Hopp til innhold

Slik blir verdas lengste Grieg-konsert

Fredag 15. juni ville Edvard Grieg fylt 175 år. Dette feirar vi med å sende heile «Noregs soundtrack» på NRK.

Grieg minutt for minutt

SAKTE-TV: Verdas lengste Grieg-konsert går av stabelen i Bergen og Oslo, 15. og 16. juni.

For første gong i historia skal heile Edvard Griegs musikkproduksjon bli framført i ein konsert.

I løpet av 30 timar skal over 600 musikarar til saman spele seg gjennom 74 ulike musikkstykke.

Konserten startar kl. 17:30 fredag 15. juni, og ymse kor og orkester skal bytte på å spele frå Troldhaugen og Grieghallen i Bergen, og Store studio i Oslo. Om alt går etter planen skal konserten avsluttast seint på kvelden, laurdag 16. juni.

  • NB! Både Store studio i Oslo og Troldhaugen i Bergen har gratis inngang og er open for publikum gjennom heile arrangementet.
Grieg minutt for minutt programleiarar

Desse programleiarane skal lose sjåarane gjennom 30 timar med Grieg-musikk. Frå venstre: Mari Lunnan, Helene Vassbotten Lervik, Øyvor Bakke, Arild Erikstad, Per Sundnes og Frode Larsen.

Foto: NRK

Lurer du på noko om Edvard Grieg eller arrangementet?

Følg sendinga på TV, nett eller på radiokanalen NRK Klassisk.

Du kan også snakke med oss på NRK.no, eller kontakte oss via sosiale medier under emneknaggen #nrkgrieg.

Eit utval av spørsmåla og responsen frå publikum vil bli vist på TV-sendinga i løpet av helga.

Her kjem nokre av høgdepunkta frå den 30 timar lange sendinga:

Fredag kl. 17:35

  • Opus 1: «Fire klaverstykker»
Edvard og John Grieg

STUDENTAR: Edvard og broren John Grieg frå studietida i Leipzig i 1859-60.

Foto: Griegmuseet
  • Stad: Troldhaugen, Bergen
  • Musikar: Kei Solvang

Musikkstykka (eller opusar som dei heiter på fagspråket) blir spelt i kronologisk rekkefølge, og vi startar difor med det første stykke 18 år gamle Grieg skreiv til avgangseksamen ved konservatoriet i Leipzig i 1862.

Grieg skildra stykka seinare som «elevmessig», og meinte det hadde vore best om dei hadde vore «..overlatt til fullstendig glemsel». Slik musikk er dessverre vanskeleg å gløyme, og blir difor ein naturleg start på denne lange konserten.

Fredag kl. 19:20

  • Opus 8: «Fiolinsonate nr. 1 i F-dur»
Leif Ove Andsnes spiller Til Elise for aller første gang

MEISTER: Leif Ove Andsnes blir sett på som ein av verdas aller beste pianistar. Karmøybuen var også ein av initiativtakarane til «Grieg minutt for minutt».

Foto: NRK
  • Stad: Troldhaugen, Bergen
  • Musikarar: Henning Kraggerud og Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes og Henning Kraggerud er to av Noregs aller største musikarar. Dei har fått den store æra av å spele Griegs første fiolinsonate frå 1865.

Grieg skreiv sonaten på ein ferietur til Rungsted, utanfor den danske hovudstaden. Den norske komponisten Gerhard Schjelderup skildra stykket som «arbeidet til ein ung mann som berre har sett livets solside».

Fredag kl. 21:27

  • «Den forbudte symfoni»
Edvard Grieg ved klaveret

SJØLVKRITISK: Edvard Grieg blir sett på som ein av verdas største komponistar, men klarte likevel berre å skrive ein symfoni. Den var han attpåtil så misnøgd med at han forbaud andre å spele han.

Foto: Edvard Grieg Museum Troldhaugen
  • Stad: Store studio, Oslo NRK Marienlyst
  • Musikarar: Kringkastingsorkestret

Om du ikkje vil vere med på noko ulovleg bør du lukke øyra kl. 21:27 på laurdag. Då skal nemleg Kringkastingsorkestret framføre tredje sats av «Den forbudte symfoni» i Store studio i Oslo.

Dette er den einaste symfonien Grieg skreiv, og stykket vart berre framført fem gongar før han valde å trekke verket frå offentlegheita. For å vere sikker på at verket ikkje vart spelt igjen skreiv han med store bokstavar på partituret: «Må aldri oppføres!»

Det skulle ta heile 114 år før Moskva Radios Symfoniorkester til slutt trassa forbodet og framførte stykket, 9. januar 1981. Sidan har forbodet blitt brote mange gongar. På vegner av Kringkastingorkestret er det likevel på sin plass å enda ein gong seie unnskyld til Grieg.

Fredag kl. 21:51

  • Opus 16: «Klaverkonsert i a-moll»
Håvard Gimse Håvard Gimse

GRIEG-ENTUSIAST: Griegs berømte a-mollkonsert fyller 150 år i år. Håvard Gimse har spelt konsert mange gongar før, og har dermed funne si heilt eiga tolking av stykket.

Foto: John Andresen
  • Stad: Grieghallen, Bergen
  • Musikarar: Håvard Gimse med Bergen Filharmoniske Orkester

«Klaverkonsert i a-moll» blir omtalt som verdas mest kjente pianokonsert. Dei aller fleste pianistar har han på repertoaret, og konserten er ein av dei mest framførte i sin sjanger.

I Grieghallen har pianisten Håvard Gimse fått æra av å framføre konserten saman med Bergen Filharmoniske Orkester.

Fredag kl. 23:53

  • Opus 21: «Fiskerjenten»
Tora Augestad

FISKERJENTE: Musikar og skodespelar Tora Augestad skal synge «Fiskerjenten».

Foto: Åsa Maria Mikkelsen
  • Stad: Troldhaugen, Bergen
  • Musikarar: Tora Augestad og Joachim Carr

Det nærmar seg midnatt, og ser du utover Nordåsvatnet kan du sjå ein liten båt nærme seg land. Men kven er det som sit i båten? Fiskerjenten så klart! Ho er på veg til Troldhaugen for å synge fire dikt av Bjørnstjerne Bjørnson, tonesett av Edvard Grieg.

Bjørnsons roman vart filmatisert i 2001 med Herborg Kråkevik i hovudrolla. Denne gongen er det musikar og skodespelar Tora Augestad som har fått rolla som fiskarjente.

Laurdag kl. 03:29

  • Opus 27: «Strykekvartett i g-moll»
Engegårdkvartetten

ENGEGÅRDKVARTETTEN: Dette firkløveret oppstod da fire musikarar møtte kvarandre på Lofoten Internasjonale Kammermusikkfest i 2004. Sidan har dei turnert over heile verda saman.

Foto: Espen Mortensen
  • Stad: Troldhaugen, Bergen
  • Musikarar: Engegårdkvartetten

Den anerkjende Engegårdkvartetten har turnert over heile verda. Natt til laurdag 16. juni samlar dei seg på Troldhaugen for å spele saman. «Strykekvartett i g-moll» blir sett på som eit banebrytande og eineståande verk i Europeisk musikkhistorie, og spesielt måten Grieg skreiv opninga på hadde aldri blitt gjort tidlegare.

Stykket begynner natt til laurdag kl. 03:29 og tar ca. 36 minutt å spele. Med andre ord rekk du akkurat å kome deg heim frå byen i tide. Då har du god tid til å ta deg ein frosenpizza og pusse tennene medan du høyrer på nydeleg musikk frå Grieghallen i Bergen.

Laurdag kl. 06:22

  • Opus 35: «Norske danser»
Norge Rundt-vignett

NASJONALROMANTIKK: Få melodiar har blitt spelt oftare i Noreg enn «Norsk dans nr. 2». Både gjennom TV-ruta på Norge Rundt og gjennom titusenvis av nabolag med isbilen.

  • Stad: Grieghallen og Troldhaugen, Bergen
  • Musikarar: Signe Bakke og Turid Bakke Braut

Norsk dans nr. 2, eller Allegretto tranquillo e grazioso, er betre kjent i Noreg som «Norge Rundt-songen» eller «Isbil-songen». Passande nok skreiv Grieg verket medan han var på sommarferie i Hardanger.

Bergen filharmoniske ungdomsorkester skal framføre Norsk dans nr. 2 i Grieghallen. Deretter får vi høyre opuset for firhendig klaver med søstrene Signe og Turid Bakke på Troldhaugen.

Laurdag kl. 10:30

  • Opus 46: «Peer Gynt suite nr. 1»
Ellen Horn i Peer Gynt-spelet

PEER GYNT: Skodespelet om Peer Gynt har blitt satt opp over heile verda. Her er Ellen Horn og Dennis Storhøi i aksjon under Peer Gynt-spelet i Gålå.

Foto: Jørgen Skaug - Peer Gynt as
  • Stad: Store studio, Oslo NRK Marienlyst
  • Musikarar: Kringkastingsorkestret

Musikken frå Peer Gynt står som ein bauta i norsk musikkhistorie. Melodiane frå stykket har blitt kjent over heile verda, og har gjort Edvard Grieg til ein av verdas mest «sampla» klassiske artistar.

Grieg skreiv musikken til skodespelet allereie i 1874, men dei beste stykka frå skodespelet vart ikkje skrive om til suite før i 1888.

PS: Musikken frå heile teaterstykket blir framført frå Grieghallen natt til laurdag ca. kl. 00:49.

Laurdag kl. 16:10

  • Opus 61: «Barnlige sange»
Førde gutekor og Bergen guttekor i Corpus Christi College Chapel i Cambridge

KOR: Edvard Grieg skreiv musikk for alle fasar av livet.

Foto: Randi Indrebø / NRK
  • Stad: Troldhaugen, Bergen
  • Musikarar: Elevar frå Bergen kulturskole, Bergen guttekor, Bergen pikekor, Edvard Grieg ungdomskor og pianist Ellena Hale.

Grieg hadde dårlege minner frå skuletida, då han fekk få moglegheiter til å utfalde seg med sine kreative emne. Han takka difor gladleg ja til å tonesetje fleire dikt frå forfattaren Johan Nordahl Brun Rolfsen si revolusjonerande lesebok.

«Læsebog for Folkeskolen» vart skrive på eit språk som var lettare for born å forstå, og sjølv om Stortinget sa nei til å støtte arbeidet hans, vart ho gitt ut og brukt i det norske skulestellet i fleire tiår fram til 1950-talet.

Laurdag ettermiddag kjem tre ulike barne- og ungdomskor til Troldhaugen for å framføre «Barnlige sange».

Laurdag kl. 17:45

  • Opus 65: «Lyriske stykker VIII»
Kongevegen over Filefjell

BRYLLAUP: Troldhaugen inviterer til ekte bryllaupsfeiring, saman med eit par som har valt å feire bryllaupsfesten med Griegs romantiske tonar i bakgrunnen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
  • Stad: Troldhaugen, Bergen
  • Musikar: Nils Anders Mortensen

Ingen Grieg-markering utan eit ekte bryllaup. Laurdag ettermiddag inviterer Troldhaugen difor til bryllaupsfest, sjølvsagt akkompagnert av Griegs lyriske stykke: «Bryllupsdag på Troldhaugen».

Stykket vart passande nok gitt ut i samanheng med Nina og Edvard Griegs 25 års bryllaupsdag, som vart feira i pomp og prakt med 130 gjestar, sommaren 1892.

Laurdag kl. 22:43

  • Opus 74: «Fire salmer»
Grieg minutt for minutt

LEGGETID. Etter 30 timar med Grieg-musikk blir det heile avslutta med korsong utanfor grava under Troldhaugen.

  • Stad: Troldhaugen, Bergen
  • Musikarar: Audun Iversen og Edvard Grieg kor

30 timar med Grieg-musikk blir avslutta med korsong utanfor Nina og Edvard Griegs grav, som ligg i ei krypt under Troldhaugen.

Edvard Grieg skreiv «Fire salmer» hausten 1906, nokre få månadar før han døde av lungeemfysen, 64 år gammal.

Den fjerde og siste salmen har passande nok fått namnet «I Himmelen, i Himmelen».

PS: Om du vil ha fleire godbitar kan du sjå heile sendeskjemaet her.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.