Hopp til innhold

Tvangsekteskapet som vart eit sterkt venskap

Tolv år er gått sidan dei vart sette saman for å leie P3morgen – og det vart ein braksuksess. Denne førjulstida blir dei endeleg gjenforeint.

Live Nelvik og Ronny Brede Aase holder rundt hverandre og smiler til kamera. De skal prøve å finne julestemningen i NRK sin nye podkast.

JULESTEMNING: Live Nelvik og Ronny Brede Aase er klare for podkasten «Julestemning med Live og Ronny».

Foto: Trine Hisdal

– Det første møtet var som eit tvangsekteskap. For nokon sa «de to passar saman og burde gifte dykk», seier Live Nelvik.

– Dei hadde høyrd eit testopptak av oss saman, og meinte at det var heilt fantastisk. «Her har vi funne gull». Og det trur eg ingen av oss heilt forstod, legg ho til og ler.

Etter testopptaket tenkte Ronny Brede Aase at det var hyggeleg å helse på Live Nelvik, men at det ikkje vart noko meir enn det.

– Men så fekk eg jobbtilbod dagen etterpå, seier han.

– Det viste seg å vere ekte kjærleik, seier Live og smiler breitt.

Eit radioeventyr

I 2009 vart Live og Ronny sette saman for å leie P3morgen, og resten er historie, som det heiter.

Med deira unike kjemi og ikkje minst taleferdigheiter skulle P3morgen bli kanalens store flaggskip.

– Vi har prata overraskande mykje om at ein dag må vi må gjere noko igjen. Og nå sit vi her og skal gjere noko igjen. Det synest eg er veldig fint, seier Ronny.

  • Live Nelvik og Ronny Brede Aase Radiodager 2011

    Live Nelvik og Ronny Brede Aase vann prisen for Årets Radionavn under Prix Radio i 2011.

  • P3 Gull 2016: Live og Ronny

    Sjølv om Live Nelvik og Ronny Brede Aase ikkje har jobba saman med radio sidan 2013, har dei vore programleiarar på TV saman. Her i forbindelse med p3 Gull i 2016.

  • Ronny og Live- P3 Gull 2016

    Ronny Brede Aase og Live Nelvik på scenen da dei leia P3 Gull saman i 2016.

  • Live og Ronny i sminken - Topp 20 Rådhusplassen 2011

    Live Nelvik og Ronny Brede gjer seg klare for å leie VG-lista Topp 20.

  • P3morgens Ronny og Live

    Ronny Brede Aase og Live Nelvik syng jula inn på P3morgens julebord på Parkteatret i Oslo i 2011.

  • Live Nelvik på besøk hos Tuva Fellmann og Ronny Brede Aase «I karantene»

    Live Nelvik på besøk hos Tuva Fellmann og Ronny Brede Aase i samband med podkasten «I karantene» som Tuva og Ronny hadde saman.

– Svært singel

Eit venskap voks fort fram. Dei passa godt på kvarandre.

– Eg vil beskrive Live som svært singel på det tidspunktet. Ho budde på Bislett og gjorde karriere som utelivs-dj. Livet der og nå var to heilt forskjellige liv. Ein del av prosessen var å ringe kvarandre om morgonen for å sjekke at den andre var våken, fortel Ronny og humrar.

– Og så putra vi på jobb – og gjorde det vi skulle, parerer Live.

Live Nelvik i forbindelse med julepodkasten "Julestemning med Live og Ronny" 2021

Live Nelvik gler seg å jobbe saman med Ronny Brede Aase igjen.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Dei heldt det i gang fram til 2013. Då fekk Live barn, og livet som småbarnsforelder var vanskeleg å kombinere med morgonsendingar.

Det som no har ført dei saman igjen er podkasten «Julestemning med Live og Ronny», som skal gå kvar dag fram til julaftan.

Det blir nært og varmt når dei to går i studio. Jula lokkar fram dei store kjenslene – både hos Live og Ronny.

Det er likevel stor forskjell på utgangspunktet deira.

Grinchen og julenissen

Ronny elskar alt som har med jul å gjere.

– Eg elskar julefilmar og julemusikk. Eg blir lykkeleg av at alle pyntar og tenner ljos, at ei mørk-mørk verd blir litt ljosare i desember-månaden, seier Ronny som innrømmer at han tjuvstarta med julemusikk allereie i midten av november.

Live derimot har ikkje kjent på julestemning på fleire år.

– Eg elskar jul som konsept, men for meg er ikkje julaftan noko anna enn at det er ein kulare kveld. Eg håpar jo at dette er året der det kjem attende. Dette er mitt iherdige forsøk på julestemning, seier ho.

Live Nelvik og Ronny Brede Aase i forbindelse med julepodkasten.

Live Nelvik har ikkje eit like engasjerande forhold til jula som Ronny Brede Aase.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Gløyme at det er kaos

Ein dryg halvtime om dagen skal dei puste ut saman og skravle om det som er bra – og også det som ikkje er så bra med jula.

Som dei seier – dei skal skape eit bittelite rom i ein månad som for mange er prega av enormt mykje stress.

– Det eg har lyst til er at du kan setje på podkasten og gjennom ein halvtime gløyme at det er kaos, og dyrke den biten av jul som handlar om at ein skal kose seg, seier Ronny.

Begge er likevel klare over at jula kan by på mange slags kjensler og at ikkje alt er positivt.

For med åra som har gått har Ronny og Live blitt eldre.

– Øydelagde forventningar

Dei har stifta kvar sin familie. Og dei har opplevd at livet er uføreseieleg og kan slå deg hardt i trynet.

Dei ser meir av nyansane jula bringar nå enn det dei kanskje gjorde for 20 år sidan.

– Vi kjem rikeleg innom det at jul òg kan vere veldig mange øydelagde forventningar. Og at vi drøymer om ei episk høgtid som plutseleg berre dør, seier Ronny.

Ronny Brede Aase er alvorleg når han snakkar om at jula. Her i forbindelse med podkasten "julestemning med Live og Ronny.

For Ronny Brede Aase er det viktig at folk tar vare på kvarandre i jula.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

For han handlar jula om å leggje ned ein innsats for å gjere det koseleg, samle familien og kjenne på samhald.

«Skal eg seie det her?»

Live, som er glad i å gå på kyrkja på julaftan, reflekterer på denne måten:

– I kyrkja finst det mange ulike folk som skal mange ulike ting. Det er tusen ulike kjensler på dei kyrkjebenkane. Og det er ikkje alle som har ein gledeleg jul. Det sit nok mange der som også gruar seg.

– I fjor ...

Ho avbryt seg sjølv. Ho nøler. «Skal eg seie det her?» spør ho.

– Spar det til podkasten, seier Ronny.

  • Live Nelvik i forbindelse med podkasten "Julestemning med Live og Ronny" som har premiere 28. november 2021.

    Live Nelvik blir alvorleg når ho tenker på at det er mange som gruar seg til jul.

  • Live Nelvik engasjert. I forbindelse med julepodkasten "Julestemning med Live og Ronny" 2021

    Sjølv opplevde ho noko i fjor som har påvirka synet hennar på høgtida.

To venar på øyret

Uansett kva livet har bydd på har Live og Ronny vore gode støttespelarar for kvarandre.

Og nå vil dei også støtte deg som treng litt ekstra motivasjon, litt latter og glede, og to venar på øyret som kan leie deg gjennom kvardagen fram til jul.

For podkasten skal jo fyrst og fremst handle om hyggelege ting.

– Dette er mitt og Lives genuine forsøk på å gi kvarandre, og dei som høyrer på, julestemning som ikkje er påklistra, men som er ekte og fin og i augeblikket.

Høyr «Julestemning med Live og Ronny» eksklusivt i NRK Radio. Fyrste episode er søndag 28. november. Det blir ny episode kvar dag fram til og med julaftan.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka