Grieg anno 1903
Foto: Grieg07

Superstjerne i Kina

Dette er historia om korleis Edvard Grieg sjarmerte verdas største folkeslag i senk.

Du kan høyre musikken hans overalt. Som bakgrunnsmusikk på toget, over høgtalaranlegget på kjøpesentera eller som ringetonar på både mobil- og hustelefonar.

Edvard Grieg er ei stor stjerne i Kina, og meir populær enn nokon gong.

Kinesiske musikkekspertar anslår at rundt 50 millionar kinesarar spelar Griegs musikk på piano.

I år er a-mollkonserten hans, verdas mest kjente pianokonsert, 150 år. I tillegg er det 175 år sidan Grieg vart fødd (noko som også blir feira med brask og bram her heime med «Grieg minutt for minutt» på NRK).

For å skjøne årsaka til denne enorme populariteten må vi begynne med å skru tida tilbake til 1933, og møte ei lita kinesisk jente som skulle vekse opp til å bli ein av dei største kinesiske pianistane gjennom tidene: Zhou Guangren.

Ei kjærleikshistorie

Zhou Guangren var seks år da ho og foreldra flytta heim til Kina frå Tyskland i 1933.

Ho begynte på tysk barneskule i Shanghai, og fekk høyre Edvard Griegs musikk for første gong.

Tonane frå småstykka til den norske komponisten trefte rett i hjartet, og den vesle jenta bestemte seg for at dette var noko ho sjølv ville lære å spele.

Ho begynte å ta pianotimar, og vart lært opp av kinesiske pianolærarar i byen.

På dette tidspunktet var det klassiske musikkmiljøet framleis lite i Kina, men det skulle ein tysk hærførar med ein draum om verdsherredøme få ei endring på.

Zhou Guangren

UNG OG LOVANDE: Zhou Guangren viste tidleg at ho var eit stort talent på pianoet. Då dette bildet vart tatt visste ho lite om kva utfordringar ho skulle møte på seinare i livet.

Foto: privat

Zhou Guangren var 12 år då den andre verdskrigen braut ut for fullt. Krigen førte til at det plutseleg kom eit drøss med dyktige jødiske komponistar og musikarar til Kina som flyktningar.

Shanghai vart ein trygg oase for jødane under krigen, og byen vart ein metropol for nokre av verdas beste musikarar.

Guangren fekk dermed opplæring frå øvste hylle.

Etter krigen etablerte ho seg som ein av dei beste pianistane i Kina. Ho turnerte verda rundt, og vart den første kinesiske pianisten til å vinne ein pris i ein internasjonal pianokonkurranse då ho kom på tredje plass i «World Festival of Youth and Students» i Berlin i 1952.

Men sjølv om ho hadde blitt ein stor orkesterpianist, så vende ho alltid tilbake til dei korte musikkstykka.

Edvard Grieg var i all hovudsak mest kjent for småstykka sine, og det var desse stykka Guangren meinte var mest krevjande å spele.

Andre unge pianistar strevde alltid med å spele dei store kompliserte symfoniane, men Guangren var mest opptatt av å finne det store i det litle, å finne kjernen i musikken.

Ho elska Edvard Griegs musikk frå djupet av hjartet. Komponisten frå Bergen var som ein Romeo for hennar musikalske Julie. Men landsfaderen hennar var ikkje like begeistra for denne lidenskaplege eskapaden.

Flørten med Vesten hadde fått halde på altfor lenge – tida var inne for å setje inn radikale tiltak.

Kulturrevolusjonen

Den kinesiske statsleiaren Mao Zedong sette i gang ei rekkje politiske kampanjar for å endre det kinesiske samfunnet i mai 1966.

Eit av måla til Mao var knuse det som vart kalla «Dei fire gamle»; gamle skikkar, gammal kultur, gamle vanar og gamle tankar.

Vestleg musikk vart forboden i Kina. Musikklærarar vart banka opp, musikkskular vart stengt, instrument vart øydelagde, og artistar vart forfølgde.

Zhou Guangren vart forvist til landsbygda, og tvungen til hardt arbeid, som til dømes å pløye i jorda og vaske toalett og grisehus.

Dei dyrebare pianofingrane hennar vart arbeidsverktøy.

Mannen hennar klarte ikkje lenger å halde ut audmjukinga. Etter to år med undertrykking tok han sitt eige liv.

CHINA-PARTY/MAO To match CHINA-PARTY/MAO

STATSLEIAR: Mao Zedong var leiar for Folkerepublikken Kinas kommunistparti frå 1935 til sin død i 1976.

Foto: STR / Reuters

Guangren hadde nådd botnen av livet.

Før revolusjonen var ho ei lukkeleg og velståande, og attpåtil den beste pianisten i Kina.

No sat ho igjen som ei fattig enkje med to små barn, og jobba med å vaske opp andre si avføring.

Ville ho nokon gong kunne spele Grieg på pianoet igjen?

50 år seinare

– Grieg er mykje større enn de nordmenn anar, seier Guangren alvorleg.

Datoen er laurdag 9. juni 2018, og Zhou Guangren sit heime i leilegheita si i Beijing.

Ho har blitt 90 år, og er omkransa av sonen sin og fleire representantar frå den store Grieg-konkurransen i Kina. NRK er også invitert, men det skulle vise seg at journalistvisum til Kina ikkje er det enklaste å få tak i på kort varsel.

Ein god plan B var difor å besøke Guangren gjennom telefonappen «Wechat», med Rigmor Johnsen, som tidlegare har vore kulturattaché ved den norske ambassaden i Kina, til stades som tolk.

Guangren smiler til kameraet på telefonen. Ho har ei historie å fortelje – om betydninga ein liten bergensar skulle få, både for ho og det kinesiske folket under revolusjonen.

Zhou Guangren

ZHOU GUANGREN: Den kinesiske pianisten bur no i ei leilegheit på Det sentrale musikkonservatoriet i Beijing.

Foto: privat

– Det var ei tung tid, både for musikken og meg personleg, seier ho.

– Då den vestlege musikken var ulovleg vart det viktig for meg å komponere min eigen musikk. Då let eg meg inspirere av Griegs korte harmoniske musikkstykke.

Så du brukte Grieg til å lage kinesisk musikk?

– Ja, musikken hans er veldig lik den kinesiske folkemusikken. Inspirert av Grieg komponerte eg og fleire andre pianistar små folkemusikkstykke. Dette var viktig for å gi musikken vidare til borna, seier Guangren.

(Likskapen mellom Grieg og kinesisk folkemusikk får du høyre meir om seinare i saka.)

Kulturrevolusjonen varte i over ti år, og musikkonservatoriet i Beijing vart ikkje opna igjen før i 1978, to år etter Maos død.

Guangren vart invitert til å leie pianoundervisninga, og igjen kunne ho endeleg halde fram med å introdusere kinesiske ungdommar for Griegs musikk.

Nokre få år seinare, i 1982, vart Guangren utsett for ei ulykke.

Ho skulle flytte eit piano då det tunge instrumentet plutseleg velta over ho. Guangren brakk fleire fingrar, og det skulle ta år før ho nokon gong skulle klare å spele piano igjen.

Men mot alle odds klarte ho å kome tilbake.

I 1989 spelte ho ein stor konsert i Aust-Berlin, og så seint som i 1995 spelte ho Mozarts pianokonsert no. 23 i London.

På dette tidspunktet hadde Guangren blitt 67 år gammal.

Dei siste tiåra har Guangren vore ei levande legende i Kina. Historia hennar har inspirert millionar av unge kinesarar, og ho har lært opp tusenvis av unge pianistar til å spele Grieg.

Det er ingen tvil om at Guangrens kjærleik til Grieg har smitta over på det kinesiske folket, men kva er det med musikken hans som gjer at kinesarane likar han så godt?

Grieg + Kina = sant

Mykje av forklaringa for Griegs suksess kan vi faktisk finne i dei kinesiske skulebøkene.

I femte klasse må elevane samanlikne «Morgenstemning» av Grieg med den kinesiske folketonen «Fiskebåten syng om kvelden». Likskapen er slåande.

Begge melodiane byggjer på den pentatoniske skalaen som er vanleg både i norsk og kinesisk folkemusikk. Denne skalaen har berre fem tonar per oktav, i motsetning til sju som er vanleg i vestleg musikk.

Griegs musikk høyrest rett og slett kinesisk ut.

Kinesisk skulebok

GRIEG PÅ KINESISK: I denne skuleboka for femte klasse lærer kinesarane om Edvard Grieg.

Foto: Huang Qingjun

I motsetning til mange av dei andre klassiske stykka er han svært harmonisk, noko som har vore ein viktig grunnverdi i den kinesiske kulturen i tusenvis av år, både gjennom buddhismen, daoismen, filosofen Konfucius og Yin og Yang.

Dei siste åra har også den øvre mellomklassa i det kinesiske samfunnet vakse kolossalt. Pianoet blir assosiert med rikdom og klasse, og det å ha eit barn som meistrar instrumentet blir sett på som ei statussymbol.

Grieg 175 år

I juni 2018 blir ein stor pianokonkurranse for ungdommar arrangert i Beijing.

Zhou Guangren er æresmedlem i juryen og skal velje ut ein heldig vinnar som får spele Griegs a-mollkonsert med Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester på ein internasjonal musikkfestival i Qingdao i august.

I mellomtida skal Noreg feire den vesle komponisten frå Bergen med verdas lengste Grieg-konsert. 15. og 16. juni skal nasjonalromantikken feirast, og heile «Noregs soundtrack» skal blomstre ut av tusenvis av norske TV-skjermar.

Guangren skal sjølvsagt også feire heime i leilegheita si i Beijing, i trygg visse om at Edvard Grieg ikkje berre er norsk, men også litt kinesisk.

Alt om NRKs store Grieg-sending: