Hopp til innhold

Her blir Tix avslørt som DJ Astronaut

Fjorårets Eurovision-bidrag Tix kasta maska før semifinalen i kveld. Det er første personen vi veit som er bak maskene til Noregs bidrag i Eurovision.

Etter at denne artikkelen blei publisert, har det blitt spekulert i om avsløringa av Andreas Haukland, bedre kjent som TIX, var eit regissert stunt. Haukland har blant anna bekrefta til Dagbladet at han sjølv sat i salen under den første semifinalen kor Subwoolfer opptredde. Haukland har takka nei til å la seg intervjue av NRK Nyheter, og NRK sine pressekontakter har ikkje svart på NRK Nyheters førespurnadar om det verkeleg er Haukland som er DJ astronauten.

– Heilt sjukt!! Det såg eg aldri i verda for meg.

Det seier Morten Westgaard i Eurovision Norway etter han fekk vite identiteten til den gullkledde rom-DJen.

– Eg har ikkje fått tatt det inn heilt enno, sender han på tekstmelding frå Torino.

Eurovision + Tix = sant?

Det er nok mange som har vore nysgjerrige på kven som skjuler seg bak fasaden i Subwoolfer, men no veit vi altså at DJ Astronaut er Andreas Haukeland, best kjent som Tix.

Då artisten i fjor stod på scena for Noreg, sang han låta Fallen Angel.

Netherlands Eurovision Song Contest Grand Final

STÅR OPP ATT: Tix var kanskje ein Fallen Angel under fjorårets Eurovision Song Contest, men som DJ Astronaut er han tilbake igjen.

Foto: Peter Dejong / AP

Mange spekulasjonar

Det har i lang tid vore spekulert om kven som er bak maskene til Subwoolfer.

President i den norske «MGP»-klubben, Morten Thomassen, har tidlegare sagt til NRK at han meiner det har vore lurt av Subwoolfer å forbli anonyme.

– Dei har laga eit konsept som eg synest dei burde gjennomføre. Dette er ikkje «Maskorama» kor dei må ta av seg maskene.

Subwoolfer Italia

STJERNA: I bakgrunnen ser ein det som er Tix.

Foto: NATHAN REINDS / EBU

– Og om dei skulle vinne kan dei velge å gjere det til ein gimmick der dei riv av seg maskene.

Subwoolfer skal nest sist på scena i Torino i kveld.

Kanskje får vi vite meir då?

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska