Hopp til innhold

Ronnie James Dio er død

Tungrock-legenden Ronnie James Dio er død, 67 år gammal.

Ronnie James Dio

Ronne James Dio i Oslo Spektrum i fjor.

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Ronnie James Dio, kjend frå band som Rainbow, Black Sabbath, Dio og Heaven and Hell, har hatt diagnosen magekreft sidan november i fjor.

Det var kona hans, Wendy Dio, som i dag stadfesta at mannen var død, etter at dukka opp rykte på Internett. Tidlegare 16. mai vart desse rykta avsanna, men i kveld kom stadfestinga på at den verdskjende tungrock-vokalisten var død.

- I dag er hjartet mitt knust. Ronnie døydde fredeleg kl. 07.45, etter at mange vener og familiemedlemer hadde fått sagt farvel til han. Ronne visste kor høgt elska han var, skriv ho på den offisielle heimesida til Ronnie James Dio .

Ho ber samstundes om at familien får vere i fred nokre dagar slik at dei kan forsone seg med det store tapet. Ho ber også fansen hugse kor mykje Ronnie James Dio sette pris på tilhengjarane sine, og at musikken hans vil leve til evig tid.

Ronnie James Dio vart fødd 10. juli 1942 i Portsmouth, New Hampshire i USA under namnet Ronald James Padavona, blir de topplyst på Wikipedia.

LES OGSÅ: Black Sabbath-kloning avlyser

LES OGSÅ: Dio har kreft

LES OGSÅ: Dio må avlyse konserter

LES OGSÅ: Dio lover masse nytt

LES OGSÅ: Trolig over og ut for Black Sabbath

LES OGSÅ: Heavyrockens viktigste valg

Kulturstrøm

  • Operaen vann pris for operaalbum

    Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske innspelingar.

    – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding.

    Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane innan klassisk musikk.

  • Bergen Filharmoniske Orkester vann prestisjetung pris

    Bergen Filharmoniske Orkester vann prisen Orchestra of the Year 2025 i London onsdag kveld. Det er tidsskriftet Gramophones som deler ut prisen. Deira årlege Classical Music Awards er nokre av dei mest prestisjetunge prisane innanfor den klassiske plateindustrien, og kan samanliknast med Grammy Awards, skriv Bergen Filharmoniske Orkester i ei pressemelding.

    Det viktigaste med denne prisen er kanskje ikkje at me får han for det me allereie har oppnådd, men at den viser kva som er mogleg. Bergen er kanskje ikkje nokon stor by i europeisk målestokk, men framleis ein musikk- og kulturby av internasjonalt format. Heile byen kan vera stolte av Bergen Filharmoniske Orkester, seier Sigurd Sverdrup Sandmo, som er direktør i Musikkselskapet Harmonien.

    Torsdag kveld skal orkesteret feira sigeren saman med publikum på konsert i Grieghallen, skriv BT.

    en mann og en kvinne som sitter på en benk
    Foto: Henning Målsnes
  • Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» av medisinske årsaker

    Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» før lørdagens konkurranse.

    Det er vonde tær som gjør utslaget, melder TV 2. Nærmere bestemt en stor betennelse i to tær som har vart i to år.

    – Jeg trosset legen i to uker, gikk på parketten med sterke smertestillende, bedøvelsessprøyter og kortison. Det har vært en lege som har sagt at jeg ikke skal danse, men jeg trosset ham i to uker. Nå sa han: «Nok er nok, nå går det ikke lenger. Det er uforsvarlig at du fortsetter», sier Bakke.

    Han er «skikkelig lei seg» over å måtte trekke seg fra «Skal vi danse», som han drømte om å være med på i ti år.