Hopp til innhold

Kontorkonsert med heilt ny låt

– Denne skreiv eg ferdig i dag tidleg, sa Susanne Sundfør før ho spelte sin nye låt «Memorial» under kontorkonserten for arkitektane i LPO. Sjå heile konserten her!

Video Kontorkonserten med "selveste" Susanne Sundfør

Susanne Sundfør heldt kontorkonsert for dei tilsette i arkitektfirmaet LPO på Majorstua i Oslo, tirsdag ettermiddag. (Stillfoto: Fred Olav Vatne)

Sundfør stilte med fire låtar som enno ikkje finst på plate, då ho heldt kontorkonsert for dei tilsette i arkitektkontoret LPO i Oslo. Aller nyast var «Memorial», som ho framførte med jukselapp.

– Eg har jobba med låten før, men har ikkje klart å skrive det andre verset, sa ho etter konserten.

– Så eg skreiv det i dag, ein halv time før avreise. Det var sånn «no må eg berre skrive noko her», så då klarte eg det, meir eller mindre. Låten er veldig fersk, for å seie det sånn.

Susanne Sundfør

Susanne Sundfør med jukselappen til «Memorial».

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Ei intens og fin oppleving

– Det var ei intens og fin oppleving å spele her, sa Susanne Sundfør etter konserten.

Artisten sat midt i det opne kontorlandskapet med Fender Rhodes-pianoet ved ein av LPOs kontorpultar. LPO vart plukka ut mellom meir enn 70 arbeidsplassar som gjerne ville ha besøk av Sundfør på kontoret.

– Eg er ikkje vant til å spele med folk så nær meg, vanlegvis står publikum langt ifrå. No var det plutseleg ein fyr som sat rett ved sidan av meg. Dette var nok den mest uvanlege staden eg har halde konsert nokon gong.

Susanne Sundfør

Konserten fann stad i LPOs romslege kontorlandskap.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Meir nervøs når det blir intimt

Ifølge Sundfør er det skumlare å spele for eit lite publikum enn for ei stor folkemengd.

– Viss du spelar for få, blir publikum individ i staden for ei mengd, og då blir det mykje meir personleg, seier ho.

– Ein skulle tru det var verre å spele for ei stor folkemengd enn for få, men for meg er det omvendt. Med ein gong det blir meir intimt, blir eg meir nervøs.

Susanne Sundfør

Susanne Sundfør hadde publikum langt tettare på seg enn vanleg.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Bigbang spelte for «datanerdar»

Den førre kontorkonserten fann stad i Fredrikstad, der plateaktuelle Bigbang spelte for 60 datanerdar i datafirmaet Prediktor .

Kontorkonsertane vert arrangert av NRK i samarbeid med MIC Norsk Musikkinformasjon.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.