Hopp til innhold

Ein av desse blir Virtuos 2016

Fire finalistar kjempar om å bli årets Virtuos i NRK sin klassiske solistkonkurranse. Vinnaren får representere Noreg i ein stor internasjonal konkurranse.

Finalistar Virtuos 2016

FINALISTAR: Inga Våga Gaustad, Michael Andreas Grolid, Ludvig Gudim og Trond Sagbakken er finalistar i Virtuos 2016.

Foto: Henning Gulli / NRK

Arild Erikstad

HØGT NIVÅ: Juryleiar Arild Erikstad seier det var høgt nivå på semifinalistane, og at juryen gjerne skulle hatt mogelegheit til å velje ut ein femte finalist.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Desse finalistane har alle eit veldig personleg uttrykk. Det såg me etter, for me synest det er viktig, seier juryleiar Arild Erikstad.

– Nivået på finalistane er kanskje jamnare og høgare enn me har hatt før, og det seier litt, seier Erikstad.

Annakvart år blir NRK sin solistkonkurranse Virtuos arrangert for unge klassiske instrumentalistar.

Vinnaren får Den Norske Solistpris på kroner 100.000,- og blir Noreg sin kandidat i den internasjonale konkurransen Eurovision Young Musicians i Køln i september.

– Alle fire finalistane vil kunne gjere ein super finale i Køln, seier Erikstad.

– Dei held eit supergodt internasjonalt nivå i den aldersgruppa, legg han til.

Dei fire finalistane er:

  • Ludvig Gudim (17) – fiolin
  • Trond Sagbakken (17) – trompet
  • Michael Andreas Grolid (18) – bratsj
  • Inga Våga Gaustad (17) – fiolin
Finalistar Virtuos 2016

FINALISTAR: Ludvig Gudim, Trond Sagbakken, Michael Andreas Grolid, og Inga Våga Gaustad er finalistar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Var starten på karrieren mi

Tine Thing Helseth

IMPONERT: For Tine Thing Helseth var Virtuos starten på karrieren hennar. No er ho programleiar for Virtuos 2016, og er imponert over nivået.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Programleiar i årets Virtuos er trompetist Tine Thing Helseth som sjølv vann Virtuos i 2006. Då ho fekk reise til den europeiske finalen og representere Noreg, så seier ho det var hennar gjennombrot.

– Eg fekk pris der, og det var starten på karrieren mi. Sidan det har eg reist rundt heile verda for å spele. Vinnaren av Virtuos får den sjansen som eg fekk då, og berre det å komme til finalen er ei bragd i seg sjølv, seier Tine Thing Helseth.

– Alle som har søkt for å vera med er utruleg gode, så alle finalistane er «vinnarar», og det er ekstra stas å vinne når nivået er så høgt som i år, seier ho.

Få med deg Virtuos:

Dei fire finalistane er solistar med Kringkastingsorkesteret i finalen som går av stabelen 19. mars.

Semifinalane og finalen får du med deg på både radio og på TV.

  • Semifinalen: På NRK P2 i to delar, sundag 6. mars og 13. mars klokka 10.05, og på NRK2 i Hovedscenen, sundag 13. mars klokka 21.10.
  • Finalen går av stabelen laurdag 19. mars, og blir sendt direkte på NRK1 og NRK P2. Programleiarar er Tine Thing Helseth og Hans Olav Brenner.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober