Hopp til innhold

Har dedisert låta til mora heime i Ukraina

Medan dei andre artistane førebur seg på årets store musikkfest, fryktar det ukrainske bidraget for livet til familien i heimlandet. Ein frå bandet er igjen i Ukraina.

Frå første øvinga til Kalush Orchestra i Eurovision 2022

UKRAINA: - Vi gjer dette for landet vårt, seier Oleh Psiuk med den rosa hatten til NRK.

Foto: Andres Putting / EBU

– Det er vanskeleg å våkne om morgonen å ikkje vite om familien din er i live. Desse missilane er som ein rulett, så det spelar ingen rolle om vi er i Torino eller Ukraina. Vi er her for å bevise at ukrainansk kultur eksisterer.

Det seier Oleh Psiuk til NRK Ukeslutt frå Torino i Italia. Han er frontfigur i Kalush Orchestra som no skal representere krigsråka Ukraina i årets store musikkonkurranse.

For å få til eit intervju med Kalush Orchestra har vi ein tolk i Ukraina som oversett intervjuet via Torino, der Oleh er, til Oslo der vi held til.

Psiuk seier det er utfordrande å vere i Torino akkurat no.

Ukraina skal, etter mykje usikkerheit, stå på scena under årets konkurranse. Det var først venta at bandet skulle opptre via eit videoopptak, men dei fekk seinare lov til å reise til Torino.

Syng om «mor Ukraina»

Sangen «Stefania» blei skriven lenge før krigen starta, og var dedisert til mora mi. Men den har fått ei anna, djupare meining no etter krigen starta, seier Psiuk til NRK.

Etter invasjonen av landet fortel Oleh at mange har brukt songen som eit symbol på at Ukraina er landet deira, eller at mi mor er Ukraina.

Frå første øving, Ukraina, under Eurovision 2022

LYST: Sceneshowet til Ukraina under konkurransen vil vise lite tvil om kven som står på scena.

Foto: Andres Putting / EBU

Sidan invasjonen starta har alle menn mellom 18-60 år blitt beordra til å bli att i landet. Det fekk også konsekvensar for Kalush Orchestra.

Kva synest du om at din eigne folk frå Ukraina kanskje ikkje får med seg songen og showet?

– Det er den verste følelsen, seier han.

Ein frå bandet er igjen i Ukraina medan resten bandet er i Torino.

Oddsen har ein klar favoritt

På oddslista til Eurovisionworld er Ukraina ein klar vinnar av årets Eurovision Song Contest. Ifølgje bookmakarane er det 44 prosent sjanse for ein ukrainsk siger. Det ukrainske bandet har fått med seg kva bookmakarane seier.

– Denne sigeren ville vore viktig for alle ukrainarar fordi kvar ein siger er viktig for oss. Eg er sikker på at det ville hjelpt på moralen, seier rapparen.

Noregs bidrag Subwolfer under første øving i Torino.

WOOF: Noregs bidrag Subwolfer under første øving i Torino.

Foto: Nathan Reinds / EBU

Noreg ligg per 6. mai på 7. plass på oddslista med 2 prosent sjanse for siger.

Dei største utfordrarane til Ukraina er truleg Italia med Mahmood & Blanco og Sverige med Cornelia Jakobs. Desse to ligg høvevis på 2. og 3. plass på oddsen.

Dette skal skje den neste veka

Komande tysdag er det den første semifinalen. Då skal 17 land bli til ti land. Då skal både Ukraina med Kalush Orchestra, Noreg med Subwolfer og Hellas med norsk-greske Amanda Tenfjord stå på scena.

Semifinale 1 går på NRK1 tysdag 10. mai frå klokka 21:00.

Dame går foran plakat til Eurovision i Torino

SNART KLART: Desse dagar held alle landa på med øvingar med kostymer og meir foran neste veke.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP

Torsdag er det den andre semifinalen, og då skal 18 land bli til ti.

Semifinale 2 går på NRK1 torsdag 12. mai frå klokka 21:00.

Totalt er det 25 land med i den store finalen laurdag 14. mai. Dei fem største landa, Italia, Frankrike, Tyskland, Spania og Storbritannia, er automatisk vidare til finalen.

Den store finalen

I fjor var det Italia med Måneskin som vann Eurovision.

Måneskin Eurovision Song Contest 2021 Rotterdam vinner

MÅNESKIN: Med låta Zitti E Buoni vann det italienske bandet Eurovision Song Contest 2021.

Foto: Andres Putting / EBU

Men kven blir det i år?

Paljettar, fyrverkeri og eit festshow med Eurovision Song Contest kan du følge på NRK.no, NRK P1 og NRK1 gjennom heile kvelden laurdag 14. mai.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska