Oddvar Vignes
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Levemannen som ville døy

FINNØY (NRK): Ingen forstod at Oddvar ville ta livet sitt. No har han skrive bok om sitt eige sjølvmordsforsøk.

Sommaren 2009 var Oddvar Vignes toastmaster i fleire bryllaup. 29-åringen var kjent som ein levemann, kjapp i replikken, med ein smittande latter på lur.

Ifølge fastlegen var han ikkje noko særleg sjuk. Han var fortvila, men ikkje djupt deprimert.

Likevel prøvde han å ta livet sitt.

♦♦♦

13 år etter sjølvmordsforsøket møter vi Oddvar på Finnøy nord for Stavanger. Her nyt han livets glade dagar som nybakt far på garden Vignes.

Eg føler jo eigentleg at eg er inne i den beste perioden av livet akkurat no, seier Oddvar.

Kanskje ikkje så rart; gardbrukaren har nyss funne kjærleiken og gifta seg med Marie. Han har blitt far til vesle Agnes, fullført mastergrad i business administration, og ikkje nok med det: han har også fått robotmjølkefjøs på garden.

What’s not to like?

Oddvar Vignes

FAR & DOTTER: Når Agnes blir stor, skal Oddvar fortelje ho kor stort det er for ein som ville ta sitt eige liv, å få vere med på å skape eit nytt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Midt i alle desse lyse dagane har Oddvar skrive bok om den mørkaste perioden av livet sitt. Han er tydeleg på at det ikkje er ei sjølvhjelpsbok, og at han heller ikkje er nokon ekspert på sjølvmord, som kan gi faglege tilbakemeldingar til folk i krise.

Alt eg kan gjere er å fortelje mi historie. Så kan eg håpe at ho kan gi eit innblikk, og vere eit døme på korleis slike tankar kan oppstå, held han fram.

«Sjølvmordsforsøket – livet før og etter» har alt fått sin første seksar på terningen av Stavanger Aftenblad.

Kritikaren trekkjer fram det unike med forteljarstemma – at det ikkje er dei etterlatne som fortel historia, men ein overlevande som har gått gjennom heile prosessen sjølv.

Bokomslag: Oddvar Vignes - Sjølvmordsforsøket

EI ANNLEIS BOK: Oddvar synest det er stas med gode kritikkar, men han er også nervøs. Forfattaren må belage seg på litt andre tilbakemeldingar enn dei fleste andre som gir ut bok. Dei første lesarane har begynt å ta kontakt; mange nøyer seg ikkje med å berre skrive «takk for ei god bok», men også «eg slit med å få til livet mitt, kva skal eg gjere?»

Ytre sett er det ikkje så stor skilnad på 2022-Oddvar (som elskar livet), og 2009-Oddvar (som lengta etter å døy). Han var rett nok 13 år yngre, men like jovial og utåtvend, med fast jobb og fast forhold.

Det er så ufatteleg trist å tenkje på no, for eg hadde jo på mange måtar eit bra liv heile vegen. Den einaste som ikkje forstod det, var meg.

For sjølv om alt var fint på utsida, følte Oddvar seg djupt mislykka. Livet var eit slit, og postkassa fylte seg opp av ubetalte rekningar og inkassovarsel. Sjølvmord gjekk frå å vere ein freistande utveg, til å bli ein altoppslukande tanke, til å bli ein konkret dato.

Oddvar Vignes

JULI 2009: To månadar før sjølvmordsforsøket. Oddvar og kameraten har nyss vunne ein sandvolleyballkamp over to som var mykje betre enn dei på papiret. – Moglegvis mitt største sportsaugeblikk nokosinne, seier Oddvar.

Foto: Arne Nisja

Men Oddvar døde ikkje den septemberdagen i 2009. Han vakna opp igjen, og vart innlagd på sjukehus.

Sjølvmordstankane skulle framleis henge igjen mange år seinare. Men Oddvar hadde i alle fall innsett at han trong hjelp. Masse hjelp – til å forstå og rydde opp i hovudet sitt.

Vi køyrer dei få kilometrane frå garden Vignes til legekontoret på Finnøy. Her skal vi møte mannen som ifølge Oddvar forstod han betre enn nokon andre: Dr. Eivind Vestbø.

Oddvar Vignes og Eivind Vestbø

PASIENT & LEGE: Oddvar Vignes og Eivind Vestbø utanfor legekontoret på Finnøy. Legen var Oddvars trygge hamn gjennom fleire år etter sjølvmordsforsøket.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ein dødeleg situasjon

Legekontoret på Finnøy ser akkurat ut som eit legekontor skal sjå ut i Bygde-Noreg. Med raudt linoleumsgolv og kunst med visdomsord på veggane.

Både Oddvar og Eivind hugsar godt det første møtet deira for 13 år sidan. Oddvar trudde at han hadde ei heilt unik historie, som ville sjokkere fastlegen. Han fortalde i det vide og breie, medan legen berre sat og nikka. Då Oddvar var ferdig, sa dr. Vestbø:

«Men dette er jo ei klassisk suicid-historie.»

Og då vart jo eg forbanna! Eg hadde jo følt meg så spesiell. Eg som var mislykka. Eg måtte jo døy, det måtte jo folk forstå, seier Oddvar med frustrert røyst.

Hahaha, blir du framleis litt sint? spør dr. Vestbø.

Ja, eg blir faktisk det, seier Oddvar og smiler.

Eivind Vestbø og Oddvar Vignes

GRÆVLA GOD STEMNING: Det har ikkje alltid vore like mykje smil og latter på legekontoret som i dag. Noko av det første Oddvar gjorde, var å frita legen sin frå tausheitsplikta. Om familien lurte på korleis det gjekk med han, kunne dei berre ringe dr. Vestbø, som svara opent og ærleg.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I boka til Oddvar kan vi lese om eit nært vennskap som utviklar seg mellom han og fastlegen, gjennom timevis med samtalar over fleire år. Noko av det første legen måtte få pasienten sin til å forstå, var at historia hans var langt frå unik.

Dette var noko eg hadde sett mange gongar gjennom 40 år som fastlege. Dette enorme gapet mellom innpakninga og det som var inni.

Legen skildrar sjølvmordsprosessen som ein tunnel, som blir mørkare og trongare, før det til slutt opnar seg ei dør, og den døra heiter døden.

Eivind Vestbø

DR. VESTBØ: I tillegg til å vere fastlege har Eivind også vore universitetslektor ved Universitetet i Bergen og undervist ved masterstudiet for helsevitskap ved Universitetet i Tromsø. I 2012 fekk han Anders Forsdahls minnepris, som går til ein person som over mange år har utretta ein markant innsats for helsetenesta i Distrikts-Noreg.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Dr. Vestbø forklarar at folk med djup depresjon og kroniske personlegdomsavvik ofte snakkar mykje om at dei vil ta livet sitt. Sjølv om dei er i ein mørk tunnel, er det lettare for andre å sjå inn, slik at ein enklare kan oppdage sjølvmordstankar.

Folk med livsproblem og mild depresjon, som i tillegg har høg sosial intelligens og er flinke til «å opptre», har ofte heilt tette veggar. Sjølv nære vennar og familie kan difor ikkje ane kva som går føre seg på innsida.

Oddvar var totalt lukka. Både for omverda og for seg sjølv. Han opptredde glimrande, og var heller ikkje i kontakt med sine eigne følelsar. Og får du ein kombinasjon av dei to tinga, då har du ein dødeleg situasjon, forklarer Vestbø.

«Meininga med livet»

I 2014 las Oddvar ein lengre artikkel i A-magasinet om sjølvmord. Saka handla om ein mann som var forlova, flink på jobb og omtenksam på privaten. Han hadde også halde ein presentasjon på jobben som var veldig bra, og alle undra seg difor over at han hadde tatt livet sitt like etter.

Oddvar vart irritert. Han var jo også ein slik mann, som tilsynelatande hadde alt på stell. Sjølvsagt var presentasjonen til mannen i artikkelen bra. Det var jo den siste presentasjonen han nokon gong skulle halde. Same kvelden sat Oddvar seg ned og skreiv ein kronikk til Aftenposten med tittelen:

«Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjere sjølvmord»

Oddvar Vignes

EI VEKE FØR SJØLVMORDSFORSØKET: Etter planen skulle dette vere Oddvars siste bryllaup. Denne gongen var han berre gjest, men han måtte uansett halde tale. Han fekk tilbakemeldingar på at han var veldig morosam. Gjestane skal ha humra av nokre av poenga i fleire år etterpå.

Teksten vart delt hundrevis av gongar, og tilbakemeldingane hagla inn på sms, e-post og sosiale medium. Statsminister Erna Solberg let seg også inspirere, og skreiv sin eigen kronikk der ho takka Oddvar for openheita.

I kronikken skreiv Oddvar om den siste sommaren før sjølvmordsforsøket. Han skreiv om kor mykje han storkosa seg, og opplevde at han var hundre prosent til stades. Alt han gjorde, gjorde han for siste gong.

– Eg var heilt forelska i planen min. Den sommaren var eigentleg ei lang festhistorie. Endeleg hadde eg sånn skikkeleg funne meininga med livet mitt, og det var å døy.

«Helvede og hekkan»

Dr. Eivind Vestbø har jobba som lege på Finnøy sidan 1974 (han pensjonerte seg eigentleg i 2018, men har framleis ei 9 prosent stilling). På den tida har han opplevd ei stor utvikling i korleis vi som samfunn snakkar om sjølvmord.

Vi har gått frå å ikkje nemne det med eit ord, til ei mykje større openheit dei siste åra. Han meiner likevel at vi framleis kan bli litt vel kategoriske når vi omtalar tematikken.

Når vi høyrer om folk som har tatt livet sitt, så blir det alltid grunngitt med sjukdom og alvorleg psykiatri. Få er verkeleg opptatt av sjølvmordsprosessen, som er ein prosess ein kan kome inn ifrå veldig mange sider, og som er ein del av det allmennmenneskelege.

Oddvar Vignes og Eivind Vestbø

EIT SPESIELT BAND: Oddvar føler det som at Eivind har vore med han i krigen. – Så møter eg han plutseleg på butikken, og så er vi berre to stk. som møter kvarandre på butikken. Det er dritrart.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Legen kallar det lettare psykiatri, eller berre «helvede og hekkan». Alt det som folk flest kjem til å bli plaga med på eit eller anna tidspunkt i livet.

Svik, bitterheit, tap, sorg ... Eg pleier å seie at livet kan vere mykje verre enn sjukdomen. Det vi møter i livet kan vere ekstremt vanskeleg for ganske mange, seier Vestbø.

Oddvar nikkar anerkjennande. Han kan ikkje peike på ein konkret ting som gjorde at han ville avslutte livet. Det var ein kombinasjon av mange ting: jobb, økonomi, sjølvbildet og psyken, og at han i staden for å spørje om hjelp, dekte over problema sine med fleire og fleire løgner.

Spørsmålet han får igjen og igjen er: Kunne dei rundt deg ha gjort noko for å forhindre det som skjedde? Han gir det same svaret kvar gong:

– Nei.

Når det er sagt – etter sjølvmordsforsøket har Oddvar blitt mykje meir frimodig når han mistenkjer at folk rundt han slit.

Å slå på stortromma

– Om eg føler på ei uro, og mistenkjer at ting ikkje er heilt som dei skal, så slår eg på stortromma. Spesielt med folk eg kjenner, seier Oddvar.

Når han snakkar om «å slå på stortromma», så snakkar han om å stille veldig direkte spørsmål.

– Kan du spørje folk rett ut om dei tenkjer å ta livet sitt?

– Ja, det har eg ikkje noko problem med. Eg kan gremje meg over mykje, men ikkje av slike ting. Eg trur ikkje det er så farleg å spørje og grave litt, det kan vere farlegare å ikkje spørje, seier han.

Oddvar Vignes

STORTROMMIS: Oddvar meiner vi må gå frå å seie at vi ikkje er redd for psykisk helse, til å faktisk ikkje vere redd. – Vi må slutte å pakke inn tematikken i alle moglege «tøyseomgrep», og bli eit opnare samfunn.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

På veg tilbake til garden møter vi plutseleg kona Marie som går og trillar på dottera i barnevogna. Oddvar hoppar ut av bilen, vinkar oss av garde, og blir med familien sin vidare på rusleturen.

Som han skreiv i kronikken i Aftenposten, så har i alle fall livet lært han éin ting:

«Det er ingen nederlag eller nedturar som er verde å ta sitt eige liv for. Eg skulle berre ønskje at nokon hadde fortalt meg det i 2009.»

Hei!

Hei! Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! 

Les også Nullvisjon for selvmord: Tallene har ikke gått ned

Martin Johansen Gjøvik