Hopp til innhold

Odd Einar ute av Stjernekamp: – Det var surt

Etter å ha sunge hiphop og framført show i sjangeren eurodance var det Odd Einar som trakk det kortaste strået i kveld. – Det var surt, seier han.

Odd Einar - Stjernekamp 3. oktober - hiphop. Fra generalprøven.

FUNK: Odd Einar med framføring av funk og hiphop-låten All Good? Det var dessverre ikkje nok for å vere med vidare.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Det var elektrisk stemning under kveldens Stjernekamp då artistane bydde på både hiphop og gruppeframføring i den energiske sjangeren eurodance.

Odd Einar Nordheim var ein av dei som imponerte ekspertane i kveld, men det var dessverre ikkje nok til å bli med vidare i musikk-konkurransen.

– Det var surt. Eit av dei største ønska mine var å synge med KORK, som skulle vere neste runde, seier han.

Trass i avskjed er han takksemd for erfaringane han har fått, og trekker spesielt fram norsk på norsk-sendinga førre veke.

– Eg fekk mykje glede og kjærleik frå publikum, det var utruleg sterkt, fortel han.

Han seier det viktigaste han kjem til å ta med seg vidare er dei vakre vennskapa han no har stifta.

Odd Einar, Vegard og Emils gruppeoppgave i Stjernekamp 3. oktober. "Cotton Eye Joe". Fra generalprøven.

COTTON EYE JOE: I andre del av sendinga framførte Odd Einar Cotton Eye Joe av Rednex saman med Vegard Bjørsmo og Emil Solli-Tangen.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Trass i at det vart meir fritid no enn han hadde håpa på, har han framleis ting som skjer framover.

– Eg skal gi ut plate i november, og då skal eg ut og spele litt. Og så ser eg fram til å gi dei heime ein god, etterlengta og lang klem, seier han.

Men fyrst gler han seg til å bytta frå cowboy-kostyme til vanlege klede, og ta ein øl saman med dei andre deltakarane.

Hiphop og eurodance

I kveldens Stjernekamp skulle artistane nok ein gong ut av komfortsona si då klassikaren hiphop stod for tur. Forrykande beats og slagkraftige tekstar var gjennomgangsmelodien i kveldens framføringar.

Men ikkje nok med det. Artistane måtte også gjennomføre kvar si gruppeoppgåve med eurodance som tema – ein sjanger som var svært populær på 90-talet.

Les kva NRKs meldar meiner om kveldens innsats: «Komikveld i Stjernekamp»

Maria Lotus Karlsen Stjernekamp 2020

EKSPERT: Artist, dansar og koreograf Maria Lotus Karlsen var mentor og blant ekspertane i hiphop denne veka.

Foto: Julia Marie Naglestad, NRK / NRK

Det var artist, dansar og koreograf Maria Lotus Karlsen som var mentor denne veka. Ho var sjølv med i Stjernekamp i 2015.

Saman med Maria i ekspertpanelet sat også Jørgen Nordeng, tidlegare kjent under artistnamna Jørg-1 og Joddski og som frontfigur i hiphop-gruppa Tungtvann.

I gruppeoppgåva var det Thomas Borgvang og Camilla Alvestad som var gjesteekspertar. Dei er kjente frå eurodance-gruppa Reset, som toppa hitlistene frå slutten av 1990- og utover 2000-talet.

Dette var bidraga frå laurdagens episode av Stjernekamp:

1. Sandra Lyng: Run This Town – Jay-Z feat. Rihanna & Kanye West (2009)

Fyrste kvinne på scena var Sandra Lyng. Ho innrømte at ho synest hiphop er «fette» vanskeleg. Likevel var ekspertane svært begeistra av framføringa hennar.

– Det var fette bra, ropte Joddski.

Sandra Lyng gjorde «Run This Town» under hip-hopkvelden i Stjernekamp, 3. oktober 2020.

2. Vegard Bjørsmo: GDFR – Flo Rida feat. Sage the Gemini & Lookas (2014)

Dei amerikanske rapparane Flo Rida og Sage the Gemini & Lookas har fått konkurranse frå 19-år gamle Vegard Bjørsmo, ifølgje ekspertpanelet.

– Du rappar det bra. Du får meg til å tru at bilar og damer er di greie. For ein fest, sa Mona B. Riise.

Vegard Bjørsmo gjorde sin versjon av «GDFR» under hip-hop-kvelden i Stjernekamp 3. oktober 2020.

3. Odd Einar: All Good? – De La Soul feat. Chaka Khan (2000)

Odd Einar sikta høgt då han valde klassikaren All Good av hiphop og funk-legendene De La Soul og Chaka Kahn. Han innfridde til ein viss grad.

– Låten passar deg svært godt. Men eg humpa litt gjennom, sa ekspert Karlsen.

Odd Einar Nordheim gjorde sin versjon av «All Good?» under hip-hop-kvelden i Stjernekamp 3. oktober 2020.

4. Emil Solli-Tangen: Freestyler – Bomfunk MC's (1999)

I forkant av kveldens sending avslørte Emil Solli-Tangen at det er lettare å kaste seg ut i fritt fall frå eit fly, enn å stå på scena å synge ein hiphop-låt. Men kva meinte ekspert Mona B. Riise om framføringa hans?

– Det var så gøy! Det var veldig bra, men ein kunne le samtidig, men eg elska det, sa ho.

Emil Solli-Tangen gjorde sin versjon av «Freestyler» under hip-hop-kvelden i Stjernekamp 3. oktober 2020.

5. Knut Marius Djupvik: Numb/Encore – Jay-Z feat. Linkin Park (2008)

Knut Marius Djupvik Valde å fusjonere hiphop og rock med sitt låtval i kveld. Han innrømte at han kjente seg litt naken i hiphop-sjangeren, men ekspertane meinte han var meir enn godt nok påkledd.

– Heilt nydeleg. Takk skal du ha! Du berre tok over scena, sa ei begeistra Karlsen.

Knut Marius Djupvik gjorde sin versjon av «Numb/Encore» under hip-hop-kvelden i Stjernekamp 3. oktober 2020.

6. Ingeborg Walther: Bad Blood – Taylor Swift feat. Kendrick Lamar (2015)

Sarpingen Ingeborgh Walther hadde aldri sunge hiphop framfor nokon før denne veka. Det stoppa ikkje ho frå å gi alt på riksdekkande TV.

– Vokalen din er heilt sjuk. Du serverte, sa ein entusiastisk Karlsen.

Ingeborg Walther gjorde «Bad Blood» under hip-hop-kvelden i Stjernekamp 3. oktober 2020.

Aqua versus rednecks

1. Emil, Vegard og Odd Einar: Cotton Eye Joe – Rednex (1994)

Vi skal love å lage full låve-fest sa Vegard Bjørsmo om framføringa av den heftige Cotton Eye Joe.

Gruppeoppgave Eurodans på Stjernekamp 3. oktober 2020.

2. Knut Marius, Ingeborg og Sandra: Barbie Girl – Aqua (1997)

Vi har køyrd på og gitt 100 % sidan vi fekk vete kva song vi fekk, sa Djupvik etter framføringa.

Gruppeoppgave Eurodans på Stjernekamp 3. oktober 2020.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska