Hopp til innhold

Lovar å ta tak i fredingsarbeidet

Miljøverndepartementet vedgår at det må endringar til etter kraftig kritikk av norsk kulturminnevern.

Kongens gt. 12 og 10b

Bygningar i jugendstil. Kongens gate 12 og 10B i Ålesund.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Miljøverndepartementet fekk i går refs frå Riksrevisjonen fordi ein ny rapport synte at verna og freda bygningar ikkje blir godt nok ivaretekne.

Rapporten konkluderte med at det er stor fare for at dyrebare kulturminne kan gå tapt. Noko som er særs dårleg reklame for Kulturminneåret 2009.

Stortinget vedtok vinteren 2005 at eit representativt utval av kulturminner skulle fredast innan 2020. Utan strakstiltak er risikoen stor for at måla til Stortinget ikkje blir nådd innan den tid.

Skal ta lærdom

Heidi Sørensen

Statssekretær Heidi Sørensen (SV) i Miljøverndepartementet.

Foto: Bjørn H. Stuedal

Statssekreter i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen (SV), vedgår at rapporten syner alvorlege svakheiter.

- Manglane rapporten påpeiker, er ei god anledning til å sjå på korleis kulturminnevernet er organisert. Vi er glade for rapporten kjem såpass tidleg. Om denne rapporten bidreg til eit løft, er det stor sjanse for å nå måla innan 2020.

- Kva konkrete mål er det snakk om?

- Vi skal ta vare på og sikre eit representativt utval av verneverdige, freda bygningar. Men det er ikkje eit talfesta mål.

Riksantikvarrolla i endring

Delar av kritikken gjekk også mot Riksantikvaren, som er Departementet si forlenga arm i arbeidet med kulturminnevern.

Riksantikvarstillinga har blitt lyst ut for nytilsetjing, men berre sju personar søkte. No er stillinga lyst ut på nytt.

Sørensen seier at Departementet er opne for å diskutere endringar i riksantikvarstillinga, i lys av kritikken om at Riksantikvaren har gjort for lite for å snu den negative utviklinga.

- Vi ser at det er ei ekstremt sentral rolle som skal fyllast, og det er viktig at vi får kompetente folk på plass.

- Har Riksantikvaren vore for passiv?

- Det er for tidleg å konkludere noko om det. Vi skal ikkje gå i skyttergravene, sjølv om vi har innvendingar til rapporten. Vi skal prøve å lære av den.

Usemje med Sametinget

Rapporten peika på at Departementet og Riksantikvaren manglar informasjon om tap av verneverdige bygningar, om samansettinga av fredningsmassen, tilstanden til freda bygningar og kva samiske kulturminner som automatisk vert freda.

Den automatiske fredinga av samiske bygningar eldre enn 100 år, blei av Riksrevisjonen i går trekt fram som ei av svakheitene ved kulturminnevernet i Norge.

Det har vore usemje mellom Departementet og Sametinget på korleis desse vedtektene skal bli praktiserte, noko Sørensen meiner vil endre seg.

-Vi jobbar med å løyse det som er uklart med Sametinget på dette området. Vi meiner samiske kulturminner skal bli handsama på samme måte som økologiske kulturminner, sjølv om desse er noko eldre.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober