Hopp til innhold

Johan Golden har fått korona – Yousef Hadaoui blir vikar i «Nytt på Nytt»

Johan Golden har testa positivt på korona. Komikar Yousef Hadaoui steppar inn som vikar i «Nytt på Nytt».

Yousef vikar i Nytt på Nytt

Yousef Hadaoui blir vikar for Johan Golden i «Nytt på Nytt» denne veka.

Foto: Kjetil Kooyman / NRK

Torsdag testa Johan Golden positivt på koronatest og må derfor stå over denne vekas «Nytt på Nytt»-sending.

Dette er fjerde gong «Nytt på Nytt» blir ramma av anten karantene eller korona.

– Det byrja vel truleg med ein pangolin i Wuhan ... for å gjere ei kjempelang historie kort. Eg vart vel smitta av Atle Antonsen for to veker sidan. Det høyrest lenge ut, men han er frå innlandet og dei smittar tregt, fortel Golden.

Johan Golden har testa positivt for korona

Johan Golden med positiv koronatest.

Foto: Privat

– Beste bursdagsgåva

Personen som tek over Johan Goldens rolle er ingen ringare enn komikar og programleiar Yousef Hadaoui.

Sist vi såg han på skjermen var da han leia «Idrettsgallaen» med Carina Olset i starten av januar. Han er òg kjend frå humorprogrammet «Svart humor».

Han har bursdag i dag, og skulle eigentleg ha fri. Men slik vart det ikkje.

– Dette er den beste bursdagsåva eg kunne ha fått. Det er stas og gøy å få oppdraget, seier Hadaoui, som har vore gjest på programmet tidlegare.

– Eg synest også det var på tide å bytte den eine brune med den andre brune dei har her på huset, legg han til med glimt i auget.

Då han vart spurd om å vere vikar heiv han seg rundt og var framme på Marienlyst 10 minutt etter førespurnaden.

Det er ny personleg rekord i «vikar på kort varsel», ifølgje Kjetil Kooyman som er prosjektleiar i «Nytt på Nytt».

Nytt på nytt sending 15.02.19

Pernille Sørensen og Yousef Hadaoui i «Nytt på Nytt» tidlegare.

Foto: Ole Kaland / NRK

Gjekk breitt ut på intranettet

– Vi gjekk ut breitt på intranettet og spurde om nokon var friske. Vi fekk svar frå ein i kantina, og svar frå Yousef, så då var valet enkelt, seier programleiar Bård Tufte Johansen.

Han synest det var veldig sporty av Yousef å stille opp på kort varsel.

– Vi gler oss for han er ein morosam, smart og blid fyr! understrekar Johansen.

Prosjektleiar Kooyman er einig.

– Vi gler oss over å få moglegheita til å leke med Yousef, som har stått på lista vår over «bra folk» sidan han var gjest hos oss, seier Kooyman.

Han er heller ikkje overraska at dei nok ein gong må hanke inn ein vikar, då vikarbehova følgjer deira kalkuleringar for vikarbehov.

– Vi reknar med at vi når ein vikarbehov-topp i løpet av dei nærmaste vekene og at vikarbehova deretter vil minke inn mot sommaren, avsluttar Kooyman.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.