Hopp til innhold

Gjekk i land på Utøya medan Breivik enno var på øya

Sissel Martinsen og Helge Wettre dro over frå hytta og redda fleire unge menneskeliv medan Anders Behring Breivik framleis var på Utøya.

Sissel Martinsen og Helge Wettre i båten utenfor Utøya noen dager etter 22.7.

Sissel Martinsen og Helge Wettre i båten utenfor Utøya noen dager etter 22.7.

Foto: Silje Martinsen Wettre / privat

Dei tok med alle dei overlevande dei fann, før dei måtte kome seg vekk frå øya.

Dette er historia om nokon av dei som redda liv 22. juli.

Høyr radiodokumentaren: Hjelparane
Last ned podkast: Hjelparane

Medan Sissel Martinsen og Helge Wettre frakta hardt skadde ungdommar frå Utøya til fastlandet, tok 75 år gamle Anne Lise Buer imot mellom 20 og 30 fortvila og livredde AUF-arar i hytta si.

Ein våt ung mann i hytta

Sissel Martinsen stod på terrassen då dei fyrste skota small, og lurte på om ungdomane skaut opp rakettar på Utøya.

Anne Lise Buer var i gang med middagen og trudde det var luftbobler under potetkjelen som laga lyd. Ho går for å sjekka, og brått står ein våt ung mann i hytta og seier: «Det er en politimann som skyter på oss AUF-ere».

Når Anne Lise og familien kikkar ut vindauga, ser dei mange unge menneske i vatnet.

– Trudde han var død, men så pusta han

Like etter tek Sissel og Helge båten og køyrer mot Utøya. Dei har tatt med seg nokre ullteppe i farten. Handlar rasjonelt, er ikkje redde.

Dei går i land og reddar fleire unge menneskeliv medan Anders Behring Breivik framleis er på øya.

– Vi gjekk i land og fekk med ei jente som hadde blitt skoten i beinet, så det hadde knekt. Vi fekk ho opp på det lille fordekket på båten. Tre-fire andre fekk vi også om bord, som var meir eller mindre i sjokk, seier Helge.

– Ein av dei var veldig forferda og uroleg. Berre det å få plassert ham i båten, var ikkje lett. Vi så også at det lå ein hardt skada gut ved ein bergvegg. Eg trudde han var død, men så pusta han. Vi fekk lagt ham i båten, han blødde fælt frå nese og munn, forteljer Sissel.

(Saken fortsetter nedanfor biletet)

Utøya panorama

Utøya sett fra Tyrifjorden.

Foto: Kim Erlandsen

Varm te med teskei

Anne Lise si dotter Kjersti og svigersonen Sjur dreg ungdom etter ungdom opp frå det kalde vatnet. AUF-arane kjem skrikande og krypande over dørstokken til Anne Lise.

Ho vrengjer av dei dei våte kleda, held rundt dei redde ungdommane og seier at no er dei trygge.

– Eg tenkte, kva eg ville gjort med mine egne born, fortel Anne Lise.

– Eg ga dei litt te, slik at dei kunne ha noko varmt i hendene. Ein gut skalv så veldig, så eg prøvde å få han til å drekke litt, men det klarte han ikkje. Då prøvde eg med teskei. Han klarte ikkje å svelgje då heller.

– Tent lys kvar dag sidan

Det dei var vitne til ettermiddagen 22. juli kjem dei aldri til å gløyma.

– Jeg har aldri opplevd dystrere kveld i hele mitt liv enn den kvelden etter at ungdommene var reist fra oss, seier Anne Lise.

Sissel går framleis i halv sjukemelding og lurar på om det har gått opp for dei, og om det som skjedde verkeleg har skjedd. Det dei tenkjer mest på er korleis det har gått med alle ungdomane.

– Vi har hatt roser på bordet og tent stearinlys kvar dag sidan, seier Sissel.

Hjelparane - ein radiodokumentar om nokon av dei som redda liv 22. juli - er lagd av Kari Hesthamar. Merete Antonsen har teknisk regi.

Kulturstrøm

  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP
  • Robbie Williams-konsert i Tyrkia avlyst

    En kilde ved provinsmyndighetene i Istanbul oppgir «sikkerhetsbekymringer» som årsak overfor nyhetsbyrået AFP uten å utdype. Williams skriver også på Instagram at sikkerhet er årsaken til at konserten blir avlyst, og beklager sterkt for at han ikke får opptrådt.

    Konserten i Istanbul ville funnet sted på samme dato som Hamas-angrepet mot Israel i 2023 som førte til krigen i Gaza. I forkant av konserten hadde mange aktivistorganisasjoner tatt til orde for at den måtte avlyses, og Williams ble omtalt som «sionist». Det var også planlagt demonstrasjoner.

    Williams, som har en kone som er jødisk, opptrådte i Israel både i 2015 og 2023. Han måtte tåle mye kritikk for at han gjorde det.

    (NTB)

    Robbie Williams - nærbilde av mann med mørk grått hår og rosa dress
    Foto: Chris Pizzello / AP