– Eg meiner det er diskriminerande og rasistisk at ein kan koma inn i ein frisørsalong og få beskjeden «me gjer ikkje din type hår». Fleire titals folk har sitert akkurat denne setninga, seier Craig som er halvt norsk og halvt afroamerikansk.
Ho har starta ein underskriftskampanje for å få afrohår inn i læreplanen til frisørutdanninga. Dei personlege historiene folk har delt med ho, har gjort inntrykk.
– Mangelen på kunnskap om afrohår var eit tema då eg var 15 år. No, 22 år seinare, er det framleis eit problem.
Til no har ho 240 underskrifter frå kjende artistar og andre.
– Eg skjønar at det ikkje er godt å bli avvist fordi ein har annleis hår, men eg tenker at det ikkje er meint diskriminerande og rasistisk, seier tidlegare frisør Lise Gulbrandsen.
Ho har 20 års fartstid i bransjen, og jobbar i dag som frisørlærar i eit kvinnefengsel.
Melk og Honning har tidlegare omtala temaet.
Vant til å måtte snu i frisørdøra
– Eg har blitt vant til at det er visse ting i samfunnet som ikkje er for meg, seier Maria Liholt.
LUKSUS: Maria Liholt får kura og vaska håret sitt hos frisør Philip Aldwin Manalo hos Oslostylistene. Ho synest det er luksus å kunna slappa av medan nokon andre gjer jobben.
Foto: Ida Yasin Andersen / NRKHo er adoptert frå Sierra Leone og har afrohår. NRK følger ho i frisørstolen hos Oslostylistene ved Sofienbergparken. Ho tar det ikkje for gitt at ho kan legga håret sitt i nokon andre sine hender, slik ho kan her.
For Liholt har det vore krevjande å veksa opp i Noreg med hennar hårtype. Ho opplever at kunnskapen er låg.
For å gjera håret enklare å handsama for frisørar, tok ho lenge antipermanent. Det er ein kjemisk, sterk krem som rettar ut krøllane. For mange kan han føra til sår i huda.
Ho slutta etter 17 år då håret var slite til det ekstreme.
– Det var ein indre prosess å kunna stå i afroen. Då var eg 100 prosent meg for første gang på mange år, fortel ho.
ØVING: Hårtypen til Maria Liholt er røff og tar lang tid å både vaska og børsta gjennom. Ho forstår at det kan verka vanskeleg, men meiner det handlar om å øva seg.
Foto: Ida Yasin Andersen / NRKMen ho mangla råd og tips om korleis å ta vare på det nye, naturlege håret sitt. Før ho kom over Oslostylistene, var ho sin eigen frisør.
Ho har forståing for at håret hennar kan verka skremmande å skulla handsama om ein ikkje er vant til det.
– Men det handlar om korleis ein møter folk. Ein må tenka på korleis ein kan løysa det, i staden for å møta meg som eit problem.
- Les også:
– Me ekskluderer ei heil folkegruppe
Craig er ikkje aleine om å ta tak i det. Pål Berdahl jobbar som hårstylist i London og Paris. Han har i eit opprop fått over 500 underskrifter. Han jobbar med fleire av dei største motemerka som Louis Vuitton, Saint Laurent og Dior.
ALLSIDIG: I jobben som frilans hårstylist må Pål Berdahl vera allsidig. Han jobbar med alle etnisitetar og hårtypar.
Foto: Privat– Dette er noko eg har sett gjennom heile karrieren min, og eg synest det er veldig vondt å sjå. Det er urettferdig at me ekskluderer ei heil folkegruppe frå noko så grunnleggande som å koma og ordna seg på håret fordi me ikkje klarer å oppdatera læreplanen.
I dagens læreplan står det at elevane skal kunna handsama kundar med ulik kultur og bakgrunn. Både Berdahl og Craig meiner det må spesifiserast meir.
Nye læreplanar for vg2 og vg3 skal ut på høyring i august. Styresmaktene sitt rådgivande organ for fag- og yrkesopplæringa fortel at læreplanen berre skal vera ei overordna rettleiing.
MANGFALDIG: Slik ser Instagram-kontoen til Pål Berdahl ut. Som frilans hårstylist basert i London, jobbar han med alle etnisitetar og hårtypar.
Foto: Skjermdump frå @paalhair– Eg har full forståing for frustrasjonen om ein må snu i frisørdøra. Dette handlar ikkje berre om afrohår, men også andre hårtypar. Alle læreplanar i norsk skule skal vera kompetansebaserte og med rom for lokal tilpassing. Det betyr at det ikkje er rom for noko så detaljert som ein eller fleire bestemte hårtypar i læreplanen, seier Jan Kristian Pettersen i Faglig råd for frisør, blomster- og interiørdesign i ein e-post til NRK.
Craig meiner det gir skulane høve til å velja vekk enkelte hårtypar.
– Ansvaret ligg hos bransjen
Gulbrandsen meiner afrohår er inkludert i læreplanen sjølv om det ikkje står spesifisert. Ho peikar på at heller ikkje andre hårtypar som til dømes asiatisk hår står spesifisert.
Erfaringane hennar er at ein lærer om det på skulen, men at ein også må ta ansvar for eiga læring etter utdanninga.
– Ansvaret ligg mykje hos bransjen og frisørane. Om ein har lyst til å læra meir, er det mykje kunnskap å finna, seier Gulbrandsen.
INTERESSE: Lise Gulbrandsen meiner også det i stor grad handlar om interesse og kva ein ønsker å fordjupa seg i.
Foto: Ida Yasin Andersen / NRKSjølv har ho aldri avvist ein kunde med afrohår. Ho meiner det handlar om å ikkje vera redd for å prøva og feila.
Liholt er glad medvitet rundt temaet har betra seg frå då ho var lita.
– Det å finna ein frisørsalong som forstod håret mitt var ei ubeskriveleg kjensle. Det er banalt, men viktig. Plutseleg var eg berre vanleg, og ikkje ho med det rare håret, seier Liholt.
ETTERSPURNAD: Liholt meiner det er mange med same erfaringar som ho i Noreg, og at marknaden for afrohår er stor.
Foto: Ida Yasin Andersen / NRK