Hopp til innhold

«Nytt på Nytt» ramma av karantene

Anne Holt og Jenny Skavlan steppar inn som vikarar denne fredagen som følgje av at Pernille Sørensen og Johan Golden er i karantene.

Anne Holt, Bård Tufte Johansen og Jenny Skavlan i forbindelse med Nytt på Nytt

VIKARAR: Anne Holt og Jenny Skavlan i redaksjonsmøte med Bård Tufte Johansen.

Foto: Kjetil Kooyman / NRK

Eg trur Bård kjem til å klare seg glimrande utan oss to, no kan han endeleg få lage draumeprogrammet sitt utan innblandinga vår i noko som helst, seier Pernille Sørensen.

Pernille Sørensen og Johan Golden er begge i karantene på grunn av koronasmitte i heimen.

Det betyr at dei ikkje er med i fredagens sending av «Nytt på Nytt».

Johan Golden understrekar at han i dag tok PCR-test. Den var negativ.

Eg kan ikkje seie anna enn at omikron må skjerpe seg. Den lever verkeleg ikkje opp til sitt rykte, utbryt han.

Johan Golden, Nytt på nytt

KARANTENE-BUNDEN: Johan Golden er i karantene og må stå over «Nytt på Nytt» på fredag.

Foto: NRK

– Målet er å få mora sjuk heilt til slutt

Dagens karantereglar er slik at den som bur med éin eller fleire personar som er smitta har karanteneplikt i ti døgn.

Når den eine sonen min får korona, så ventar den andre sonen min med å få det til den fyrste er ute av karantene. Her er det ikkje lov å få det samtidig. Her held vi det perfekt ved å få korona med nokre dagar mellomrom, seier Golden.

Han fortel med glimt i auge at han og familien følgjer FHI sitt råd til punkt og prikke.

Målet er å få mora sjuk heilt til slutt, slik at det blir totalt fem veker karantene, legg Golden til.

For berre to veker sidan var det programleiar Bård Tufte Johansen som måtte kaste inn handkleet etter å ha fått korona.

Selfie av komiker og programleiar Bård Tufte Johansen, som ligg i senga og ser med store auge inn i kamera.

SJUK: Programleiar Bård Tufte Johansen var koronasjuk for to veker sidan.

Foto: Bård Tufte Johansen

Anne Holt: – Livredd

Ifølgje prosjektleiar Kjetil Kooyman er dei vande med å måtte endre på ting i siste liten.

Det kan skje ganske brått, og vi prøver å sjå på det som ei moglegheit til å prøve noko gøy, fortel han.

I denne omgangen er det forfattaren Anne Holt og influensaren og programleiaren Jenny Skavlan som skal flankere Bård denne fredagen.

Eg er svært glad viss eg i det heile tatt overlever dette. Da kan de sende meg til grensa mot Ukraina, seier Holt og refererer til Ukraina-konflikten.

Eg er livredd og litt utanfor meg sjølv. Og eg fekk så kort varsel at det må vere 499 som har takka nei før meg. Inkludert David Toska, legg ho til.

Nytt på nytt Program 5, høst 2021 Stemningsbilde NRK TV

FRÅ GJEST TIL PANELDELTAKAR: Anne Holt har vore gjest på Nytt på Nytt før. Her frå 2021.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

Spår 2022

Bård Tufte Johansen ser ljost på det å få nye «side-kicks».

Pandemien har gjort det unormale normalt, sist det var ei vanleg veke var vel i 2019. Her er det berre å kaste seg ut i det, seier programleiaren.

Med ein god dose humor fortel han kva han trur resten av året vil bringe:

Kjenner eg 2022 rett kjem Pernille og Johan tilbake neste veke, og blir smitta med Omikron i veke 6.

Kulturstrøm

  • Bruce Springsteen til Norge

    Bruce Springsteen kommer til Norge i 2023. Springsteen og The E Street Band skal spille på Voldsløkka i Oslo 30.juni.

    – Etter seks år ser jeg fram til å treffe våre fantastiske og lojale fans neste år. Og jeg ser fram til å igjen dele scenen med det legendariske E Street Band. Vi ses der ute neste år, og i fortsettelsen, skriver «The Boss» på nettsiden sin.

    Bruce Springsteen
    Foto: Greg Allen / AP
  • Skatteetaten tar pant i Kygos gigantvilla og saksøker artisten for 15 millioner kroner

    Det melder Dagens Næringsliv.

    Skatteetaten krever 15 millioner for en ubetalt skatteregning i millionklassen. Skatteetaten mener at Kyrre Gørvell-Dahll ikke har betalt inn det han skylder i skatt og har tatt pant i eneboligen hans, skriver avisen.

    – Det skyldes en misforståelse og forglemmelse fra vår side. Vår advokat har vært i kontakt med Skatteetaten og vi håper å få ordnet dette så snart som mulig, sier Gørvell-Dahlls stefar og talsperson Jan Magnus Bjordal til Dagens Næringsliv.

    Kygo
    Foto: Tom Øverlie