Riksrevisjonen har undersøkt kulturminneforvaltinga i Norge i ein rapport som blei lagt fram i dag.
2009 er Kulturminneåret i Norge, men ståda i kulturminnevernet er langt ifrå festleg.
I rapporten kjem det kraftig kritikk mot Miljøverndepartementet, som har hovudansvaret for verneverdige og freda bygningar.
Riksrevisjonen peikar på vesentlege svakheiter i kulturminneforvaltinga, og i arbeidet med å realisere mål for bygningsvern.
Svakheitene kan auke risikoen for at verneverdige bygningar kan gå tapt. Dei nasjonale måla på området vil ikkje bli nådd innan 2020, konkluderer rapporten.
- Kan miste viktig kunnskap
Riksrevisor Jørgen Kosmo seier til NTB at han forventar at
Miljøverndepartementet vil prioritere dette arbeidet framover.
- Samfunnet kan miste viktige kjelder til kunnskap, opplevingar og identitet.
Leiar i Fortidsminneforeningen, Trygve Bragstad, ser alvorleg på det rapporten har avdekka.
- Nettopp medan fanfarene og festtalene i kulturminneåret er å høyre over heile landet, bør den faktiske situasjonen komme fram i lyset.
- Kvardagen er at det dagleg forsvinn kulturminner i Norge av stor verdi.
Gjer for lite for å stogge utviklinga
I følgje rapporten, manglar Departementet og Riksantikvaren mellom anna informasjon om tap av verneverdige bygningar, om tilstanden til freda bygningar, og om kva slags samiske bygningar som automatisk blir freda.
Samiske bygningar som er eldre enn 100 år, blir automatisk freda, men desse vedtektene er i praksis uklare.
I tillegg veit Departementet for lite om korleis Riksantikvaren, Sametinget, fylkeskommunane og kommunane jobbar med kulturvern.
- Går tapt for alltid
Gjennom kulturminnelova og plan- og bygningslova, kan både Riksantikvaren og fylkeskommunane klage og komme med innsigelsar for å hindre tap av verneverdige bygg.
Men Riksrevisjonen meiner at altfor få nyttar seg av klagemogelegheitene. I tillegg blir det tatt få initiativ til å frede bygningar.
Bragstad i Fortidsminneforeningen håper at staten snart vil følgje opp sine ambisjonar med handling.
- Eit tapt kulturminne er tapt for alltid. Kulturminna er det viktigaste for identiteten vår, og det at dei forsvinn er sjølvsagt særs alvorleg.