NRK Meny
Normal

Ludvig Gudim (17) er årets Virtuos

Fiolinist Ludvig Gudim (17) frå Ås er vinnaren av den norske finalen i talentkonkurransen Virtuos.

Ludvig Gudim er Virtuos 2016

VIRTUOS: Fiolinist Ludvig Gudim (17) er vinnaren av den norske finalen i Virtuos 2016, medan Michael Andreas Grolid (18), som stilte med eigenkomponert stykke for bratsj, stakk av publikumsprisen.

Foto: Henning Gulli / NRK

Ludvig Gudim er Virtuos 2016

VINNAR: Ludvig Gudim er årets Virtuos, og han seier ein draum har blitt verkeleg etter å ha spelt med Kringkastingsorkesteret. No skal han representere Noreg i ein internasjonal konkurranse.

Foto: Henning Gulli / NRK

– Det er ei heilt ubeskriveleg kjensle, eg er utruleg glad og utruleg stolt, seier Ludvig Gudim rett etter finalen.

Virtuos blir arrangert annakvart år, og er NRK sin solistkonkurranse for unge klassiske instrumentalistar under 19 år. I finalen spelte finalistane med Kringkastingsorkesteret i Sentralen i Oslo.

– Det var utruleg gøy. Å få spele med Kringkastingsorkesteret er ein draum som gjekk i oppfylling, rett og slett, seier Virtuos-vinnaren.

Var du nervøs før du skulle spele?

– Ja, ein må vera nervøs, men eg gleda meg mest, seier Gudim.

SJÅ FINALEN:

Programleiarar Hans Olav Brenner og Tine Thing Helseth i Virtuos 2016

SJÅ VIDEO: Finalen i Virtuos 2016. Programleiarar er Hans Olav Brenner og Tine Thing Helseth.

Skal representere Noreg

Ludvig Gudim under finalen i Virtuos 2016

VIRTUOS: Fiolinist Ludvig Gudim (17) er Virtuos 2016.

Foto: Henning Gulli / NRK

Som vinnar av Virtuos, får Ludvig Gudim Den Norske Solistpris på 100.000 kroner, og blir Noreg sin kandidat i Eurovisjonens internasjonale konkurranse Eurovision Young Musicians i Köln i september.

Fleire av dei norske finalistane som sidan 2006 har blitt sendt av garde til den internasjonale finalen har gjort det bra.

No skal du til Köln for å konkurrere, kva tenkjer du om det?

– Eg veit ikkje heilt, eigentleg. Eg er stolt, og det blir veldig spesielt å representere landet sitt, seier Gudim.

Blir det siger, då også?

– Det får me sjå på. Det er mange fantastiske musikarar der ute, men eg skal gjere mitt beste, seier han.

Michael vann publikumsprisen

Dommarar under Virtuos 2016

TILBAKEMELDING: Dommarane gir tilbakemelding til finalistane under finalen i Virtuos. Frå venstre: Arild Erikstad, Juliet Jopling, Ingrid Røynesdal og Andreas Sundén.

Foto: Henning Gulli / NRK

Kven som vann årets Virtuos vart bestemt av ein fagjury saman med stemmer frå publikum.

I tillegg til Ludvig Gudim som vann hovudprisen, så var desse finalistar i Virtuos 2016:

  • Trond Sagbakken (17), på trompet.
  • Inga Våga Gaustad (17), på fiolin.
  • Michael Andreas Grolid (18) på bratsj.
Michael Andreas Grolid under finalen i Virtuos 2016

PUBLIKUMSPRIS: Det var bratsjist Michael Andreas Grolid (18) som stakk av med publikumsprisen.

Foto: Henning Gulli / NRK

Av alle finalistane var det bratsjist Michael Andreas Grolid (18) som fekk mest stemmer frå publikum, og som då stakk av med publikumsprisen.

– Det er heilt fantastisk, heilt utruleg gøy, seier publikumsfavoritt Michael Andreas Grolid rett etter finalen.

Han stilte med eigenkomponert stykke for bratsj i finalen.

– Det var veldig gøy å spele det. Det var skummelt, men veldig gøy. Eg følte meg trygg, for både dirigenten og orkesteret var utruleg positive, seier Grolid.

– Eg føler eg har lykkast som komponist, legg han til.

At publikumsprisen gjekk til Michael, det meiner også Ludvig Gudim var stas.

– Me har kjent kvarandre lenge, og eg synest det er fortent at han får publikumsprisen. Han har skrive stykket sitt sjølv, og det er fantastisk, seier Gudim.

SJÅ OGSÅ:

Inga Våga Gaustad, Michael Andreas Grolid, Trond Sagbakken, og Ludvig Gudim er finalistar i Virtuos 2016.

SJÅ VIDEO: Dei fire finalistane i Virtuos 2016 var Trond Sagbakken på trompet, Inga Våga Gaustad på fiolin, Michael Andreas Grolid på bratsj og Ludvig Gudim på fiolin.