– Ja, eg har flytta tilbake, stadfestar Ambjørnsen på telefon til VG.
Han har lenge vore open om sin eigen kols-diagnose og seier til VG at han er avhengig av tilsyn og oksygen.
Ambjørnsen har i mange år vore ein av landets mest kjende forfattarar.
Han er kjend for romanar som «Hvite niggere», «Døden på Oslo S» og bøkene om Elling.
Ifølgje VG er Ambjørnsen no pasient på ein privat sjukeheim. Målet er å trene seg opp til å kunne flytte inn i eiga leiligheit i Tønsberg.
Ingvar Ambjørnsen då han fylte 60 år.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NRK– Eg må ha oksygen heile tida, og det kan eg ikkje få i leilegheita førebels, seier forfattaren til VG.
Sjølv om han er redusert av den alvorlege sjukdomen har han ingen planar om å gje seg med skrivinga.
– Eg har absolutt ikkje lagt opp som forfattar, seier han til avisa.
Til VG fortel Ambjørnsen at han ikkje har vore i Noreg sidan 2019 og har levd mykje isolert i Hamburg.
Han har gitt få intervju dei siste åra, mykje på grunn av helsesituasjonen.
Ingvar Ambjørnsen og kona Gabriele Haefs fotografert i Hamburg i 1988. Ho er sjølv forfattar og oversettar.
Foto: NTB