Den nord-norske diktarpresten Petter Dass levde på 1600-talet, og har blitt framstilt som ein folkekjær og snill velgjørar i møte med fattigfolk. Men dette stemmer ikkje.
- Diktarpresten Petter Dass var ein kynisk pengeinnkrevar, seier historikaren Kåre Hansen frå Sandnessjøen.
I ei ny bok slår han hull på myta om Petter Dass som ein folkekjær og snill diktaprest.
- På slutten av 1600-talet var Petter Dass ein av dei rikaste mennene mellom Bergen og Kirkenes, med over 1100 leiglendingar i si teneste. Petter Dass krevde inn all gjeld. Enker og born etter omkomne fiskarar sat att i den største armod, seier Kåre Hansen.
I boka avslørar han også at Petter Dass samarbeidde med storsmuglaren Benix Nebel.
- Mykje av det eg har funne gjer at moralen til Petter Dass kjem i eit underleg lys, seier Kåre Hansen.
Høyr:
Norgesglasset NRK P1