Smartklokke-invasjonen
Frå barnehagealder har ungar smartklokker som sporar dei. Kva gjer det med ungane å vekse opp slik?
Alle andre har smartklokke, sa dottera vår Iben.
Veldig ofte sa åtteåringen dette.
I nesten eitt skuleår var middagsbordet prega av diskusjonen om ho sjølv skulle få ei slik klokke.
Smartklokke, eller mobilklokke, lar ungane ringe og bli ringt til. Ho har kamera, skritteljing og fleire andre funksjonar.
Kva skal ein unge med smartklokke? var svaret hos meg. Eg var sjølvsagt forma av min eigen barndom, fri for den type gadgets.
Men til slutt fekk Iben rett: Alle andre hadde faktisk smartklokke blant klassevennane.
Burde eg framleis halde ho utanfor?
TREND: Utanfor skuleporten til dottera mi var det lett å finne entusiastiske klokkebrukarar. (Bileta er tatt som illustrasjonar til denne saka.)
Foto: Xin Li / NRKVerda går framover
Ei heilt spesifikk digitalbølge har skylt over barnefamiliane sidan dei første klokkene blei lansert rundt 2016. På stadig fleire spinkle handledd finn du mobilklokker i rosa og blått, grønt og svart.
Nye tal frå Medietilsynet fortel at meir enn ein fjerdedel av norske barn på ni år har ei klokke du kan ringe med. (Dette er på landsbasis – klokkesalet er langt større i byane enn på mindre stader.) Smartklokka passar for ungar frå fire til ti år, seier reklamen.
Foreldre som kjøper klokka, får til kvar tid oversikt over bevegelsane til barnet. GPS-signalet lagar ein klar, raud prikk på kartet i appen på foreldretelefonen.
Eg hadde sagt nei, men begynte i det stille å undersøke barneklokkeverda.
Mange var begeistra. «Alltid på armen så eg veit kor dei er!» skriv ei mor på forumet Kvinneguiden.
No som dei aller fleste du vil ha tak i, er eit tastetrykk unna, gir det meining at også ungane har ein dings du kan kontakte dei på, og omvendt.
Og det mobilklokka ikkje har, er Snapchat, TikTok og YouPorn. Greitt å ikkje få alt internett kan by på rett i lomma når ein er i fire- til tiårsalderen.
Det var på tide å akseptere samtida. Den dottera mi ønskte seg, var svart og rosa, hadde gummireim og glatt skjerm. Det var kjærleik ved første tøtsj frå eigaren, som no var blitt ni.
Vi kjøpte klokke.
Ein rotnande digital navlestreng
Dei første dagane med klokka i hus handla om tilvenning for alle partar. Når er det lov å fikle med klokka, kor skal ho lade, og kor mange gongar skal det vere lov å ringe mamma på jobben?
No kunne eg sitte på kontoret og sjå at den raude prikken ganske riktig var på skulen. (Det var jo bra, da.)
Eg var sjølv blitt ganske opptatt av klokka og diskuterte ho med dei fleste eg traff. Ei mor eg kjenner, fortel om ein sjuårsdag heime hos dei.
Barna sat rundt eit langbord med pølse, sjokoladekake, ballongar og pynt. Mora var førebudd på høg lyd og kaos.
Det kom difor som eit sjokk at ungane stadig vekk gjekk frå bordet for å snakke med foreldra sine – på klokka. På eit tidspunkt sat over halvparten med nasen i kvar sin vesle skjerm og spelte musikk. Kvar sin musikk.
Ein av ungane stakk av frå festen undervegs og blei raskt henta utanfor nabohagen. Da mora kom for å hente den urolege gjesten og vertinna fortalde om opptrinnet, blei ho møtt med: «Eg veit det, eg følgde jo med i appen.»
Sjå for deg knøtta som sit der, allereie ute av stand til berre å vere her og no (sjølv ikkje med kake framfor seg!). Samtidig som klokka bind dei med ein rotnande digital navlestreng til mor, som har fullstendig oversikt.
Å utforske verda fritt
Kva slags konsekvensar får det seinare i livet, å vekse opp slik?
Datatilsynet trur smartklokkene kan skade dømmekrafta til generasjon raud prikk.
– Vi kan ikkje ta for gitt at barn og unge får den kjensla vi vaksne har om kva som er privatliv. Det å utforske barne- og ungdomslivet fritt på eiga hand er annleis i dag, seier direktør i Datatilsynet Line Coll.
Datatilsynet meiner klokka burde vere laga sånn at foreldre må slå på den raude prikken, at han ikkje berre er der som ein naturlov når ein kjøper mobilklokka.
Foreldre vil ha kontroll/tryggleik, dei tenker ikkje på at ei slik overvaking kan vere negativ.
Her om dagen var klassa til Iben på Sognsvann. Dette veit eg fordi eg tilfeldigvis opna appen på jobb. Eg sat bak pulten på kontoret og spionerte på dottera mi.
Dette kjentest ugreitt.
Kanskje var det min undertrykte irritasjon over å ha tapt slaget og bladd opp for klokke. Kanskje var det at den klokka tok den faste plassen kor eg pleidde å lade mobilen i stova, kanskje var det at eg blei pådytta denne raude prikken. Det var ei ny type uro over ungen som eg aldri hadde tenkt på før.
Det var på tide å stille nokon til ansvar. Eg gjekk for sjølve meisterhjernen bak den norske barnesmartklokkeinvasjonen:
Sten Kirkbak, gründer av klokkemerket Xplora.
Norske Xplora er så dominerande at det nærast har blitt synonymt med produktet barnesmartklokke. Litt som at vi seier «stillongs» om ein kategori varme plagg – dette var opphavleg ei merkevare.
Xplora-sjefen svarte raskt på e-post. Han inviterte meg heim til familien sin i Trondheim.
Overpenetrert marknad og kjøpesenterstress
Den vesle, lodne hunden deira gneldrar iltert i døropninga, men stilnar når Sten Kirkbak snakkar roleg til han. Vi blir vist til ein mjuk sofa, får te og kjeks.
KLOKKEFAMILIEN: Kona Tove Wehn er grafisk designar i Xplora. Familien bur på Ranheim i Trondheim, men har og ein bustad i Bjørvika i Oslo. Xplora har kontor i begge byar og er tilstades i 20 land.
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRKKLOKKEFAMILIEN: Kona Tove Wehn er grafisk designar i Xplora. Familien bur på Ranheim i Trondheim, men har og ein bustad i Bjørvika i Oslo. Xplora har kontor i begge byar og er tilstades i 20 land.
Foto: Erlend Lånke SolbuEg minner meg sjølv om at eg ikkje er her for å ha det hyggeleg; eg har ei samtid å redde. No må eg grille gründeren. Kvifor blei klokka fødd? spør eg, og får ei historie Sten Kirkbak har fortalt mange gonger.
Ein laurdag for tolv år sidan var Sten varm og stressa. Sonen på fem år var vekk inne på det hektiske kjøpesenteret CC Vest i Oslo. Ulike skrekkscenario rakk å sveipe gjennom hovudet til pappaen, som med raske skritt strena gjennom det altfor store senteret.
Pulsen steig, magen knytte seg.
Etter ein halvtime blei guten funnen i parkeringshuset.
TIDA FLYG: Sten Kirkbak og sonen Filip (17) med eit bilete frå den tida da Filip gjorde seg litt for kjent på kjøpesenteret CC Vest.
TIDA FLYG: Sten Kirkbak og sonen Filip (17) med eit bilete frå den tida da Filip gjorde seg litt for kjent på kjøpesenteret CC Vest.
I tida etterpå fortalde Sten ofte om den skakande opplevinga. Alle foreldre han snakka med, kjende igjen følelsen. Her var eit behov identifisert.
Sten Kirkbak jobba allereie den gongen i telekombransjen. Det blei vanskeleg å selje fleire smarttelefonar og abonnement utover 2010-talet.
– Marknaden i Noreg var overpenetrert, forklarer han.
Vi hadde (og har) til slutt meir enn éin telefon per vaksen i dette landet. Mobilbransjen trong å utvide kundegruppa, til dømes nedover i alder.
Nokre år seinare blei barnesmartklokka Xplora lansert.
TEA O' CLOCK: Det er per no tre ulike Xplora-modellar på marknaden. To produseres i Kina, ein i Sør-Korea.
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRKDen billegaste klokka kostar kring 1000 kroner, premium-modellen det dobbelte. Klokkene treng i tillegg eit abonnement til 120 kroner i månaden for å fungere. På fem år har omsetninga i Xplora vakse frå 17 millionar til 431 millionar.
Merksemda knytta til kva dei gjer, har og vakse.
Digi.no har tidlegare i haust skrive om feil på klokka som gjorde at framande kunne kontakte barn eller sjå kor dei var. (Xplora retta desse feila.) EU-kommisjonen la nyleg fram forslag til strengare lovar for smartprodukter. Klokker for barn blei trukket fram som eit eksempel.
Xplora nærmar seg ein million selde klokker. Det tyder òg ein million raude prikkar.
Far og Storebror ser deg
Eg konfronterer Sten Kirkbak med kritikken frå Datatilsynet: Kvifor er klokka laga sånn at foreldra sporar ungane automatisk?
Han kjenner til regelen om såkalla «privacy by design»: All teknologi skal ha minst mogleg inngriping i personvernet som utgangspunkt. Men han og Datatilsynet er ueinige i kva som kan kallast primærfunksjonane til klokka.
– Om foreldre hadde slått av, hadde det vore ein fordel for oss, det ville redusert store kostnadar. Sidan «prikken» er ein av hovudtenestene med klokka, så er sporinga på automatisk, seier han.
Sporinga er absolutt ikkje det viktigaste for kundane deira, seier han. Men foreldre vil at funksjonen skal vere der. I tilfelle ein kjøpesenter-situasjon, eller andre hendingar.
Og så lenge klokka opererer innanfor loven, kan ikkje Datatilsynet styre foreldras val.
Når det gjeld personvern filosoferer Sten Kirkbak: Ein liten raud prikk er vel berre kirsebæret på toppen av alt vi lar Storebror sjå om oss via mobilane våre, uansett? Eg nikkar, litt brydd. Eg har sjølv treningsklokke og smarttelefon som nok veit veldig mykje om meg.
Amerikanske tilstandar
Sten Kirkbak har nyleg snakka på ei teknologimesse i Las Vegas, om teknologi som fremmer meir aktivitet blant barn. Xplora-skaparen seier at det ikkje går så bra med den oppveksande generasjonen.
– Det er eit tog som går fortare og fortare. Barn bruker meir tid på skjerm og mindre på aktivitet. Konsekvensane er mellom anna sukkersjuke, overvekt og «lack of» konsentrasjon ... Det skyt i været, seier Sten Kirkbak.
«SKITVANSKELEG»: Tech-gründeren blir ofte spurd korleis han løyser det med ungar og skjerm i sin eigen heim. – Eg synest det er skitvanskeleg, som alle andre. Men vi har måltida utan telefon, og vi har ei tidsavgrensa skjermtid, seier Sten Kirkbak. Sonen William i bakgrunnen.
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRKKonsentrasjonsvanskar, ja. Eg tenker på barnebursdagen der dei fikla med sin eigen klokkeskjerm i staden for å ete pynten rett frå kaka og blande brus.
Det er ikkje berre raud prikk som kan vekke ubehag med barneklokkene. Det er noko med merksemda og ... vanen.
– Du seier det er betre for ein unge under ti å ha klokka enn smarttelefonen. Men kva skal ein unge med nokon av delane? Kvifor tenker vi at vi treng det?
– Det er kjempeinteressant. Eg kan ikkje svare på det frå alle moglege vinklar, men ... Ein studie vi såg frå USA, synte at barn i mindre og mindre grad fekk lov til å vere med på fritidsaktivitetar, seier han.
Foreldra i studien torde (ifølge Kirkbak) ikkje ha ungane på trening viss dei ikkje kunne nå dei direkte. Dette var i USA, eit land kjent for skuleskytingar og med ein heilt annan valdsstatistikk enn Noreg.
Sten og familien budde ein periode i USA for nokre år sidan. Nyleg er Xplora-klokka lansert på den amerikanske marknaden. Eg får innimellom kjensla av at heile klokke-retorikken er meir retta mot amerikanske tilstandar enn norske?
Xplora tenkte internasjonalt frå dag éin, forklarer Sten Kirkbak. (Tyskland er per no deira største marknad).
– Å lage eit produkt for foreldre i 20 land er supervanskeleg. Vi ville gjere oss relevante for norske og til dømes amerikanske foreldre. Det er to veldig forskjellige ting, seier han.
Det er forståeleg å vere redd for barna sine. Og foreldre opplever verda litt skumlare i dag enn før, trur Sten Kirkbak. Er ho det?
Kjensla av fare: Fake news?
La oss sjå litt på korleis det er å vekse opp i Oslo i dag, byen der dottera mi Iben og klassekameratane bur. Det var her klokkesalet først skaut fart i Noreg.
Trass i at det veks opp fleire barn og unge her i dag, har kriminaliteten i denne gruppa gått kraftig ned, syner tal frå Oslo politidistrikt. Same tendens ser ein for kriminalitet generelt i Noreg: Sidan starten av 2000-talet er melde lovbrot gått ned nesten 30 prosent. Samtidig har befolkninga vakse med nær 20 prosent.
Og på den trafikkerte skulevegen er det tryggare enn nokosinne. Medan 41 blei drepne i trafikken i Oslo i 1975, var talet 1 person i 2019.
Det var ikkje tryggare før. Men vi er reddare. Vi har større tilgang på nyhende, heile tida. Kanskje ein innebygd raud prikk òg bidrar til kjensla av at verda er utrygg, ved å fortelje at du bør kunne sjå kor ungen din er?
Klokka rettar seg mot (foreldra til) fire- til tiåringane. Kunne Xplora tenke seg yngre kunder?
– Vi vil ikkje vere dei som seier at det er greitt for ein treåring å bruke den. Vi seier berre at vi har laga eit produkt som har tatt bort mykje av det problematiske med desse, seier Sten Kirkbak og held opp ein smarttelefon.
– Men yngre barn betyr fleire klokker selde?
– Ja, ja, men hugs ... 60–70.000 kjem inni målgruppa kvart år, og. For treåringane bli jo fire.
SMARTTELEFON VS SMARTKLOKKE: Det er valet for mange foreldre til småskulebarn, meiner Sten Kirkbak. Andre moglegheiter ein kan overvege: Ein knappetelefon. Ingen telefon.
Foto: Erlend Lånke SolbuSMARTTELEFON VS SMARTKLOKKE: Det er valet for mange foreldre til småskulebarn, meiner Sten Kirkbak. Andre moglegheiter ein kan overvege: Ein knappetelefon. Ingen telefon.
Foto: Erlend Lånke SolbuTvillingane til Sten Kirkbak skal på taekwondo og vinkar ha det. På kjøkkenet hakkar au pairen grønsaker til middagen.
Vi snakkar litt om korleis vi begge var barn her i Trondheim for nokre tiår sidan. Vi blei med vennar heim. Iblant ringde vi frå hustelefonen deira.
Nokre gongar var vi plassar som foreldra våre ikkje visste at vi var.
– Eg trur vi må forhalde oss til den verda vi er i no. Vi set ikkje alle premissane, vi må følge ein trend, seier Xplora-gründeren.
Det kjem sivande god matlukt frå kjøkkenet og ut til stova der vi sit.
– Teknologien vinn alltid, seier Sten Kirkbak og slår ut med armane.
Å oppdra foreldre
Eg reiser heim.
Eg er vel usikker på om eg har redda noko som helst. Men eg har skjønt meir av kreftane som driv smartklokkeinvasjonen framover.
Mobilselskapas behov for nye kundar. Foreldra som ønsker seg ei kjensle av tryggleik. Han som fann opp det å marknadsføre klokka som eit mindre onde enn smarttelefonen.
Men frå eitt perspektiv møter barnesmartklokka ingen varme. Ingen eg snakkar med frå skuleverket til denne saka, er spesielt begeistra for klokka.
– Foreldre begynte plutseleg å ringe dei minste ungane i skuletida. Det var veldig rart, seier Ellen Bergsland.
Ho var rektor på ein skule vest i Oslo fram til 2021, og ho hugsar godt da klokka breidde om seg. (Klokkebølgen starta heilt spesifikt i denne delen av hovudstaden.)
Rektoren tok grep. Regelen blei at klokkene skal vere avslått og ute av syne i heile skuletida, inkludert fritidsordninga. Ho møtte til dels høglydte protestar frå nokre i foreldregruppa.
– Ein av foreldra sa: «Vi må jo kunne vite til kvar tid kor barna er». Nei, kvifor skal du det? seier den tidlegare rektoren.
Dersom du inni deg veit at du heile tida kan få tak i ungen, gjer det òg noko med foreldra, meiner ho.
– Det er litt tøft å leve, liksom. Det er litt tøft å vere mamma og pappa. Men navlestrengen må kuttast, seier Ellen Bergsland.
Også foreldre må bli vaksne.
Epilog
Onsdag morgon, 8:00.
Planlegge middag, fotballtrening, lekser, logistikk. Eg spinn rundt med tannbørsten i kjeften. Iben knyter skoa. «Eg hentar i barnehagen i dag og drar rett på butikken, kan du møte oss der, nei eg veit ikkje nøyaktig når, eg berre ringer deg, vennen!» seier eg.
Eit lyseblått blikk ser opp under luggen. Ho smiler.
– Eg trur du har begynt å like klokka, mamma.
Eg pustar djupt.
Mental hugselapp: Førebu meg til slaget om smarttelefonen. Eg veit jo det kjem.
*** *** ***
Kilde: Digi.no-artikkelen om sporing av barneklokker ligger her.
Hei!
Hei! Takk for at eg fekk merksemda di så lenge. Har du tankar eller meininger om det du nettopp las? Send meg ein e-post! Du kan òg sjekke ut historia om Heidi, som lager designglas av søpla vår. Ha ein strålande dag!