Hopp til innhold

Norsk selskap fråteke retten til å bruke Banksy

Eit norsk selskap har ikkje lenger lov å bruke varemerket Banksy. Det slår Patentstyret fast.

Kopi av "Jente med ballong" på eit galleri i London.

«Jente med ballong» er eit av dei mest kjente bileta av kunstnaren Banksy. Her heng kopi på eit galleri i London.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Banksy er ein svært populær britisk graffitikunstnar som er kjent for å skape både kontroversar og blest rundt verka sine.

Han fekk spesielt mykje merksemd då det ikoniske bildet hans «Jente med ballong» gjekk opp i liminga, då det vart seld på auksjon i London.

Det var Banksy sjølv som hadde installert ein makuleringsmekanisme fleire år i førevegen, som gjorde at bildet vart makulert idet hammaren gjekk i bordet.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Sidan då har han gjort fleire stunts. Men identiteten har han klart å halde hemmeleg.

Den siste tida har to selskap krangla om kven som har rett til å forvalte varemerket hans.

Krangel om varemerket

I 2011 registrerte det norske selskapet Dyrehotell Pets Paradise retten til å bruke namnet Banksy i Noreg.

Dei har blant anna seld vin, øl, papiretikettar og liknande med varemerket Banksy i Kina, Danmark, Tyskland, Finland, Italia og Sverige.

Banksy-vin

Vin med logo og bilde av Banksy er eit eksempel på måten ein kan bruke varemerket til den britiske kunstnaren.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Men det britiske selskapet Pest Control Office meiner at det er dei som eig rettane, og klaga derfor inn til Patentstyret.

No har Patentstyret slått fast at varemerkebeskyttelsen blir trekt attende, og det norske selskapet har ikkje lenger rett til å produsere varer med namnet Banksy på.

– Ut ifrå det samla bevisbildet kan vi ikkje sjå at det har blitt gitt eit gyldig samtykke frå Banksy til det norske selskapet for å kunne bruke varemerket hans, seier Knut Andreas Bostad, seksjonssjef i Patentstyret.

Pest Control Office, representert ved advokat Katrine Malmer-Høvik i Sands advokatar, ønsker ikkje å kommentere saka.

NRK har ikkje lykkast å få svar frå advokaten til Dyrehotell Pets Paradis.

– Veldig sjeldan sak

Han fortel vidare at denne saka er ein av dei mest spesielle han har vore borti.

– Det er veldig sjeldan at vi slike saker i Noreg. Som regel veit vi kven som er innehavar, og kven som står bak. Det har vore eit problem i denne saka, og det er unikt, seier han.

Knut Andreas Bostad, Patentstyret

Knut Andreas Bostad er seksjonssjef i Patentstyret. Dei har bestemt at det norske selskapet ikkje har rett til å forvalte varemerket Banksy.

Foto: Trond Isaksen / Patentstyret

Avgjerda til Patentstyret har ein ankefrist på to månadar. Viss ein av partane er ueinig i det som er fastslått, kan dei ta saka til retten.

– Hvis saka går til retten, må Banksy avsløre identiteten sin da?

– Det er nok ikkje eit krav at han må oppgi identiteten sin, svarer Bostad.

Produkta til det norske selskapet kan framleis eksistere på marknaden fram til motparten, altså det britiske selskapet, ber om at produkta skal trekkast.

– Avgjerda er ikkje rettskraftig ennå. Partane får dermed bli einige om kva som skal gjerast etter det, avsluttar Bostad.

Kulturstrøm

  • Brad Paisley til Norge neste år

    Countryartisten Brad Paisley vil opptre 11. juni i Ålesund og 13. juni på Hamar neste år.

    Konsertene er en del av Paisleys verdensturné «Truck is Still Working», melder Live Nation.

    Paisley har gjestet Norge flere ganger tidligere.

    Brad Paisley spiller gitar
    Foto: Rob Grabowski / AP / NTB
  • Bjørn Eidsvåg utnevnt til St. Olavs Orden

    Hans Majestet Kongen har utnevnt artist, komponist, tekstforfatter og teolog Bjørn Eidsvåg til kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, melder Kongehuset mandag.

    – Å bli tildelt St. Olavs Orden er en stor ære. Jeg tar imot denne utmerkelsen med takknemlighet og ydmykhet, og kjenner meg både rørt og glad, sier Eidsvåg til NRK.

    Den Kongelige Norske St. Olavs Orden tildeles som belønning for utemerkede fortjenester for Norge og menneskeheten, og ble innstiftet av Kong Oscar i 1847.

    Bjørn Eidsvåg har runda 70 og er Nitimens hedersgjest
    Foto: Kristian Aune