tolv stjerneteikna.

Foto: Nima Taheri / NRK

41 år gamal tok Rasmus Sørnes opp att barndomsdraumen. Han ville lage klokker som viste oss samanhengen mellom stjernehimmelen og liva våre. I 1934-1935 bestemte han seg for å byggje sitt første astronomiske ur.

På 1930-talet blei klokkene stadig mindre i storleik, men klokkene Sørnes no via seg til, var store og tunge. Astronomiske ur inneheld mykje meir informasjon enn berre klokkeslett og dato. Sjå for deg desse klokkene som ein sanntidsmodell av solsystemet. Stjernehimmelen på klokka viser det same som du ser om du tittar opp, og du får for eksempel forståing for korleis høg- og lågvatn heng saman med rørslene til månen.

Dette var dessutan ein type ur som låg utanfor kapasiteten til dei fleste urmakarar. Luktar vi ein form for revansj?

Korleis byggje ei klokke

Med klokkene fekk Sørnes kombinert alle sine interesser og evner. Tid. Astronomi. Elektronikk.

Den nye jobben på fyret innebar nokre dagar på og nokre dagar av. På fridagane bygde han sin eigen verkstad. Familieliv blei det mindre tid til.

Forarbeidet til dei astronomiske klokkene var ekstremt grundig. «Jeg satte meg først inn i den nødvendige astronomi, og det hadde jo sine vanskeligheter,» skriv han seinare i eit notat. Han lærte seg høgare matematikk, samt tysk for å lese astronomi-bøker, og han skreiv brev til professorar med spørsmål. Så måtte han finne ut kva funksjonar klokka skulle ha og rekne ut riktige data som han kunne mate inn i klokkas konstruksjon.

Utrekningane kunne sjå sånn her ut, for éin enkelt funksjon:

Solformørkelser år 1901-2000
Foto: Nima Taheri / NRK

Deretter teikna han opp klokka med sine hundrevis av delar.

Oversikt over hjulsystem Sørnes-uret
Foto: Rasmus Sørnes / Borgarsyssel Museum

Og så måtte han lage verktøya og maskinene til å lage klokka med. Han hadde jo ikkje tilgang på urmakarverktøy.

Verktøy brukt til å lage klokke nummer tre
Foto: Nima Taheri / NRK

Først etter alt dette kunne bygginga sette i gang. Han sette saman dei små delane med sine store hender.

Den første klokka blei bygd i løpet av eitt år. Dette uret verkar å heile tida ha vore tenkt som ein test. Her konsentrerte han seg om enkelte funksjonar som flo og fjære, rørslene til månen, skotår og stjernehimmelen.

Den første klokka Rasmus Sørnes laga.

DEN FØRSTE: Klokke nummer éin.

Foto: Erik Ødegaard

Ein person som skal byggje ei klokke, vil fort bli kjent med problema med vår tidsmåling. I ei klokke tikkar tannhjula jamt og trutt, basert på utrekningar av jorda og solas rørsler. Det er berre det at rørslene til universet i realiteten er ustabile, noko som gjer at alle døgn ikkje er like lange.

Rasmus Sørnes klarte ikkje å korrigere for dei ujamne rørslene i ur nummer éin. Han må likevel ha tenkt at her var det potensial, for han gjekk raskt i gang med ur nummer to.

Andre forsøk

Han hadde i ur nummer éin basert seg på informasjon frå almanakken, men no stolte han ikkje lenger på denne. Observasjonane blei for unøyaktige, han ville dobbeltsjekke sjølv. Så han bestemte seg naturlegvis for å lage sin eigen stjernekikkert.

Stjernekikkerten blei Noregs nest største.

Rasmus Sørnes med enorm stjernekikkert

KIKKERT ELLER KANON? Under krigen blei Sørnes tvinga til å demontere stjernekikkerten. Årsak? Kikkerten var så svær at han likna på ei kanon. Naboane blei redde for at fly skulle bombe han.

Foto: Privat

Til trass for denne bragda vart Sørnes heller ikkje nøgd med ur nummer to. Dei ulike delane blei for tett pakka saman og viktige skiver og rørsler for små.

Den andre klokka Rasmus Sørnes laga.

UR NUMMER TO: Med globus på toppen.

Foto: Rasmus Sørnes

I tillegg fekk han problem med den gregorianske kalenderen. Her er det snakk om ekstremt kompliserte reknestykke, men kort fortalt så går ikkje kalenderen opp, sjølv om ein har lagt inn skotårsdag. Tre gongar kvart 400. år må difor ein skotårsdag sløyfast. Det er klart at Rasmus Sørnes ville ha dette perfekt i uret sitt!

Difor begynte han på nytt. Ur nummer tre var på gang.

Meisterverka

Ur nummer tre og fire blir rekna som nokre av verdas mest kompliserte ur. Dei er like i funksjonalitet, forskjellen er at ur nummer fire er vakrare enn tre.

Sørnes-klokke nummer tre

KLOKKE NUMMER TRE: Står i dag på Borgarsyssel Museum. Klokka går ikkje, av omsyn til vedlikehaldet.

Foto: Nima Taheri / NRK

I desse to klokkene klarte han å løyse mange av problema med ujamn tidsmåling som han hadde slite med. Samtidig handla det om å få dei ulike delane i rett storleik og uret til å hengje saman som eitt heile. For klokka er som eit menneske. Alt heng saman. Nyrer, lever, tarmar. Om nyrene sviktar, sviktar alt.

Difor finst det ei spesiell reserveløysing for straumbrot på klokkene. Dersom straumtilkoplinga blir brote, har Sørnes lagd ei reserveløysing som skal sikre at klokkene framleis går. Når straumen er tilbake igjen, går klokkene automatisk tilbake til å gå på straum igjen. Slik kan Sørnes-ura halde det gåande gjennom nesten alt.

Nedst på klokke tre og fire plasserte han ein høgtalar der eit sjølvdrive kassettband spelte av instruksjonar om klokka. Sørnes syntest så klart ikkje at han sjølv hadde fin nok stemme til å lese inn, dermed hyra han ein skodespelar.

Sørnes-ur nummer tre på Borgarsyssel Museum

KLOKKE NUMMER TRE: Nedst i midten er høgtalaren plassert.

Foto: Nima Taheri / NRK

Det er rørande å sjå alle dei små vakre detaljane han har tenkt på. Visarane har fått sol og måne på seg. Ein eigen måne er kvit på eine sida og svart på den andre, slik at når uret er i gang, vil månen bevege seg rundt, frå full til halv.

Stjerneteikn-globus på Sørnes-klokke nummer tre

SVEIP: Detaljar frå Rasmus Sørnes si klokke

Maskineriet i Sørnes-ur nummer tre
Detalj på Sørnes-ur nummer tre
Sørnes-ur nummer tre
Sørnes-klokke nummer tre

Til slutt blei klokka forgylla med konas gullsmykker, og Sørnes graverte pent utanpå.

Klokke nummer tre stod ferdig i 1954, klokke nummer fire i 1966.

Sørnes-ur nummer tre

UR NUMMER TRE: Sørnes-ura er blant dei siste manuelt laga astronomiske klokkene i verda. Sidan tok fabrikkane over.

Foto: Nima Taheri / NRK

73 år gamal var Rasmus Sørnes ferdig med livsverket og klokkene blei plassert i kjellaren. Han fekk seg ny hobby. Akvarium.

I Borgarsyssel Museum finst eit notat der Sørnes sjølv samanfattar livet sitt. Der skriv han: «Til slutt kan jeg si at den drøm om urmakerarbeide jeg hadde i min ungdom likevel er gått i oppfyllelse. Det står bare tilbake å håpe på at det lager seg så at publikum kan få nytte av det.»

Likevel har dei færraste høyrt om Rasmus Sørnes.

Kvifor blei han ikkje meir kjent?

Han brukte all si tid på desse klokkene, men folk hadde vanskeleg for å ta innover seg kva han faktisk hadde skapt. Familien forsøkte å tilby klokkene til eit par norske institusjonar, men fekk avslag.

Kanskje var det fordi han ikkje likte å prate om seg sjølv? Han kunne skape dei mest fantastiske ting, men var ingen god seljar. Dessutan hadde han ikkje status som urmakar, professor eller liknande.

På 1970-talet forsvann klokke nummer fire til USA. Amerikanske Time Museum såg verdien i klokka til Sørnes.

I Noreg var klokkene gløymde til urmakar Erik Ødegaard kom på banen. Sarpingen på 76 år er brennande opptatt av klokkehistorie.

Erik Ødegaard

URMAKAR: Erik Ødegaard er mektig imponert over kva Rasmus Sørnes fekk til. Han har brukt mange år av sitt liv på å forsøkje å løfte klokkene fram i lyset.

Foto: Nima Taheri / NRK

I 16 år brukte han sommarferiane på å reise Europa rundt og titte på dei vakraste, mest kompliserte klokkene. Overraskinga var difor stor då han ved slutten av 1980-talet oppdaga at nokre av dei vakraste stod plassert i hans nærmiljø – på Jeløy.

Ødegaard fekk etter kvart flytta klokke nummer tre, som stod heime hos dotter til Sørnes, til Borgarsyssel Museum. Der står klokka utstilt i dag.

Prosjektet til Sørnes er både urmakarhistorisk og kulturhistorisk unikt. Det finst ikkje maken i verda. Han tok mål av seg til å lage eit prosjekt som ligg langt over det vanlege urmakarar kan, seier Ødegaard.

Han er opptatt av å få fram kor spesielt det er at éin person kunne gjere alt dette. At vi må lære av Sørnes som ikkje gav seg og som sjølv skaffa seg kunnskapen han trong for å skape noko unikt.

Etter kvart fekk Sørnes ære i fagkrinsar. Mellom anna skreiv ingeniør Erik Tandberg, kjent for å ha kommentert månelandinga på NRK i 1969, ein kronikk der han omtalte Sørnes som eit unikt multitalent som fekk utretta utruleg mykje på eit høgt nivå med få ressursar.

Før Rasmus Sørnes døydde i 1967, fekk han dessutan oppleve varmen frå urmakarmiljøet. Unge urmakarlærlingar kom på besøk for å titte på klokkene. Han som var sjølvlært, lærte no bort.

Rasmus Sørnes og urmakarlærlingar

IMPONERTE: Ein eldre Rasmus Sørnes viser fram ei av mange skisser han lagde i arbeidet med klokkene. Urmakarlærlingane står i kø for å titte på.

Foto: Privat

PS: Då klokke nummer fire blei selt på auksjonen i 2002, forsvann ho frå offentlegheita. Kjøparen ville vere anonym. Erik Ødegaard har oppretta nettstaden haveyouseenthisclock.com der han ber om tips.

Kjelder: «Klokkemakeren Rasmus Sørnes» av Tor Sørnes, Sola historielag, Erik Ødegaard, Borgarsyssel Museum, Ruth Tjensvoll og Eivind Tjensvoll, Store Norske Leksikon om tid og astronomi.

Hei!

Hei! Har du litt tid, så kan du jo sende meg ein e-post med tips til nye saker. Har du god tid, så finn du våre andre kultur-langlesingar her

Anbefalt vidare lesnad: