Hopp til innhold

Kulturminna truga av våtare klima

Norske kulturminne vil verte brotne ned av eit våtare klima, viser ny rapport. Riksantikvar Jørn Holme krev meir vedlikehald.

Storm og oversymjing på Bryggen i Bergen

Dei siste åra har det vore fleire tilfelle av storm og oversymjing i Bergen. Det trugar kulturminna på Bryggen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

I ein ny rapport som har teke føre seg kulturminne og klimaendringar over heile Norden, slår fast at den norske kulturarven vert truga av eit våtare klima. Intensivert vedlikehald er difor naudsynt, meiner riksantikvar Jørn Holme.

Dermed har det ein tidlegare har trudd, vorte dokumentert. Og ifølgje riksantikvaren er problemet omfattande.

– Klima er eit problem som vert ei sterkare og sterkare utfordring for oss. Berre dei siste vekene på Austlandet har vi hatt regn, regn og regn. Då vert det meir ròte og sopp, seier Jørn Holme.

Dermed vert det vanskelegare å vedlikehalde både freda og ikkje freda bygningar.

Felles nordisk rapport

Riksantikvar Jørn Holme

Riksantikvar Jørn Holme

Foto: Berit Roald / Scanpix

I dei nordiske landa ventar ein dei neste hundre åra ei auke i gjennomsnittstemperaturen på 2-4 grader. Den årlege nedbøren vil auke i store delar av regionen, og ein reknar også med større risiko for ekstreme nedbørsmengder.

Dei nordiske riksantikvarane har samarbeidd om å kartleggje effekten av klimaendringane på kulturminna. Eit varmare og våtare klima vil auke belastinga på kulturminna, slår rapporten fast. Ifølgje rapporten kan vente meir sopp og rote på trebygningar i framtida. Faren for angrep frå skadedyr vil truleg også auke.

Nokre av endringane vil gå over lang tid, men riksantikvaren fryktar også at ekstremvêr, flaum og ras vil føre til akutte skadar på byggverk med kulturhistorisk verdi.

Vigatunet

På Vigatunet, som er ein del av Ryfylkemuseet i Rogaland, er det store ròteskadar på bygningane frå 1600-talet.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Verst på Vestlandet

Og sjølv om alle deler av landet vil merke klimaendringane, er det nokre område som er meir utsette.

– Vestlandet og kystområda vil merke det mest. Fram til neste hundreår-skifte ventar ein ei havstiging på 80 cm, 20-30 prosent meir nedbør og meir storm, seier Holme.

Riksantikveren meiner situasjonen er krevjande, spesielt fordi kystkulturen allereie er utsett for ròte og skadar.

– Det å skulle ta att vedlikehaldsetterslepet, og verte endå betre, vert ei stor utfordring både for eigarar og staten, seier Holme.

Men også i innlandet merkar ein klimaendringane. Der er bygningane bygd for eit tørt klima, men når det no vert våtare ser ein at mange hundre år gamle bygningar får ròteskadar.

– Her må det statlege pengar til, og praktiske råd til eigarar for korleis ein kan stoppe forfallet, seier Jørn Holme.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka